Gå til artikkelen

Skipsbyggjar og fjellvandrar

For sytti år sidan kom Leif Johan Nilsen til Stord for å byggja båtar. Båtbyggjar er han enno, men i noko mindre målestokk.

Fakta

Namn: Leif Johan Nilsen
Alder: 93
Yrke: Pensjonert skipsbyggjar
Bustad: Furulyvegen
Aktuell: Har bygd Osebergskipet

Fakta

 
 

Leif Nilsen er ferdig påkledd, og rullatoren står klar til avgang, då me kjem til Furulyvegen for å slå av ein fredagsprat. Han vil ha oss med på verkstaden i garasjen litt lenger nede i vegen.

 

- Det er der eg har han, på hobbyrommet, seier han og siktar til vikingskipet han nett har gjort ferdig.

 

Den gamle orienteringsløparen og fjellmannen er ikkje så rask til beins som han eingong var.

 

- På Haugesund sjukehus sa dei at det er Parkinson, men eg merkar ikkje så mykje til det utanom at eg har vondt for å gå, seier han.

 

- Eg skjelv ikkje på nevane, seier han då me sit i hobbyrommet i garasjen.

 

- Då kunne eg ikkje drive med dette.

 

Fire kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy?
- Det må bli Osebergskipet det.

Har du ein uvane du vil bli kvitt?
- Det har eg sikkert, men eg for gammal til å gjera noko med det no.

Kva mat likar du?
- Fårikål er godt.

Har du ei perle i Sunnhordland?
- Stordafjellet. Eg saknar å komma meg opp i fjellet.

Mellom oss står ein modell av Osebergskipet og vitnar om at han framleis er stø på handa. Det aller meste har han saga til og sett saman sjølv, frå spant til tofter og dekksbord. Berre rigg, segl og roret har han hatt hjelp til.

 

- Eg kunne fått kjøpt eit ferdig byggjesett på Vikingskipmuseet, men det var ikkje noko for meg, seier Nilsen.

 

Etter at bilen vart bytta ut med motorisert rullestol er garasjen bygd om til verkstad med det som trengst av teknologi og reiskap for ein treskjerar og motellbåtbyggjar. Her kan han saga tynne bord til skutesidene og forma spant og stamnar og gjera det alle meste av det som skal til for å byggja eit vikingskip på 72 cm, 30 gongar kortare enn originalen som er heile 21,6 meter long, og litt under fem meter brei.

 

Teikningane til «Osebergskipet» kjøpte han på Vikingskipmuseet på Bygdøy, men for at han skulle kunna bruka dei, måtte han både forminska dei og rekna om og teikna nye arbeidsteikningar og malar for kvart eit spant bortover. Alt er dokumentert med bilete, teikningar og anna i ein eigen Oseberg-perm. Den skal komma godt til nytte i eit par år framover.

 

- Eg tenkte eg skulle laga eitt vikingskip til kvar av sønene mine, seier han og viser materiale som ligg klar til neste prosjekt.

 

Sønene heiter Bjørn og Leif Trygve og har delt faren sine interesser mellom seg. Leif Trygve er for tida oppteken med å få MS «Sunnhordland» tilbake til Stord. Bjørn har dei seinare åra stått fram som den store tindebestigaren her på øya, saman med kona, Elin Ravnskog. Dei har snart vore til topps på det som finst av høge fjell rundt om i verda.

 

- Eg saknar å gå i fjellet, men Bjørn tok meg med opp til Heio no i helga. Eg gjekk frå parkeringsplassen og heilt opp til dit dei nye trappene startar. Det er blitt veldig fint der, og det var heilt rett å laga til den nye vegen bort til trappene, seier Nilsen, som har vore ein føregangsmann for turgåing på Stord.

 

Han var med og starta turgruppa i Stord turn og idrettslag, som sidan utvikla seg til Stord-Fitjar turlag. Han vart også godt kjent i lokal natur som aktiv orienteringsløpar, og har vore både formann og kasserar i orienteringsgruppa.

 

- Heime på Jeløya var eg aktiv i fotball, men då eg kom til Stord vart det mest orientering. Eg hadde lært meg å bruka kart og kompass som medlem i Milorg. Eg huskar eit løp der me hadde start på skuleplassen på Leirvik skule. Alle hadde lagt kleda sine på eit stort kumlok ved skulen før løpet, Eg sprang ut i skogen, men fann ikkje fram og sprang meg heilt vill. Då eg endeleg kom tilbake til skulen, var det berre mine klede som låg att. Alle var gått heim og ingen hadde ofra ein tanke på å leita etter meg, fortel Nilsen, som kom til Stord i juni 1946 for å jobba på Stord verft.

 

Han var skipsbyggjar og hadde gått læretida si heime på Jeløya på Moss verft.

 

- 17. mai 1946 trefte eg på ein gammal kjenning som fortalde at han hadde vore og jobba på Stord og at jobben hans no var ledig. Den jobben passar deg godt, sa han. Eg tok kontakt med Onar Onarheim 18. mai og fekk beskjed om å komma med ein gong.

 

Som sagt, så gjort. Østfoldingen Nilsen sa opp jobben i Moss og reiste til ein stad på Vestlandet som han aldri før hadde høyrt om.

