Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Seier aldri nei til å hjelpa

Hans Christian Junge fekk Stord kommune sin seniorpris for 2016. Noko alle meiner var på sin plass.

Fakta

Namn: Hans Christian Junge
Alder: 78
Yrke: Pensjonist, utdanna maskinist
Bustad: Båtstøa, Bjelland.
Aktuell: Blei tildelt Stord sin seniorpris 2016

 

Fem kjappe:

Kva tek du med deg til ei aude øy?
- Det må bli kona det.

Har du ein uvane du vil bli kvitt?
- Eg lettar litt på historiene, eg legg kan henda litt på. Overdriv litt, når eg fortel.

Kva er favorittmaten din?
- Den svartsvidde pølsa eg og Kjell Åsheim et annankvar torsdag, og fisk. Eg er veldig glad i fisk.

Har du ei perle i Sunnhordland?
- Heile Stordøya, men mest Bjelland.


Kva gjer du om ti år?

- Eg kokar vel framleis kaffi til dei eldre på tur.

- Ja, det har ringt i eitt sidan det blei kjent, svarar Hans Christian Junge ei av dei som kjem for å gratulera han med prisen og meiner at det var vel fortent.

 

Me sit ved eit kafebord i Borggata. Han sit med ein kaffikopp og det beste han veit, napoleonskake, og må stadig ta imot helsingar frå folk som vinkar eller ropar, eller kjem for å gratulera han i handa.

 

Eit ja-menneske vert han omtalt som i grunngjevinga for prisen som vart delt ut på markeringa av eldredagen i Stord kulturhus.

 

- Eg er vel det. Når nokon spør om hjelp eller ein teneste, så svarar eg ja. Ja, eg tilbyr stundom å hjelpa før eg vert spurd, svarar Junge.

 

- Det er sosialt, eg får preika og komma i saman med folk.

 

- Er du like flink til å hjelpa til heime?

 

- Det hender vel at eg får høyra at eg gjer mindre heime enn andre stader, ja, svarar ja-mannen som fekk prisen både for det frivillige arbeidet i Hagerupshuset og som eldsjel bak Stord Fitjar turlag, seniorgruppa i turlaget og Aktiv til 100.

Foto: MARIUS KNUTSEN

- Eg søkte på namnet ditt i det nye nettarkivet til Sunnhordland før me kom hit. Første gongen eg finn deg nemnd var i september 1963, i spalta Gard og grend. Du gifta deg i Genova med ... .

 

- ... Astrid Margrethe Økland. Det stemmer det. Me gifta oss to gongar same dagen, både på konsulatet og sjømannskyrkja.

 

- Huskar du kva båten heitte?

 

- «Farsea». Me var i kol-farten mellom Philadelphia og Savona.

 

- Du står oppført som 1. maskinist?

 

- Ja, eg var sjømann i nokre få år, før eg byrja her ute, på Kjøtteinen.

 

- Og då var det slutt på maskinist-karrieren?

 

- Nei, eg jobba meg oppover frå maskinarbeidar på «Maskin ute» til superviser.

 

- Ja, kompisen min, Theis Theisten, og eg var i maskinen. Han var alltid sjef for prøvekøyringane, så hadde han meg då til å springa som ein jojo, seier Hans Christian Junge og ler godt.

Foto: MARIUS KNUTSEN

- Nei, me hadde eit veldig godt samarbeid. Me jobba i lag i 30 år.

 

- Gav du deg når oljetida kom?

 

- Nei då, eg var med på plattformene òg.

 

- Men i arkivet vårt fann eg at du dreiv med reinseri tidleg på syttitalet?

 

- Ja, det gjorde eg ved sida av i to-tre år. Men eg måtte gje meg, det tok altfor mykje tid. Heile helgane gjekk med til å reinsa klede, fortel Junge.

 

- Seinare på syttitalet er det som oftast som seglar du er nemnd i arkivet vårt, med seglbåten «Tabita»?

 

- «Tabita», ja, eg likte det namnet. Det var ein Granada 27 som eg kjøpte frå Danmark. Han var stor den gongen, no hadde han vore reine jollen. Eg segla i 5-6 år, før eg gav meg. Det var ikkje heilt blink, eg trivst best i fjell og skog, seier han.

 

- Kva er det du likar så godt med det?

 

- Det er så fint. Du er så fri. Du kan gjera nett kva du vil. Me er masse gode venner som går i lag og fortel kvar andre historier, drikk kaffi og kosar oss, seier mannen som saman med Jarle Hevrøy starta seniorgruppa i turlaget i 2009 og framleis som oftast er med når det vert skipa til seniorturar to gongar i månaden.

 

- Det viktigaste er at folk kjem seg ut i frisk luft, seier han, om dei går langt eller fort er ikkje så viktig, men at dei kjem seg ut. Han meiner at fleire eldre må slå følgje i seniorgruppa.

 

- Du treng ikkje byrja med dei hardaste turane. Meld deg heller på ein dei lette. Det gjer eg òg no.

