Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Ser tilbake på eit fint liv

Lars K. Vik hadde omtrent ikkje teke ein tablett før han fekk hjarte­infarkt for to år sidan. Sidan den tid har han teke livet meir med ro.

Fakta

Namn: Lars K. Vik
Alder: 84
Yrke: Pensjonist
Bustad: Vik i Fitjar
Sivil status: Gift, tre barn, sju barnebarn og to oldebarn.
Aktuell: Vinnar av frivilligprisen i Fitjar.

Fem kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy?
Kona, heilt klart.
Har du ein uvane du vil bli kvitt?
Eg sovnar framfor fjernsynet når det er sportssendingar. Ikkje fordi eg ikkje interesserer meg, men fordi stolen er så god og at eg slappar godt av.
Kva er favoritt-retten din?
Eg er altetande, men fårefrikassé er favoritten.
Har du ei perle i Sunnhordland?
Vik i Fitjar, på ein vårdag.
Kva gjer du om ti år?
Åhh, då er eg 94 år. Vent å sjå, får eg seia då.

- Eg vakna midt på natta av at eg var sveitt og kjende smerte nedover i armen og oppover nakken. Eg forstod med ein gong kva det var, og bad kona ringja ambulansen, fortel Lars K. Vik.

 

ME MØTER HAN i stova heime på staden som har same etternamn som sjølv. På ein fin vårdag med tusenvis av blomstrande påskeliljer i hagen, er det dette som er perla for han. I det vesle, kvite nabohuset vaks han opp med foreldre og fem søsken. Dei var fire brør og to søstrer. Han skildrar heimen som både gladkristen og triveleg. Sjølv om huset var trongt, hadde dei plass til emissærane under verdskrigen. Sjølv sov Lars på ein slagbenk som han delte med den eine bror sin. Ein i kvar ende.

 

- Far min var ekspert på å fortelja gode historier, og var alltid i godt humør, fortel 84-åringen.

 

K'en i mellomnamnet har han teke etter han. Knut, som han heitte.

 

- Eg er berre døypt Lars Vik, men på folkemunne har eg gått som Lars K. Vik. Me måtte gjera det slik, elles måtte me hatt postmøte kvar dag.

Ei stund var det nemleg fire stykke som heitte Lars Vik og som budde i Vik i Fitjar.

 

HAN HAR SKRIVE over hundre songar, han har vore med i Fitjarkvartetten, seinare Fitjarbrørne, og han har vore søndagsskulelærar i over 30 år. Engasjementet stoppar likevel ikkje der. I løpet av sitt 84 år lange liv har han teke 62 idrettsmerke, og han er framleis leiar av Sunnhordlandsmusikken og Fitjar musikkforeining. No har han gjort seg fortent til Fitjar frivilligsentral sin frivilligpris for 2016.

 

- Det er jo stas, og svært overraskande, seier prisvinnaren sjølv.

 

Plaketten får han tildelt under middag med ordføraren den 5. desember.

 

- Kva har det frivillige arbeidet betydd for deg opp gjennom åra?

 

- Det har vore hobbyane mine dette. Eg har alltid interessert meg for musikk og slikt, seier 84-åringen.

 

I oppveksten fanst det både trekkspel, mandolin, fele, basun, trommer, trompet, piano og gitar i heimen. Sjølv beherska Lars dei tre sistnemnde instrumenta.

 

- Trekkspelet, eller einradaren som det var, fekk me av ein nabo etter at eg og bror min redda den eine sauen hans. Det vil seia, det var eg og Jakob som redda sauen, medan Harald fekk instrumentet. Det var nå kanskje det greiaste, for det var han som hadde størst talent, fortel Lars.

 

HAN SÅG LYSET, på ein måte, i 1965. Sjølv om han alltid hadde sett på seg sjølv som kristen, så kom han til eit slags vendepunkt dette året.

 

- Ein arbeidskamerat hadde god innverknad på meg, og eg bestemte meg difor for å bli meir aktiv i det kristne miljøet, fortel Lars.

 

I dag les han Bibelen kvar einaste dag, og går jamleg på bedehuset i Fitjar. Trua har gjeve han ro og tryggleik i livet, fortel han.

 

DEI FLESTE av songane han har skrive er også prega av den kristne trua. Me må tilbake til 1957 for å snakka om det første plateinnspelinga han var med på.

 

- Det var med Fitjarkvartetten. Me reiste over til Oslo og fekk komma i studioet til Arne Bendiksen, fortel musikanten.

Kvartetten bestod av Lars, broren Geir, Rasmus Fitjar og Rasmus Rydland.

 

- Eg trur me selde rundt 1.000 eksemplar den første veka. Det var ikkje så verst for å vera kristen musikk, og eg kan hugsa at plateselskapet var svært godt nøgde.

 

Han fortel at Fitjarkvartetten turnerte rundt nærmast i heile landet, før samarbeidet tok ein brå slutt i 1987.

 

- Eg kan hugsa me song i kyrkja på Leirvik. Rasmus Rydland, som var ein fantastisk vokalist, viste fram foten sin. Den var heilt blå, og han blei difor lagt inn på sjukehus, fortel Lars.

 

Det såg først ut til at han skulle bli frisk, men så døydde han brått i ein alder av 49 år. Årsaka var blodpropp.

 

- Det kom som eit sjokk, fortel Lars.

 

Foto: MARIUS KNUTSEN

Seinare starta dei tre medlemmene opp på ny, men då under namnet Fitjarbrørne, og etter kvart med Kjell Haukefær, Trygve Eiken og Johnny Aase på laget.

 

DET ER IKKJE berre innan musikk, revy og idrett at Lars har vore aktiv. Du kjenner kanskje stemma hans frå Radio Fitjar eller pennen hans frå spalta Skråblikk frå Skåtet i Fitjarposten.

 

- Eg og bror min, Jakob, byta på å skriva spalta som stod på trykk då Fitjarposten kom ut som papiravis.

 

Her gjorde dei plass til artige historier frå kvardagen, som seinare blei samla og utgjeven i bokform. Ho kom ut i fjor.

 

- Ei av historiene handlar om eg og bror min då me var små, som skulle passa dyra på garden då foreldra våre venta besøk. Bror min hadde ansvar for kyrne og sauene, medan eg skulle stella grisen, fortel Lars.

 

Etter kvart merka han at grisen ikkje var heilt i slag.

 

- Han ville ikkje eta, mimrar 84-åringen.

 

Foto: MARIUS KNUTSEN

Det viste seg at Lars hadde mata grisen med sagflis, fordi mjølsekken og sagflissekken stod i eit mørkt rom der det var vanskeleg å sjå kva som var kva.

 

- Då far min oppdaga dette, så klødde han seg i hovudet og sa: Me kan visst ikkje slakta denne grisen til jul, me får saga han til ved i staden.

 

FRAM TIL FOR to år sidan, var Lars ein sprek og aktiv kar, som hadde prestert å ta 62 idrettsmerke. På 60-talet sprang han det som truleg er den raskaste tida på 60-meteren i sunnhordlandshistoria så langt, då han passerte målstreken på 6,9 sekund.

 

- Eg har gått utruleg fint gjennom livet, og eg hadde omtrent ikkje teke ein einaste tablett før eg var 82 år. Men det året fekk eg hjarteinfarkt, og måtte difor ta det meir med ro.

 

Helsa er framleis ikkje på topp, så kva som skjer om ti år er det vanskeleg for han og svara på.

 

- Eg får seia som ein eg kjenner. Vent og sjå.