Gå til artikkelen
Det var stor folkefest i Ngabu då sendelaget frå Norge kom for å opna den nye SOS-barnebyen. Her er Anna Birgitte Bore fotografert saman med nokre av deltakarane. 45 prosent av befolkninga i landet er under 15 år, og ein stor prosent av desse er smitta av HIV.
Foto:

Reiste til Afrika for å opna ny barneby

13. august opna SOS-barnebyar ein ny barneby i det afrikanske landet Malawi. Med på opninga var Anna Birgitte Bore og dottera Tomine frå Stord.

Tomine Bore Bjølgerud (15) saman med nokre lokale jenter som ho fekk god kontakt med.
Foto: Anna Birgitte Bore

- Malawi er eit flott land, med smilande menneske som tok imot oss med glede og varme. Men det er også eitt av verdas fattigaste land og folk lever i stor naud og fattigdom, seier Anna Birgitte Bore. Me møter henne på kontoret hennar i Fronta sitt administrasjonsbygg på Heiane.

 

Kontrastane er store frå rikdommen og velstanden her i Norge og til den fattigdommen ein møter i Malawi, men likevel, seier Bore, verka dei me møtte der kanskje lukkelegare enn oss.

 

- For sjølv om me lever i eitt av dei rikaste landa, høyrer me visst ikkje til blant dei lukkelegaste menneska, slår ho fast.

 

Lukke er ein ting, mat på bordet, skulegang, helsestell og omsorg for born og unge, noko anna - og her skortar det stort i dette landet med 17 millionar innbyggjarar, der nesten halvparten er under 15 år. Hungersnaud og tropiske sjukdommar gjer sitt til at venta levealder ikkje er meir enn 55 år, men HIV og Aids er den sjukdomen som drep borna sine foreldre. 1,3 millionar born er foreldrelause. 59 prosent av dei mista foreldra i Aids. At 11 prosent av dei unge mellom 15 og 19 år er Hiv-smitta, gjer ikkje stoda betre. Barneekteskap er nemleg særs vanleg i dette landet i det sørlege Afrika.

 

Barnebyen Anna Birgitte og Tomine fekk vera med å opna ligg i den vesle byen Ngabu, heilt sør i Malawi og ikkje langt frå reisa til Mosambik. Barnebyen er sett saman av 15 familiehus med kapasitet til 120 born, barnehage for 90 barn og grunnskule for 320 barn.

 

- Dei borna som bur i barnebyen er utan foreldre eller god omsorg, men barnebyen hjelper også andre born i området. At ungane får gå på skule er heilt avgjerande for framtida til dette landet. For å komma seg ut av fattigdommen treng ein fleire med høgare utdanning, seier Anna Birgitte Bore, som reiste til Malawi som medlem i Rebekkalogen og Odd Fellow.

Tomine Bore Bjølgerud (15) var med mora til Afrika. Det vart ei oppleving for livet. Her slår ho av ein prat med to skulegutar på SOS-barnebyar sin skule i Ngabu.
Foto: Anne Birgitte Bore

Betalte sjølv

- Eg var ikkje utsending, Tomine og eg reiste av eiga interesse og finansierte turen sjølv, fortel Bore som er tidlegare «overmester» i Rebekka Logen Mira på Stord og som har vore med og samla inn pengar til barnebyen i Ngabu.

 

- Norske Odd Fellow gjennomførte ein stor innsamlingsaksjon frå 2011 til 2013 og fekk inn 25 millionar kroner. Også her på Stord hadde me stands og samla inn både pengar og rekrutterte fadrar til SOS-barnebyar. Det er pengar frå denne aksjonen som er brukte i Ngabu. Det er den andre barnebyen me i Odd Fellow er med og finansierer, den første ligg i El Salvador, forte Anne Birgitte Bore som er ein av elleve rådsmedlemmer i Norsk Odd Fellow Akademi, som arbeider med utvikla organisasjonen og ta i vare Odd Fellow sin historie og tradisjon.

Alle born i Malawi har rett til skulegang. Mange lyt likevel vera heime og hjelpa til, eller gå ut i arbeid. Særleg er det jentene som vert haldne vekke frå skulegang. Her er frå skulen på SOS-barnebyen i Ngabu.
Foto: Anna Birgitte Bore

Safari og krokodillar

Å bidra til å byggja barnebyar meiner ho er heilt i Odd Fellow-ordenen sitt opphavlege føremål, der det å hjelpa sjuke og trengande er heilt grunnleggjande.

 

Barnebyen ho var med å opna er den fjerde SOS-barnebyen i Malawi.

 

Mor og dotter frå Stord fekk oppleva meir enn barnebyopning dei åtte dagane dei var i Malawi. Halve turen gjekk med til spennande safari og overnatting i leir der svære krokodillar låg og solte seg like nedanfor hotellrommet. Dei var også i den finansielle hovudstaden i Malawi, Blantyre. Anna Birgitte Bore var også på seminar om Malawi med m.a. den norske ambassadøren til landet.

 

- Heile reisa gjorde sterkt inntrykk som sit att i meg framleis. Sjølv om det var mykje fattigdom og naud, var det også mykje flott å sjå og oppleva. Eg reiser gjerne tilbake, seier Anna Birgitte Bore.

SOS-barnebyen i Ngabu har både skule og barnehage. Dette biletet er frå barnehagen.
Foto: Anna Birgitte Bore

Barnebyen i Ngabu består av 15 familiehus med kapasitet for 120 born, barnehage for 90 born og grunnskule for 320 barn. Ein delegasjon på 83 personar frå SOS Barnebyar i Norge og Odd Fellow var til stades under opninga. Der fekk dei m.a. oppleva tradisjonell dans.
Foto: Anna Birgitte Bore

Opninga av barnebyen vart markert med dans og folkefest.
Foto: Anna Birgitte Bore

Malawi

Malawi ligg ved Malawi sjøen der Dr. Livingstone i si tid held til.


Landet var tidlegare ein britisk koloni.


Hovudnæringsveg er landbruk. Mais er viktigaste matvara.


Tobakk viktigaste eksportvara.


Landet har 17 millionar innbyggjarar.


72 prosent av desse lever i ekstrem fattigdom (under 1.90 USD om dagen)


Forventa levealder er 55 år.


Malawi har ein av dei høgaste hiv/aids-ratane i verda.


1,3 million barn er foreldrelause, 59 % av dei på grunn av aids.


Mindre enn 1 prosent av foreldrelause borna går på skule.


 


Kjelder: UNDP, Unicef, Wikipedia.