 

- Det regna i eitt dei to første vekene eg var her. Eg hadde ferie til gode, og det var godt å komma tilbake til eit par veke sommar på Austlandet. Ferien var berre på to veker den gongen, seier Nilsen som gifta seg, fekk to søner og vart verande i regnvêret på Vestlandet.

 

Då Leif Nilsen byrja på Kjøtteinen hadde verftet AS Stord nyleg gått over til skipsbygging, og han var med frå byggjenummer 2, rutebåten «Midthordland». Då han gjekk av med pensjon i 1989, hadde verftet for lengst gått over i oljealderen. På sitt felt, hadde Nilsen vore både ein pådrivar og pioner som hadde vore med å utvikla arbeidet på verftet frå handverk til høgteknologi. Me siterer det som vart skrive om arbeidsprosessen i internbladet «Systemposten» då han pensjonerte seg:

 

«Da Leif Nilsen begynte som leder på avslagningsloftet i 1946, var det en møysommelig og tidkrevende jobb som måtte gjøres, fra linjetegning forelå, til stålplatene var ferdig utstkåret. Blant annet måtte en lage tramaler i skala 1:1, nøyaktig etter spanteriss. En spantemal kunne være flere meter lang, og besto av spesielle malbord som var spikret sammen med malstifter. Tremalene ble lagt oppå stålplater/profiler, og en brukte krittspor (krittsnor) til merking. Skjerebrenning foregikk manuelt.»

 

I 1950 reiste Nilsen og dåverande overingeniør Leif Gjerver til Hamburg for å studera ein ny brenneteknologi som tyskarane hadde utvikla under krigen, optisk brenning, og som det første verftet i Norge vart denne teknologien teken i bruk i Platehall 2 på Stord Verft. Med hjelp av fotografi og overføring til glasplater vart arbeidsteikningane projiserte frå eit høgt lystårn ned på arbeidsbordet, ein trong ikkje lenger store malar. Eit enormt framsteg i 1951.

 

Fem år seinare gjekk utviklinga endå vidare ved at ein tok i bruk ein optisk brennemaskin som ikkje lenger hadde bruk for merketårn, men vart styrt direkte av eit elektrisk auga knytt til teikninga på glasplata. Både plass, materiale og arbeid vart spart på det viset. Det skulle likevel ikkje gå meir enn fire år til før Aker Stord, som verftet då heitte, tok i bruk holkortsystem og automatiserte arbeidsprosessen endå meir. Denne numeriske metoden vart utvikla i samarbeid med Sentralinstituttet for industriell forsking, og på ny var Leif Nilsen ein pådrivar for ny og banebrytande teknologi. Autokon-systemet vart det kalla, denne måten å styra brennemaskinar med holkort, og folk kom frå heile verda for å studera desse landevinningane.

 

- På åttitalet gjekk me endå lenger og gjekk over til å styra brennemaskinane «online». Me overførte informasjon gjennom kablar frå datamaskinane i administrasjonsbygget og ned til skjerebrennarane i platehallen. I dag kallar me slike kablar for breiband, me hadde ikkje ord for det då. Det var noko heilt nytt, fortel Leif Nilsen som ikkje berre har vore oppteken av teknologiske nyvinningar for å betra arbeidsprosessane, han har brunne sterkt for å ta vare på den lokale industrihistoria. Han er mannen bak verftet sitt eige industrimuseum, som han har styrt sidan starten 4. oktober 1990. Framleis møter han fram til dei faste dugnadane kvar tysdag.

 

Den første tysdagen i månaden har dei møte med referat.

 

- Det har eg vore oppteken av, at me skulle ha skikkelege referat og dokumentera arbeidet vårt, seier han. No er han den einaste att av den første dugnadsgjengen, og han er framleis sjef for arbeidet.

 

- Eg vurderte å gje meg, men så vart det så mykje att og fram at eg sa ja til å vera leiar litt til, seier Nilsen.

 

Museet hans har vorte større og større, og lokala i den gamle gassfabrikken er sprengde. No utvidar dei med å byggja om rampen for gassflasker til utstillingslokale. Her skal ein kjempestor modell av Statfjord A monterast.

 

- Me fekk tilbod om å få overta modellen av Statoil, og eg sa ja, utan å vita kor stor han var. Han kom i tre svære kassar som det var så vidt me fekk inn dørene, fortel Leif Nilsen som berre sjeldan opnar dørene til museet for andre enn dei som jobbar der og folk som av ulike grunnar spør om å få komma på besøk.

 

- Me hadde nyleg open dag, då kom det rundt 25 personar. Me har også planlagt ein open dag på nyåret. Problemet med å halda ope er at me då treng vakter og omvisarar, og det rår me ikkje over, seier Nilsen.

 

- Har de noko samarbeid med Sunnhordland museum og det maritime museet?

 

- I liten grad, men det har me tenkt å gjera noko med, og samarbeida tettare, seier Nilsen som fortel at han ikkje har tid til mykje anna enn å byggja modellbåtar - Osebergskipet er byggjenummer 3 - og jobba med museet.

 

- Eg går ein fast tur på 25 minutt kvar morgon, før eg går ned hit på verkstaden. Om ettermiddagen er det husarbeid å gjera, eg lagar middag kvar dag og vaskar opp og steller i huset. Det er nok å ta seg til, seier 93-åringen.