Gå til artikkelen
Gir seg i Advantec. Jan Kåre Pedersen har leia oppbygginga av Stord-verksemda Advantec si avdeling i Litauen. Til hausten er han tilbake på Stord og klar for nye utfordringar, men utan at han vil gå nærare inn på det.
Foto: JARLE KALDRÅSTØYL
Oppbygginga i Litauen i slutt­fasen

Pedersen gir seg i Advantec

Utbetring og utviding av bygnings­massen er i sluttfasen. Produksjonen er i godt gjenge. I dag gjer Jan Kåre Pedersen (59) det klart at han trer ut av verksemda han var med og starta.

Publisert 11.01.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 14.51.

- Nok er nok. Det er tid for å tenkja nytt. Dei tre siste åra har gått med til å byggja opp Advantec si verksemd her i Klaipeda i Litauen. Det har vore hektisk og krevjande. No vil eg ha meir tid heime på Stord. Eg har trass alt ni barnebarn. Eg har også ein båt eg gjerne skulle hatt meir tid til å nyta, seier 59-åringen.

 

Han er likevel ikkje heilt reiseklar.

 

- Nei, eg har bestemt meg for å gjera ferdig bygningsmassen. Det vert antyda april, men med min kjennskap til slike prosessar reknar eg med at me vil vera komne eit stykke ut i mai før alt er klart. Verksemda vil då har ferdigstilt rundt 7.000 rutemeter til produksjon og administrasjon. For min del er jobben likevel ikkje gjort før ut i august. Krava til dokumentasjon er nemleg enorme i dette landet, seier Pedersen.

 

Den dagen han reiser, gjer han det med godt samvit.

 

- Ja, eg ser at denne verksemda vil gå veldig bra utan min bistand. Heldigvis er ingen uerstattelege. I dag har me over 80 fast tilsette. I tillegg har me i sving over 20 leigearbeidarar. Det er snakk om dyktige folk som har vore gjennom ei stor omstilling, men som har lært imponerande fort, rosar bedriftsleiaren.

 

Denne avdelinga i Litauen produserer mellom anna tromlar og konteinarar til elektro- og hydrauliske kontrollsystem for oljebrønnar, som er Advantec sitt hovudprodukt.

 

I dag er verksemda heileigd av gigantiske GE Oil & Gas som er eit var verdas største industriselskap.

 

Hovudkontoret til Advantec er på Stord. Selskapet har auka frå 20 tilsette ved oppstarten i 2005 til 370 i 2015. Nedgang i oljeaktiviteten har ført til ein viss reduksjon i talet på tilsette i 2016.

 

Verksemda har kontor og verkstader i Stavanger, Ågotnes, Kristiansund og Hammerfest. I Litauen har dei produksjonslokale og salskontor i Brasil. Advantec har i tillegg dotterselskap i Aberdeen, Houston og Australia.

Hektisk aktivitet i produksjons­hallen. Etter at GE Oil&Gas tok over Advantec er konstruk­sjonane berre vorte større og større.
Foto: JARLE KALDRÅSTØYL

Ein brå start

Den tidlegare telemontøren, fagforeiningsleiaren og Bravida-sjefen fekk ein brå start på det som skulle bli eit lite industrieventyr i denne den einaste hamnebyen i Litauen. Det gjorde ikkje noko at dette baltiske landet med sine 2,8 millionar innbyggjarar ligg som nummer tre på lista over land med mest gunstigast løns- og avgiftsvilkår sett med arbeidsgjevar sine augo. Norge ligg på jumboplassen på den same lista.

 

- Akkurat det var ikkje noko poeng for oss i etableringsfasen. Men i den store samanhengen gjer det Advantec meir konkurransedyktig. På den måten bidreg det også til å sikra arbeidsplassar mellom anna på Stord. Viktigast for oss var tronga me hadde for desse produkta. For å sikra oss valde me å ha hand om denne produksjonen sjølve, seier Pedersen.

 

Han fekk det fort travelt.

 

- Idet det tikka inn melding om eit konkursbu til sals i Litauen, vart det å handla raskt. Som nytt i 2008 hadde det hatt ein prislapp på 40-50 millionar. Før anbodsrunden var prisantydninga sett til 22 mill. Etter ein mildt sagt utradisjonell bodrunde fekk me tilslaget på 3,8 millionar. Ein rimeleg nedsliten bygning stod på 30 dekar stor tomt. Me fekk opsjon til kjøp av 30 nye dekar, fortel Pedersen.

 

Han stod føre ein krevjande prosess der han skulle få bruk røynsler henta både frå fagforeiningsarbeid og toppsjefstillinga i Bravida.

