Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Siktar mot stjernene

Ho har store ambisjonar, og vil mykje. Men for Julie Salmo kokar det eigentleg berre ned til å gripa dei sjansane ein får.

Fakta

Namn: Julie Salmo
Alder: 18 år
Bur: Sandnes
Jobb: Kokkelærling
Familie: Mamma Trine Austreim, pappa Rune Salmo, søster Maren Salmo og bror Håvard Salmo.
Aktuell med: Vann kokke-OL i haust

Fem kjappe:

Favorittmaten din?
Pavlova.
Perle i Sunnhordland?
Sæbø gard.
Kva tar du med til ei aude øy?
Ei god bok.
Ein uvane du vil bli kvitt?
Oi, det var vanskeleg. Eg er vel altfor dårleg til å seia nei.
Kva gjer du om ti år?
Då har eg det veldig bra. Eg trur eg driv med noko veldig spennande innanfor entreprenørskap og matlaging. Ein kombinasjon av det.

- Det handlar mest om å våga å gripa mogelegheita når ho byr seg, seier Julie Salmo.

 

Me møter henne i kantina på Fitjar vidaregåande, der ho sjølv var elev fram til i sommar. No heng det avisutklipp av henne på veggene, og både lærarar og elevar stimar til for å helsa på og gratulera. I løpet av dei få månadane som har gått sidan sommaren, har ho alt rukke å blitt ei slags stjerne i kokkeverda - ikkje minst på grunn av gullmedaljen ho tok saman med kokkelandslaget tidlegare i haust.

 

At ho fekk ein plass på landslaget, var nesten tilfeldig, om me skal tru den energiske 18-åringen frå Stord.

 

- Me var på klassetur til Gastronomisk Institutt i Stavanger, der me var på kurs med ein kokk som heiter Pavel Pavlov. Han byrja så smått å snakka om landslaget, sidan eg viste stor interesse for dessertar. Men eg tenkte ikkje noko meir over det. Dette var på ein tysdag, og laurdag ringde han og spurde om eg hadde tenkt noko meir på landslaget. Då hadde det opna seg ein plass, og manageren lurte på om eg var interessert, seier Salmo.

 

Den første tanken som slo henne, var spørsmålet om kva dei ville ho skulle gjera der. Svaret var at dei trengde ein commis - ein slags hjelpekokk - som kunne jobba med sjokolade. Tre veker seinare møtte ho på første landslagssamling.

- Då var det eigentleg berre å setja seg ned og gjera noko eg aldri hadde gjort før, og berre prøva å bli så flink som mogeleg på det. Heldigvis lærte eg det fort. Elles hadde eg ikkje fått fortsetja, fortel Salmo.

 

Læreplassen var alt sikra, då ho blei tatt opp på landslaget, hjå tidlegare Bocuse d'Or-vinnar Charles Tjessem i Stavanger. Med dei sterke konkurransetradisjonane frå Fitjar i sekken, der både Geir Skeie og Ørjan Johannessen har gått før henne, kjem me ikkje unna spørsmålet om den store kokkemeisterskapen lokkar der framme ein stad.

 

Svaret kjem først kontant, så litt nølande:

 

- Ja. Eller, det er liksom ... Eg synest det er for høgt å setja seg eit mål alt no. Sjå på landslaget, til dømes. Det visste eg jo ikkje eingong at var ein mogelegheit, men tenkte at det var noko ein kanskje kunne gjera når ein hadde litt erfaring. Men me får no sjå. Eg er eit ja-menneske, og tar dei moglegheitane som byr seg. Eg går litt der vinden drar meg.

 

- Dei som har vore med på dette før, fortel ofte at det er mykje dei må seia nei til for å få det til. Er du klar for det?

 

- Eg har jo alt gjort det. Eg ofrar veldig mykje for karrieren og for å kunna gjera det eg har lyst til. Sånn som no når eg har vore i OL, har eg jo ikkje hatt noko kontakt med familien eller venner heime. Eg må liksom vera i mi eiga boble. Dei kjenner gjerne at dei blir sett til sides, og ikkje er så viktige lenger. Då er det viktig, når eg først er heime, at eg tar meg tid til å pleia dei forholda eg har, seier Salmo.

