Gå til artikkelen
Politiet har sperra av vogntoget inntil dei får svar på obduksjons­rapporten av den omkomne i traileren.
Foto: TIPSAR

Sjåfør funnen død

Politiet på Stord har sperra av eit vogntog på truckstoppen på Heiane etter at den utanlandske føraren blei funnen død.

Publisert 17.02.2017 kl. 12.15. Oppdatert kl. 12.36.

- Me fekk melding både frå tilfeldig forbipasserande og frå selskapet som vedkommande jobba hos, fortel Roald Raunholm, lensmann på Stord.

 

Han seier at meldinga kom til politiet klokka 18.33 på onsdag.

 

- Det skulle vera eit byte at sjåfør på vogntoget, men den nye føraren fekk ikkje kontakt med kollegaen sin, fortel Raunholm.

Pårørande varsla

Han legg til at føraren er ein rumensk mann i 40-åra.

 

- Kripos har varsla dei pårørande, seier Raunholm.

 

Han fortel at det ikkje er noko som tydar på at det har skjedd noko kriminelt.

 

- Me me har sendt vedkommande til obduksjon ved Gades institutt for å for å forsikra oss om det er tilfelle. Traileren er også sperra av inntil me har fått obduksjonsrapporten, seier Raunholm.