Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Pizzakongen spelar på mange strenger

Svein Olav Eriksen (55) har tusen jern i elden. Men instrumenta i stova får stå i fred. Diverre.

Fakta

Namn: Svein Olav Eriksen
Alder: 55
Yrke: Sjølvstendig næringsdrivande/fastfoodkonge
Bustad: Knarrevegen, Stord
Sivil status: Sambuar, eitt barn, fire bonusbarn og 11 barnebarn
Aktuell: Burger King opna denne veka.

- Eg fekk ein kassegitar til jul av sambuaren for ein del år tilbake, og hadde planar om å læra meg å spela. Men eg klarte det aldri. Irriterande det der, altså, humrar 55-åringen.

 

Heime i stova, i barndomsheimen i Knarrevegen, finn me både kassegitarar, ein seksstrengars banjo, to ukulelar og ein bassgitar.

 

- Eg hadde eit orgel, òg. Men det har eg lempa ut.

 

Og:

 

- Det er ei mare, veit du. Kvar gong eg går inn i ein musikkbutikk så let eg meg freista til å kjøpa eit instrument. Éin gong kom eg ut med eit trekkspel, men det har sonen min fått. Instrumenta i stova heng mest berre til pynt.

Fem kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy?
Sambuaren Alice. Og nokre gitarar, slik at eg får tid til å øva litt.
Har du ein uvane du vil bli kvitt?
Kanskje burde eg brukt litt mindre tid på jobben.
Favorittrett?
Fårikål.
Favorittplass?
Heime på Bjelland.
Kva gjer du om ti år?
Då sit Alice og eg og kosar oss på terrassen i Spania.

- Eg har gått på masse kurs, og greier. Eg har følgt kursopplegget til punkt og prikke, til inga nytte. Eg har til og med fått tips og vink frå Roald Kaldestad, utan hjelp. Grunnen er nok at eg ikkje har fått tid til å øva nok, seier Eriksen sjølvransakande.

 

Kanskje ikkje så rart. Mannen har ikkje fritidsproblem. Torsdag opna Burger King på Amfi Stord. Svigerinna skal driva restauranten, men det er selskapet som Svein Olav eig i lag med brørne Jens (49) og Trond (48) som står bak. Frå før driv dei også Pizzabakeren, Mix-kiosk og kebab-bar under same tak i Sæ.

 

- Den siste tida har det blitt lange dagar, gjerne frå klokka seks om morgonen til åtte-ni på kvelden. Det er mykje som skal på plass. Men me gler oss, og har tru på Burger King-konseptet, seier Eriksen.

 

Unge stordabuar kjenner truleg Svein Olav Eriksen for nettopp Pizzabakeren. Dei med litt fleire år på innerlomma identifiserer han med Bjelland Videosenter, som såg dagens lys i 1985.

- Dette var eit familieprosjekt, mellom foreldra våre, dei to brørne mine - og meg. Me var jo industriarbeidarar alle mann, og gjorde alt sjølv i alle år. Far min Trygve dreiv butikken, medan me tre brør bidrog på kveldar og i helger etter beste evne, og slepte oss på jobb på Verftet klokka 07.00, forklarar Svein Olav.

 

Han fortel ei historie om då familien var på biltur til Sverige nokre år i førevegen, og dei to yngre brørne hans hadde spart pengar, og ville kjøpa seg ein videospelar - ein såkalla Betamax.

 

- Far min var klar og tydeleg på at han aldri skulle ha noko slikt i sitt hus. Men berre få år seinare så var han videokongen på Stord, seier Svein Olav og ler.

 

Videoeventyret starta i det små, ved at Eriksen-gjengen kjøpte opp eit filmlager frå Trygve Dahl, rundt 150 titlar og eit par tunge VHS-beist av nokre maskinar. Dei etablerte seg på nabotomta heime i Knarrevegen, i eit hus som tilhøyrde Svein Olav si bestemor, Jenny Vedøy.