Foto: MARIUS KNUTSEN

- Det er veldig spennande, men også veldig slitsamt. Men eg har lært vannvittig mykje. Den meistringskjensla ein får når ein får til ting ein eigentleg ikkje kan, det er veldig, veldig gøy. Det er det som gjer at eg vil fortsetja. Meistringskjensla ein opplever heile tida, fordi ein utviklar seg og lærer nye ting. Ein forstår liksom ikkje progresjonen før ein får det litt på avstand. Det er rart å tenkja på at for eitt år sidan sat eg her og visste ikkje at eg skulle bli lærling ein gong, seier Salmo.

 

Les også: Julie Salmo (18) frå Stord tok gull i kokke-OL

 

Då ho byrja på Fitjar vidaregåande, var det nemleg ikkje draumen om kokkekarriere som lokka. Først og fremst skulle ho bruka to rolege år på Fitjar til å slappa av, og til å læra seg å laga mat.

 

- Eg lir litt av det der «flink jente»-syndromet, og hadde som mål å roa ned litt. Så tenkte eg at det var mindre karakterpress og styr på Fitjar, og tenkte at to år på kokkelinja kunne vera ein enkel måte å ta vidaregåande, ler Salmo.

 

- Du kom frå Stord til Fitjar for å slappa av, og enda på landslaget. Planen din gjekk ikkje så bra?

 

- Nei, du kan vel seia at det eskalerte litt. Det har ein tendens til å gå skeis når eg skal ta det med ro. Desse to åra har eg sete i elevrådet, og har også delteke i eit internasjonalt prosjekt, der me har reist rundt i sju land og drive med entreprenørskap, seier Salmo.

 

- Slappar du nokon gong av?

 

- Nei. Eigentleg ikkje. Hehe. Eg er for rastlaus. Har litt makk i revo, som dei seier. Eg er svært dårleg til å slappa av, seier Salmo.

 

- Kor lenge kan det vara?

 

- Eg veit ikkje. Til eg går i bakken?

 

- Det er det som skjer med mange kokkar?

 

- Ja ja. Det er no sånn det er. Det er det som er særpreget til dette yrket. Ein er veldig undervurdert, underbetalt, det er veldig masse jobb og lite fritid, og dårlege arbeidstider. Men det er det som gjer det gøy, sant?

 

- Det er det som gjer det gøy?

 

- Ja, eigentleg. For det er så mykje meir enn det. Det blir eit lite miljø, som ein liten familie med dei ein jobbar saman med. Og ein får utvikla seg på ein heilt anna måte. Ein går ikkje på jobb for å gjera ein jobb, men for å utvikla seg sjølv. Ein går ikkje på jobb for å komma heim igjen, men kjem heim for å gå på jobb igjen, seier Salmo.

No bur 18-åringen i Sandnes, saman med ein kamerat. Når ho er ferdig med jobb, trening og øving til konkurransar, er det ikkje mykje tid til hobbyar. Det håpar ho å få gjort noko med.

 

- Eg har lyst å ta opp igjen fotballdømminga. Det har eg drive med sidan eg var 12 år, og er noko eg kan tenkja meg å gjera meir. Dømminga har vore ein veldig god måte læra seg å takla motgang, seier Salmo.

 

- Kva slags motgang?

 

- Ein får kritikk som ikkje er basert på fakta. Det er veldig mykje usakleg, og det kan vera vanskeleg når vaksne menn står og skrik til ei lita jenta, og seier at du er feig, seier Salmo.

 

- Er det ikkje litt det same den prestisjetunge kokkebransjen blir kritisert for?

 

- Neineinei. Yrket er i endring, nett som fotballen. Det er mindre og mindre av desse mennene som står og kjeftar, og sånn er det i kokkeyrket òg. Det har blitt ein respektabel arbeidsplass, der alle skal fungera like godt. Om ein skal gå rundt og vera redd sjefen sin, klarer ein ikkje å yta sitt beste. Ein må trivst for å gjera det bra. Men ein vil jo uansett møta motstand overalt, og må berre ikkje la seg bryta ned av det. Anten det er sjalusi, sinne eller berre pur faen. Det er noko ein vil møta uansett. Ein klarer ikkje å unngå det. Å ha dommarerfaringa hjelper meg å sjå forbi det, og gjer at eg ikkje lar meg påverka på same måte, seier Salmo.