Gå til artikkelen
Hakkebakksekogen rakk å bli godt besøkt i 2016, sjølv om filmen først hadde premiere i romjula.
Foto/Copyright: SF Studios / Qvisten Animasjon

Rekordår for kinoen

Publisert 10.01.2017 kl. 18.00.

2016 blei eit rekordår for Husnes kino, med over 15.000 gjester. Det er ein auke på 7,5 prosent frå 2015, skriv Kvinnheringen.

 

Den meste populære av filmane som blei vist i fjor, var «Snekker Andersen og julenissen», som hadde eit besøkstal på 1.164. Også Istid 5: På kollisjonskurs» slo godt an, med 1.033 besøkjande. Deretter følgjer «Børning 2», «Dyrene i Hakkebakkeskogen» og «Kongens nei» på topplista.

 

- Det ser nesten ut som ein ny trend, at me føretrekk norske filmar framfor amerikanske. Norsk film er blitt betre dei siste åra, og det verkar som filmskaparane har funne ein tråd i kva folk likar, seier kinosjef Terje Fonneland til Kvinnheringen.

 

Les også:  Stordabuen strøymer til for å sjå Klatremus

Les også: