Gå til artikkelen
Kari Hjertaker Hope held fingeren på ballen, og spring så fort ho kan «rundt seg sjølv». Aron Syrevik og instruktør Erlend Grov er spente tilskodarar.

Så gjer me så når me går rundt ein fotball ...

- Eg såg liksom to mål, og visste ikkje heilt kva for eitt eg skulle skyta på.

Kari prøver å finna balansen, og siktar på målet - som er mellom dei to kvite kjeglene.

- Det var kjempegøy. Men eg blei så utruleg svimmel, at då eg skulle skyta såg eg dobbelt. To mål, to ballar. Og det var to av deg, òg. Det var difor ballen rulla litt utanfor, seier Kari Hjertaker Hope - førsteklassing på Leirvik skule.

BANG! Skotet går, men ballen trillar bitte litt til sida får målet. - Eg såg jo dobbelt, ler Kari.

Rundt deg sjølv

Denne veka er ho på fotballskule på kunstgrasbanen på Langeland. Sunnhordland tok turen og utfordra henne i svimmelfotball. Det takka ho ikkje nei til.

 

Svimmelfotball går kort og enkelt ut på at du held peikefingeren fast på ballen, og spring så fort du kan ti gonger «rundt deg sjølv». Så skal du skyta ballen i mål.

 

- Eg og vil, seier Aron Syrevik.

 

Og han fekk sjølvsagt sjansen.

 

- Yes, seier Aron, når han plasserer ballen mellom kjeglene.

 

Han skal byrja i førsteklasse på Langeland skule til hausten, og elskar å spela fotball.

 

- Eg blei ikkje svimmel i det heile, hevdar han.

 

- Hmmm, då har du ikkje gått fort nok rundt ballen, prøver me oss med.

 

- Joooooooo! kontrar han.

- Strålande jobba, Kari. Give me five! seier Erlend Grov, før Aron gjer seg klar. ALLE FOTO: KJETIL ØSTREM

Kosar seg

Kari og Aron fortel at dei kosar seg på fotballskulen i skuleferien.

 

- Kven vinn då?

 

- Me, seier Aron.

 

- Stemmer dette, Kari?

 

- Ja, det stemmer nok.

 

- Kvifor er det sånn, då?

 

- Me taper, for me jenter er ikkje så flinke til å stå i mål, meiner ho.

 

- Veit du kva, Kari?

 

- Nei?

 

- Eg synest jenter er kjempeflinke i mål.

 

- Tusen takk.

Aron Syrevik og Kari Hjertholm Hope stortrivst på Stord sin fotballskule denne veka. FOTO: KJETIL ØSTREM