 

- Under krigen så tok tyskarane dette huset, og brukte det til kaserne. Då krigen var over så drog tyskarane frå alt, både kuler, krut og hjelmar. Det blir sagt at halve Bjelland på spøk sprang rundt med tyskarhjelmar etter krigen. I hjelmane skal det blant anna ha stått namnet på soldatane som eigde dei.

 

- Kvar er alle desse tinga no, då?

 

- Tja, halvparten er vel over alle haugar, og resten hamna på søppeldungen. Det var ingen som tenkte at dette var noko å samla på den gongen.

 

Om Svein Olav Eriksen sitt liv hadde vore ein videofilm, så ville det ha vore ei saling blanding av komedie, romantikk, drama, action - og tragedie. Bjelland-karen er utdanna lastebilmekanikar, og jobba i mange år i HSD. Han starta i smørjegrava, men fann etter kvart vegen over til karosseri- og lakkeringsavdelinga.

 

- Eg har lakkert hundrevis av bussar, og jamvel laga fleire av fargemønstera som HSD brukte på bussane sine. Han slutta i selskapet i 1984, og fann vegen til Aker Stord, som det heitte den gongen - i ei prosjektstilling på Gullfaks A. Deretter hoppa han over til VVS Stord, og seinare Stord Offshore.

 

Eriksen var ungkar og spelemann, og kjend for å jobba hardt. I 1999 var han formann for 20-30 mann i 12/9-laget på Kjøtteinen. Men sjølv tok han aldri fri.

 

- Eg var alltid på jobb, jobba gjerne både 12 og 14 timar til dagen. Blei eg spurt om overtid, så var det aldri noko alternativ å svara nei, seier Svein Olav.

 

Han flyttar litt på seg i sofaen, og dreg på smilebandet. Me anar at no kjem det eit gullkorn.

 

- Eg måtte ha ei ekstra stålplate i postkassen, slik at ho skulle klara å halda på lønsslippen, fleipar Eriksen.

 

Og ler så heile kroppen ristar.

 

Men så var det stopp.

 

Bråstopp.

 

Han hadde køyrt seg sjølv for hardt.

 

Etter ein frukostpause gjekk han rett i dørken. Han låg på golvet og rista, og det skumma ut av munnen hans. I hui og hast blei den røslege karen «kasta» i land med ei krane, og frakta til sjukehus.

Foto: MARIUS KNUTSEN

- Det vart snakka om epilepsi. Eg var sjukmeldt i eitt år, og mista jamvel lappen like lenge. Men kva som skjedde den gongen veit eg ikkje heilt. Eg har aldri hatt liknande problem, verken før eller etterpå.

 

Men aldri så gale, at det ikkje er godt for noko. Det var i sjukemeldingsperioden han fann kjærleiken, i barndommens nabojente, Alice.

 

- På den tida eg var sjukmeldt budde eg i Dalen, og Alice kom alltid oppom meg og drakk kaffi, etter at ho hadde levert barnebarnet sitt i barnehagen i Sævarhagen, seier Svein Olav og smiler.

 

Alice er eitt år eldre enn han, og vaks opp i Hagebyen, berre eit steinkast frå Knarrevegen.

 

- Kjende de ikkje kvarandre i oppveksten?

 

- Eg såg henne jo, springande opp og ned i vegen her. Men me kjende ikkje kvarandre særleg godt, nei.

 

Vendepunktet kom då lagnaden ville ha det til at Alice og Svein Olav var forlovarar i det same bryllaupet i 2000.

 

- Det var ei fantastisk helg, minnast Svein Olav.

 

- Og då sa det pang?

 

- He-he. Det gjorde vel kanskje det.

Alice hadde fire born, som i dag er vaksne, då ho blei saman med Svein Olav. I tillegg har dei ein 13 år gammal son saman, som også heiter Svein Olav, som far sin.

 

På veggene i stova heng familiebileta tett.

