Gå til artikkelen
Her ynskjer Geir Martin Økland å etablera Stord Kristne Skule. Først må det ferdigforhandlast, før det gamle hagesenteret skal rivast. Foto: KRISTINE BRANDSDAL BARANE

Satsar på kristenskule i det gamle hagesenteret

Geir Martin Økland er i forhandlingar med tomteigar Fronta.

Publisert 08.07.2016 kl. 06.00. Oppdatert kl. 12.00.

No hastar det med å få på plass investorar dersom Geir Martin Økland og resten av gruppa skal få i gang drifta av Stord Kristne Skule. Då Kunnskapsdepartementet i fjor vinter gav grønt lyst, fekk dei frist til hausten 2017.

 

Debatt: Kristen friskule på Stord

 

Økland har enno ikkje pengar på plass - og ser etter investorar som òg ser verdien av ein ny kristenskule.

 

- Me ser ikkje etter vanlege investorar, me ser etter folk som ser verdien i ein kristenskule. Det er jo ikkje så mykje utbytte å henta i eit slikt prosjekt, seier Økland.

Geir Martin Økland, styreleiar i Stord Kristne Skule As. Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Forhandlinsstopp grunna ferie

Dei har brukt mykje tid på å finna tomt, og har difor ikkje prioritert jakta på investorar.

 

- Det viktigaste var i første omgang å finna ei tomt. Me har difor ikkje gått så tungt ut med investorar. Me har landa på gamle hagesenteret på Heiane, men framleis gjenstår det ein reguleringsplan, held han fram.

 

Magne Jostein Mikkelson i Fronta seier til Sunnhordland at prisforslag ikkje har komme på bordet enno.

 

- Det er ikkje heilt klart enno. Me er framleis i forhandlingar, men no er det ein liten stopp grunna ferie.

Har teke kontakt

Geir Martin Økland fortel at skulen vil ha plass til maks 150 elevar.

 

- Me har ikkje jobba så hardt med å få på plass tilsette enno, men me har fått telefonar frå lærarar frå andre plassar i Norge, seier Økland.

 

Han fortel at det óg er lærarar frå distriktet som har vist interesse.

Bibelsenter melde interesse

På informasjonsmøtet 13. juni fekk dei besøk av Olav Solid frå Nordhordland Kristne Grunnskule.

 

- Det var eit godt møte, kor dei fortalde om sine gode erfaringar.