 

Nokre av dei som ikkje lenger kan gå så langt, men vil ut i skogen i godt lag, deltek på «Aktiv til 100». Kvar torsdag i partalsveker går dei til gapahuken i Skjephaugen, og der står Hans Christian Junge og Kjell Åsheim klar med nykokt kaffi.

Hans Christian Junge. Fredagsprat. Bilete teke ved gapahuken i Skjephaugen. Foto: MARIUS KNUTSEN

- Me er der klokka ni, Marie og Kjell Åsheim, Jonas Eldøy og eg, for å setja på kaffivatnet, og før dei andre kjem steiker me oss ei stor pølse på bålet. Ingenting er så godt som ei svartsvidd pølse, steikt på bål, seier Junge som har gått det meste av Stord på kryss og tvers, som kjenner kvar ein sti og skogsveg og kvar ein aurebekk, men som likar seg vel så godt i ein av dei lange dalane opp mot Folgefonna i Kvinnherad.

 

Og dreg han ikkje på tur her omkring, reiser han gjerne i vesterveg. Han har vore på alle øyane i det gamle norrøne vikingriket, Orknøyane, Shetland, Hebridane, Man.

 

- No står berre Dublin og Irland att.

 

Flest turar har han vore til Island. Dit reiser han tilbake kva tid som helst.

 

- Eg har vore der fire gongar. Naturen der er heilt fantastisk, desse utrulege fjella og store viddene. Det her heilt eineståande. Sist køyrde me heile vegen rundt øya, det var utruleg flott, og me hadde blå himmel og solskin nesten heile tida.

 

Han lagar til islandsturane saman med Karvel Strømme på Fitjar. Strømme si morsslekt kjem frå Sagaøya.

 

- Karvel Strømme legg opp turane, og eg skaffar folk. Han er fantastisk å reisa saman med. Han kan så mykje om Island og er så god å fortelja at eg har ikkje møtt betre forteljar på heile Island, skryt Junge, som ein av turane hadde med seg vennene i Leirvik Mannskor. For han går ikkje berre på tur, han er ein av dei mest aktive i drifta av Hagerupshuset og han har hatt sine faste plass på korkrakkane til Leirvik Mannskor i 34 år.

- Det var Eyvind Hystad som lokka meg med. Eg hadde aldri sunge før.

 

- Er det songen eller det sosiale du likar best med koret?

 

- Å få komma meg ut og syngja! Eg er ikkje med på ein korfest, viss det ikkje vert sunge. Det er musikken me er der for, men sjølvsagt er det sosiale også viktig. Me har det veldig kjekt i mannskoret.

 

Han bur ved sjøen i Båtstøvegen, ikkje så langt frå der han vaks opp på Bjelland. Jungesvingen har fått namn etter slekta hans. Det var der faren slo seg ned, då han kom frå Averøya på Nordmøre for å jobba for Theodor Onarheim på sildoljefabrikken på Kjøtteinståa. Og der vart han fødd fire år før andre verdskrigen braut laus og tyskarane ein dag banka på døra.

 

- Eg huskar det godt at det kom inn tyske soldatar på kjøkenet til mor og sa at me måtte flytta. Først budde me i bedehuset på Bjelland, sidan på Sæbø gard ei stund, før me dei siste krigsåra budde i eit lite hus i Sævarhagen. Alle på Bjelland måtte gje husa sine til tyskarane. Me fekk ta med oss alt me eigde av møblar og ting, men ikkje golvbelegget av ein eller annan grunn. Likevel gjekk far min tilbake om kvelden og henta golvbelegget, han rulla det saman og bar det på aksla. Korleis han greidde det veit eg ikkje, minnest Hans Christian Junge, som i vaksen alder har vore svært oppteken av dei mange krigsminna på Bjelland.

 

- Heile Bjelland var ein stor festning. Det er ikkje så mange som veit det no, men det er framleis bunkersar overalt og merke etter skyttargraver. Den store brakka dei sette opp står jo der framleis, der var det kantine og kontor. Utanfor huset vårt var det sett opp ein svær lyskastar som kunne lysa heilt til festningen på Tittelsnes, fortel Junge som har teke folk med seg omvising til dei gamle krigsminna, og har merka at dei unge ikkje kjenner til det og mange gamle har gløymt.

 

- Min gode venn, Jan Sørheim, og eg hadde planar om å få laga ein skikkeleg modell over festningsområdet på Bjelland, me hadde og planar om å setja i stand ein toetasjes bunkers som framleis står der, men etter at han døydde har eg ikkje fått gjort noko meir med det. Eg har samla ei mengd papir og dokumentasjon og meiner at det burde vore gjort meir for å gjera denne delen av historia vår synleg, seier Junge som har teke fleire enn turlagsmedlemer med på omvising i bunkersane på Bjelland.

 

- Du veit at i ungdommen lokka me jentene med oss ned i bunkersane, seier han.

 

- Det var ikkje fint gjort.

 

- Å, dei var ikkje så vanskelege å lokka, seier Hans Christian Junge og ler.