Meir kontorplass. Kapasiteten både i verkstad­hallen og admini­strasjon skal utvidast. Før Jan Kåre Pedersen reiser frå Litauen til hausten vil verksemda totalt ha 7.000 rutemeter under tak.
Foto: JARLE KALDRÅSTØYL

Møte med ein ny kultur

Første møtet med litauisk arbeidskraft vart også møte med ein ny og litt røff kultur. Arbeidsfolk kunne gå hardt til verks for å pressa opp lønene. Fleire hadde opplevd at tidlegare arbeidsgjevarar hadde teke lettare på offentlege utgifter for å kunna innfri lønskrav.

 

- Dei som hadde håpa på ei slik løysing i denne verksemda gjekk fem på, seier Simona Chaidarova.

 

Ho har arbeidstittel Human Resource Manager og har vore mellom Pedersen sine støttespelar sidan starten.

 

- Språket vart naturlegvis ei barriere for Jan Kåre då han kom. Det vart mi oppgåve å oversetja til litauisk tordentalane han heldt for å tolma pågåande arbeidarar. Me rei stormane av utan at eg heilt fekk vidareformidla kraftuttalane frå sjefen, smiler Simona.

 

- Den første tida måtte eg vera til stades konstant for å halda ro og sikra at ting vart gjort forskriftsmessig. Ved eit høve gjekk eg så langt at eg om morgonen møtte opp i produksjonshallen før arbeidarane kom og skrudde på lyset. Dette for å visa at eg var der. Det kunne også bli ampert. I bustaden min hadde eg ei ordning som gjorde at vakter ville dukka opp i løpet av 40 sekund dersom det skulle vera trong for det, fortel Pedersen.

 

I dag er situasjonen ein heilt annan.

 

- Ja, heldigvis. No har folk jobba seg inn gode rutinar. Litauarane er dyktige folk. Dei lærer fort. Dei overgår oss nordmenn når det gjeld gjestfridom. Eg er vorte glad i dei, fastslår Pedersen.

Arturas og Daiva kan bli nøkkel­personar for Advantec i avdeling i Litauen. Her har dei teke plass på sjefskontoret.
Foto: JARLE KALDRÅSTØYL

Leiar og manager

Daiva Bake og Arturas Vysniaskas er begge i leiargruppa. Dei likar ikkje tanken på at nordmannen i sjefsstolen ein dag reiser for godt.

 

- Me håpar det vert ei god stund til, seier Daiva. - Han er både ein leiar og ein manager. Jan Kåre har klare mål som han styrer stødig mot. Han legg større vekt på lagarbeid enn det me har vore vane med tidlegare. Mellom anna var me vane med at det fekk uheldige konsekvensar for dei som gjorde ein feil. Her me jobbar no har me lov å gjera feil, men feila vert drøfta for å ta lærdom av dei. Det er framsteg, seier Daiva.

 

Arturas har sjølve produksjonsstarten friskt i minne.

 

- Alt var nytt for oss. Ingen av oss hadde jobba i oljerelatert næring tidlegare. Då me fekk første jobben berre ryggja me. Me var usikre og visste ikkje korleis me skulle gripa ting an. Men då stod Jan Kåre hardt på og gav støtte. Han fekk oss i gang. Me tok steg for steg. Det gjekk bra. Det kjem stadig utfordringar, men no me føler bra kontroll, seier Arturas.

 

Skal dei henta fram svake sider ved sin avtroppande sjef kjem stikkorda engelsk og pc.

 

- Han sleit frykteleg med å snakka engelsk då han kom. Det var ikkje alltid like enkelt å forstå han. PC-en var også upløgd mark for han. Men ting har gått seg til. Absolutt, seier Daiva.

Ikkje den mest avskrekkande vakthunden, men kvar gong sjefen sin svarte Audi A8 svingar inn porten, er han på plass. Då vankar det klapp og sjokoladebit. Den vesle hunden følgde med på lasset då Advantec tok over og har sitt eige hus ved vaktbua.
Foto: JARLE KALDRÅSTØYL

- Ein formidabel jobb

- Jan Kåre har så avgjort utført ein formidabel jobb, fastslår leiar Magnar Aaland i Advantec.

 

- Han kom til eit nytt land. Han var ukjent med både språket og kulturen i Litauen. I løpet av tre år har han likevel klart å byggja opp ei verksemd med over 80 tilsette. Veldig bra, seier Aaland som no vil sjå til at overgangen til nytt leiarskap i litauiske hamnebyen vert så glidande og smertefri som råd.

Ferdige produkt. Tromlar som går inn som del av kontrollsystemet Advantec leverer. Desse er på rundt 30 tonn. Det kan også vera snakk om rundt 100 tonn.
Foto: JARLE KALDRÅSTØYL