 

- Me har 11 barnebarn, så me er litt av ein gjeng, seier han stolt.

 

På veggen i stova heng også tre motiv, signert teiknekunstnar Lars Slettebø, som til saman illustrerer ei lita teikneserie.

 

- Ja, den ja, seier Svein Olav og ler.

 

Han dreg historia om då han og kompisen Alf Rune Riise var ein tur på galeien, på slutten av 90-talet. Etter ein fuktig fredag la dei planar om å halda fram på laurdagen, og Svein Olav blei sendt til Spar Haga for å kjøpa forsyningar. På den siste teikninga i serien ser me dei to karane sitja og drikka øl, og seia til kvarandre: «Det skjer jo ingenting!».

 

- Eg hadde kjøpt lettøl, veit du. Og då skjer det jo ikkje så mykje, ler Svein Olav.

 

Difor gjekk turen raskt til Frugård for å få opp dampen. Der sat også nemnde Slettebø, som vart så inspirert av historia at han fann fram blyantane sine.

 

1. januar 2001 byrja Svein Olav i full jobb i Bjelland Videosenter. Far hans, Trygve, styrte på Bjelland, medan Svein Olav leia avdelinga i Sæ på Leirvik. I 5-6 år hadde dei også ein filial på Hystad. Videosenteret hadde fleire tusen registrerte kundar, 8.000 titlar i hyllene og butikken gjekk så det susa.

 

- Geir Nysæther, rett borti Marihaugen her, var kunde nummer 1, minnast Svein Olav.

Men eit par år ut i det nye tusenåret skjedde det ei utvikling. VHS var gått over til DVD, og no hadde det nye formatet, Blu-ray, med mykje betre biletkvalitet, byrja å gjera seg gjeldande.

 

- Me bestemte oss for berre å gjera Blu-ray-filmane tilgjengelege på Bjelland. Men det gjekk jo ikkje i lengda, veit du. Folk blei sinte når dei kom til Leirvik å skulle leiga film, og måtte vidare til Bjelland for å få Blu-ray.

 

Difor var det kroken på døra for Bjelland-filialen då 2003 vart fasa ut.

 

Men det var ikkje det verste som skjedde det året. To månader tidlegare døydde Trygve, berre 61 år gammal.

 

- Foreldra mine var i leilegheita sin, i Torrevieja i Spania, då pappa fekk hjerneslag. Livet stod ikkje til å redda.

 

Brått sat Svein Olav og brørne med heile butikken. Læringskurven var bratt.

 

- Du veit, pappa lét ingen rota på kontoret hans. Han tviheldt alltid på sine saker, og lærte ikkje så mykje bort. Så det blei ei bratt læringskurve då han døydde, vedgår Svein Olav.

 

Svein Olav bestemte seg for å læra seg alt sjølv.

 

- Du fekk jo brått personalansvar for mykje folk. Heldigvis hadde eg erfaring frå tida som formann på Verftet. Det var til stor hjelp, trur han.

 

Bjelland Videosenter hadde god trøkk på filmfronten heilt fram til 2010, då strøymetenesta Netflix nærast blei gjort til allemannseige, gjennom å bli gjort tilgjengeleg av Apple. Då fall botnen ut av utleigemarknaden, og Eriksen innsåg at han måtte omstilla seg. Løysinga vart fastfood. Med denne vekas Burger King-etablering lønar Eriksen over 40 tilsette, og butikken går med overskot.

 

- Er du glad i fastfood sjølv?

 

- Ja, veldig. Frå den dagen me opna Pizzabakeren så slutta eg å ta med meg niste på jobb. Men no har sambuaren sett ned foten. Eg får ikkje lov til å eta meir enn éin stor pizza til dagen, seier 55-åringen.

 

- Er det sunt med så mykje pizza, då?

 

- Litt pondus har eg jo. Men så lenge eg slepp å skru underbuksa på meg så klagar eg ikkje.