Gå til artikkelen
På toppen av Kilimanjaro, Uhuru Peak - 5895 m.o.h. Målet er nådd, til stor glede for reisefølgjet. (f.v. bak: Ulrick (hovudguide), Bjørn Nilsen og Saway (guide) Framme f.v. Dismas (Guide), Anita Myhre, Karin Holmelid, Adrine Heum (15 år), Atle Heum. Fremst: Augustin (guide)

På Afrikas tak for tredje gong

Bjørn Nilsen tok med seg reisefølgje til Kilimanjaro. Igjen.

På turen er det mykje variert klima. Her er følgjet på veg gjennom regnskogen.

I 2012 fylte Bjørn Nilsen 60 år. Etter å ha drøymt om å gå opp Kilimanjaro i mange, mange år, bestemte han seg for at no måtte det skje. Før han vart for gammal.

 

Spente på korleis dei ville takla høgda og turen, reiste han og kona Elin Ravnskog, forventingsfulle til Tanzania for fire år sidan. Dei takla både høgda og turen godt, og meir skulle ikkje til før Nilsen var biten av basillen.

 

Etter dette har det blitt turar til fjelltoppar i Europa, Sør-Amerika, Afrika og Asia.

 

Steppelandskapet på veg mot Kibo, der toppunktet Kilimanjaro ligg.

Reiseleiar

I 2015 arrangerte Sunnhordland lesartur til Kilimanjaro, og Nilsen vart med som reiseleiar, med stor suksess.

 

- Etter lesarturen fekk eg så mange førespurnader frå folk som var interesserte, og bestemte meg for å arrangera ny tur i samarbeid med Høyfjellspesialisten i Bergen. Følgjet var på fire stordabuar og to bergensarar. Vel framme skulle dei treffe ein gjeng frå Tønsberg. 28. juni reiste dei til Tanzania, for å nå Kilimanjaro: det høgste punktet i Afrika.

 

Med faste guidar og tilsette i Tanzania, har Høyfjellspesialisten fått mange kjende her og dei reisande blir gjerne invitert heim til folk på lunsj. Slik får dei også oppleve meir av levesettet og kulturen i landsbyen.

 

- Det er ikkje slum og fattigdom, sjølv om det er eit ganske annleis levesett enn me er vane med, forklarar Nilsen.

 

Fjerde dag på veg opp mot siste kvilepunkt, før nattetappen opp til toppen.

Turen startar

På 1800 meters høgd startar turen opp til den sovande vulkanen. Her er inngangsporten til ruta, og ein går gjennom ein høg og spiss trekantformasjon kalla "gata" eller inngangsporten.

 

For kvart døger er det 1000 meters stigning. Meir enn dette toler ikkje kroppen, og det er viktig å gje seg tid til å akklimatisera. Å la kroppen tilpassa seg klimaet og høgda.

 

Om ein ikkje føl alle instruksar om å få i seg nok mat og vatn, er det nemleg ikkje sikkert ein kjem seg til toppen.

 

- Når du går der oppe har du berre ein jobb: å drikka og pissa, fortel Nilsen.

 

Oppe ved kraterkanten er siste punkt, Gilman's point, 200m lågare enn topp-punktet Uhuru Peak. Alle i reisefølgjet vart med hit, og nokre valde å ikkje gå dei siste 1,5 timane til det absolutte høgpunktet på 5895 meter over havet. F.v.: Ulrick (hovudguide), Karin Holmelid, Anita Stord, Trine Ellefsen, Tove D. Lunde, Bjørn Nilsen, Andrine Heum (15år), Atle Heum og Monica Andreassen frå Høyfjellspesialisten.

Vakre landskap

På veg opp, går dei gjennom fleire ulike klimasoner. Frå landsbyen går ein inn i regnskogen, der det er svært fuktig. Apekattar slenger seg i trea, men elles er det få dyr og ingenting farleg som lurar i trea.

 

Ute av jungelen opnar landskapet seg heilt, og ein går inn i steppelandskapet med berre buskar som vegetasjon.

 

- Her såg me òg dei største dyra på turen: nokre kyr som hadde forvilla seg inn i nasjonalparken, ler Nilsen. Lengre oppe startar månelandskapet.

 

- Alt er heilt bart, fortel Nilsen.

 

Ifølgje lokale historier var vulkanen sist aktiv for 150 år sidan, og dei ser framleis tydelege spor i naturen. Bakken er sand og det ligg raude og svarte steinar overalt.

 

Her er alle samla ved Horombo Hut (3720m), siste dag, klar for å gå ned frå fjellet. F.v.; Atle Heum, Adrine Heum (15), Anita Myhre, Trine Ellefsen, Karin Holmelid, Bjørn Nilsen og Monica Andreassen frå Høyfjellspesialisten. Framme: Tove D. Lunde og Elin Ravnskog.

Toppstøyten

Etter fire dagar med 1000-meters stigningar i døgeret, kjem dei til siste hyttepunkt før toppen. Når dei kjem fram, har dei nokre timar til å eta, slappa av og kanskje sova litt om ein greier det. Det gjeld å vera klar når ein skal byrja på toppstøyten.

 

Klokka tolv på natta startar turen opp. I bekmørket går dei oppover fjellet på grusstien, og hovudlykta er alt dei har av lys når dei går. Sakte, sakte. No gjeld det å ikkje overanstrenga seg, men ta det med ro for å ikkje mista pusten. Stien er langt over skylaget, men om natta forsvinn skyene og ein kan sjå ned til landsbyane. Bitte små lys blinkar frå husa og bygdene, mange tusen meter nede.

 

Etter over seks timar kjem dei opp til kanten rundt krateret, Gilman's point. No er natta blitt morgon, og soloppgangen brer om seg med vakre fargar over skylaget.

 

- Då er det berre fargar, overalt, fortel Nilsen.

 

Frå dette punktet er det 1,5 timar igjen for å komma opp dei ekstra 200 metrane til toppen. I det dei kjem høgare opp, endrar landskapet seg igjen. Her er det mest som å komma til norsk natur igjen, med isbre og stein.

 

Dei går langs kraterkanten som skrånar oppover, heilt til dei når toppunktet: Uhuru Peak, 5895 meter over havet.

 

Lått og tårer

Rundt klokka åtte er dei på toppen. Etter så mykje arbeid, er det ein lette å endeleg ha nådd målet. Ein kan sjå at reisefølgjet er bevega, og både lått og tårer kjem fram.

 

- Det er ei heilt fantastisk kjensle å stå på taket av Afrika og sjå utover, seier Nilsen.

 

Etter turen fortel han at det er fleire som ser ut til å ha blitt bitne av basillen, og som gjerne kan tenkja seg å reisa vidare på toppturar. Nilsen sjølv, seier han gjerne reiser igjen til både Kilimanjaro og andre toppar.

 

- Men det held med ein i året! avsluttar han med eit smil.