Gå til artikkelen
Amfiteateret Colosseum i Roma er eitt av dei mest kjente byggverka i verda. Ferdig i år 80 e.Kr. er det også kjent for å ha husa kampar mellom dyr og menneske, og gladiatorkampar.
Panorama: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Reisebrev frå Italia

Omnsbakt pizza. Spagetti og pasta bolognese. Og eit langstrekt land som ser ut som ein fot som sparkar fotball. Dette har alltid vore det første som dukka opp i hovudet mitt når eg tenkjer på Italia. Heilt til no.

Pantheon i Roma, «Alle gudars tempel», er eit imponerande stort og 1.900 år gammalt tempel frå den romerske keisartida. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Etter ei veke med enorme sanseinntrykk og ei rik oppleving av historie og kultur i Roma og Toscana. Med herlege menneske i reisefølgjet, mykje god mat og spanande destinasjonar i horisonten, sit eg att med eit fascinerande bilete.

 

Varmen er det aller første som møter oss då me landar i Roma laurdag kveld. På lik linje med heime, er det også vår i Italia i desse dagar. Men i april er temperaturane ved Middelhavet meir å samanlikna med sommartemperaturar her heime. Me opplevde 23 grader i gatene i Roma på dagtid, og ein temperatur om kvelden mellom 14 og 19 grader.

 

Med andre ord veldig behageleg i forhold til sommartemperaturane store delar av Italia opplever i dei varmaste sommarmånadane, som fort stig opp mot mellom 30 og 40 grader dess lenger sør ein kjem. Mars og april er difor ein fin månad å vitja landet. Og som ein bonus er turismen også på lågare nivå på denne årstida.

 

Ein annan ting ein bit seg merke i er frukosten, som liknar meir på ein dessert-buffet, etter norsk standard. Her går det i croissantar, kaker og lyst loffbrød. Søte espressoar, og masse frukt. Sukker er visstnok populært for italienarar om morgonen. Og frukosten er kjapp og nett. Traktekaffi eksisterer ikkje. Men dersom ein vil ha noko som liknar, be om kafé americano (utvatna espresso). Den er knallgod, og smakar elles nesten det same.

Engelsborga like ved Vatikanet i Roma er eit prektig syn i kjernen av Roma. Her skal erkeengelen Mikael ein gong ha vist seg over borga ifølgje ei historie. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Den italienske trafikken

I Italia lever bil- og motorsykkeltrafikken nesten sitt eige liv. Fotgjengarfelt betyr ikkje at ein er trygg når ein skal over vegen. Sjølv om enkelte stader har trafikklys, kan det vera direkte livsfarleg å gå over vegen utan å sjå seg for. For til ulikskap frå her heime, der bilistar flest stoppar berre du står i nærleiken av eit fotgjengarfelt, opplevest det her som om bilane har førsterett, og at fotgjengarane er til deira nåde. Bilane susar forbi.

 

Les også: Her er heile reisefølgjet på lesarturen

 

Også i tronge små gater, som for lengst har vorten einvegskøyrde, eller gjort om til gågater hos sine norske motpartar. Bilane skal fram. Men likevel. Det ser faktisk ut til å fungera! Det tek berre litt tid å venja seg til. Og ein må vera bestemt i alle bevegelsar ein gjer. Nøl aldri som fotgjengar, midt i trafikkbiletet i Italia.

 

Alt er så gammalt i Italia. Dei fleste husa er laga i murstein eller steinblokkar. Og spesielt i Roma ser ein eldgamle hus og massive bygg overalt. Mange av dei fleire hundre år gamle. Nokre til og med tusenvis av år. Og dei eldste er dekt i statuar, forseggjorde dekorasjonar, våpenskjold og behagelege akvarellfargar. Å gå gjennom Borggata heime i Leirvik blir reine «barneskirennet» i forhold, kva gjeld alderen på det ein ser. Roma skal ha vorte stifta om lag 700 år før Kristus. Og den dag i dag finn ein store og gamle borgar og slott, festningar og murar.

 

Fleire av dei over 2.000 år gamle, og står enno. Bygningar som folk bur i er bevarte i tradisjonelle formar og fargar. Moderne hus såg eg nesten ikkje noko til i byane. Men i utkanten byrja dei å dukka opp mellom dei gamle travarane, i form av fleirmannsboligar, og moderne mursteinsbustader.

