Gå til artikkelen
Svein Nygård brukte fredagen til å køyra bos i finvêret.
Foto: MARIUS KNUTSEN

Nytta finvêret til boskøyring

Svein Nygård kunne gjerne hatt fleire tørre, fine vinterdagar.

Publisert 16.02.2017 kl. 22.30.

- Vêret no er kanonbra. Me plar jo helst ha vått vêr. Men det kunne gjerne vore litt varmare. Vinden gjer det surt og kaldt. Då må ein fyra i omnen eller vera i aktivitet for å halda varmen, smiler Svein Nygård.

 

Sunnhordland treff Nygård i full sving på miljøstasjonen på Heiane.

 

- I dag har eg hjelpt nokre venner å køyra litt bos, held han fram.

 

- Har du fått køyrt ein del i dag?

 

- Joda. Me kunne gjerne hatt fleire slike dagar. Det er uvant.

 

- Elles då?

 

- Elles går det berre bra. Det er ikkje noko spesielt det går i. Jobb og fritid, seier Nygård, som til dagleg jobbar hjå Foss Bad.