Gå til artikkelen
Lovise Kjøpstad Rimmereide (12) frå Stord har fått rolla som Krølle i Peter Pan. Stykket har premiere 26. januar på Festiviteten i Haugesund.
Foto: ANITA HAUGLAND

Over 4.000 har sikra seg billett

Lovise Kjøpstad Rimmereide (12) frå Stord kan venta seg mange publikummarar når ho er på scenen.

Publisert 11.01.2017 kl. 18.00.

Det er seld over 4.000 billettar tre veker før premieren til «Peter Pan», skriv Haugesunds Avis.

 

26. januar er det premiere på Festiviteten i Haugesund. Teatersjef Erik Schøyen er svært glad for at så mange allereie har kjøpt billett. Teateret har lagt opp til heile 18 framsyningar.

 

- Eg trur nok det låg ein del teaterbillettar under juletrea i år. Me ser jo på det som ei lita tillitserklæring, at familiar legg opp til å gå i teater saman no tidleg i 2017. Vinteren er ei grei tid for slike innandørstilbod. Ei lita pause etter alt som skjedde rundt jul, og så er folk klare for nye opplevingar, seier teatersjefen til h-avis.no.

 

Lovise Kjøpstad Rimmereide (12) frå Stord har fått rolla som Krølle i Peter Pan.

 

- Så langt har det vore veldig gøy å vera med. På ein måte er det bra at eg er den einaste frå Stord, for då har eg blitt nøydd til å bli kjend med dei andre. Eg har møtt mange kjekke folk, har 12-åringen tidlegare uttat til Sunnhordland.