Denne vesle hunden har artig nok plassert akkurat på grenseovergangen. Med baken i Italia (Roma) og med snuten i Vatikanstaten. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Turistmagnetar

På lesartur er det kanskje ikkje overraskande dei klassiske turistmagnetane me besøkjer først. Med start i sentrum av Roma, gjekk me kjapt gjennom byen sine torg og gater, for å komma fram til den enorme Petersplassen, og Peterskyrkja. Der me såg paven tala på storskjerm søndagen. Verdas minste land, Vatikanstaten, ligg midt i Roma, og attpåtil er Peterskyrkja også verdas største kyrkje. Ho kan i grunnen ikkje forklarast med ord, anna enn at ho er stor, og at ho må opplevast. Ferdig.

 

2.700 år gamle Forum Romanum i same by, og det snart 2.000 år gamle Colosseum. Begge naturlegvis stinn i turistar, sjølv i april. Køane ved Colosseum var enorme, så me gjekk ikkje inn. Men det var likevel storslått å sjå den enorme arenaen frå utsida, og vita at gladiatorane gjekk inn her for å slåst for sine liv, for mangfaldige hundre av år sidan.

 

Etter eit par dagar i storbyen og hovudstaden Roma, køyrde bussen oss vidare til Toscana, der gruppa fekk oppleva koselege landsbyar og mellom anna fekk vera med på vinsmaking på to forskjellige vingardar. Her sit ein seg ned i rolege omgjevnader, midt ute på landet med god utsikt utover det flotte grøne landskapet, og får servert litt lettare mat, og får smaka på den lokalproduserte vinen. Med høve til handel, naturlegvis. Ein fekk også ein lettare innføring i vin og vinsmaking, og ein liten omvising av produksjonen på staden. For gruppa som heilskap var vinsmakinga ein vinnar, på begge vingardane. Rett og slett veldig spennande, veldig godt, og ikkje minst veldig avslappande, etter mykje spasering tidlegare dagar.

Den toskanske byen Siena er kjend for hestekappløpet «Palio» som vert halde to gonger kvar sommar på dette torget Piazza del Campo. Panorama: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Populær lesartur

Maten i Italia er eit eige kapittel for seg sjølv. Under turen fekk me servert lunsjar og middagar beståande av alt ifrå forrettar med tomat på olivenolje-danderte brødskiver til lammekjøt og stekte poteter, og himmelsk lasagne, med parmesanost som duftar over til det andre bordet. Og ikkje minst ein utruleg god pizza. Mjuk botn, med sprø kantar. Og ost som heng igjen i dei andre, medan stykka nærmar seg målet.

 

Prisen på maten er mykje likt som heime, særleg grunna svak kronekurs for tida. Men i storbyen som i Roma var det også veldig dyrt enkelte stader. I Toscana derimot, fann ein fort lokale stader litt utanom kjernen av landsbyane, der dei lokale et mat, til rimelegare prisar. Sjølv kjøpte eg ein medium Margarita pizza på restaurant, med brus, til om lag 60 kroner.

 

Lesarturar som dette er ein flott måte å få seg eit førsteinntrykk av Italia på. Der ein har som mål å oppleva dei mest kjente attraksjonane, medan ein har det sosialt og er i elles godt lag undervegs. Det er alltid nokon ein speler på lag med. Ein får smaka på mykje god mat. Og samlar i det heile teke på inntrykk på ein slik måte, at ein ved ein seinare Italia-tur åleine eller i ei mindre gruppe, lettare kan plukka seg ut dei måla ein vil bruka litt ekstra tid på.

 

For var det noko eg sakna, var det å oppleva Italia i eit rolegare tempo, over litt lengre tid. Ei veke er for kort, og det skeive tårnet i Pisa og Colosseum var så fullt i folk og gateseljarar, at det kanskje kunne vore ein ide å reisa her i februar eller mars, tenkjer eg.

 

Heile 30 personar var med på Sunnhordland sin lesartur til Italia i år, som varte frå laurdag 9. april til laurdag 16. april. Og på mellomlandinga i Oslo fekk me også møta den andre delen av reisefølgjet på vel 25 personar. Desse frå ulike stader i Norge. Totalt var me 57 personar som reiste til Italia i år.

 

LES OGSÅ: 

 

 

Pilegrimar på pilegrimsferd inn i den mektige Peterskyrkja, verdas største kyrkje. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Overalt i Roma ser ein store og små fontener. Fleire av dei kan det også drikkast frå. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Ei fargerik og flott italiensk firfisle varmar kroppen sin på dei solfylte trappeflisene utanfor ein vingard i Toscana. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Lekker italiensk mat på vingarden Montalto i San Miniato. Med olivensmørte brød, leverpaté-smurte skiver, og ferske grønsaker. Servert med produsenten sin eigen vin. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN