Gå til artikkelen
John Heine Fadnes i Borggata Futurum AS er uroleg for at det skal bli mindre attraktivt å handla i sentrum.
Arkivfoto: PER EGIL LARSEN

Slår alarm om framtida til Borg­gata

Interessegruppe for Leirvik meiner politikarane legg opp til ei utarming av handlegata i sentrum.

Publisert 17.02.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 09.36.

- Er det eit mål å få sykkeltrafikken vekk frå Borggata og gjennom Sæ?

 

Spørsmålet kjem frå John Heine Fadnes i Borggata Futurum AS, som stiller seg svært kritisk til delar av miljøgateplanen som nyleg var ute på høyring. Fadnes skriv at dei ikkje deler kommunen si tru på at ein gang- og sykkelveg av så store dimensjonar vil gjera det meir attraktivt å bu eller handla i Leirvik.

 

- Etter vårt syn vil miljøgata heller verka avsperrande og avskrekkande for dei som søkjer til sentrum. Vare- og kundetransporten vil strupast, noko som forverrar tilgjenge og attraktivitet, skriv Fadnes.

 

Les også: Kommunetopp meiner planen ber preg av hastverksarbeid

 

Ber politikarane stoppa

Han viser også til planane om bompengering rundt Leirvik, og skriv at dette vil ha enorme verknader på handlemønsteret.

 

- Me trur også at ein bompengering vil verka dempande på folk si lyst til å flytta til sentrum, noko som vil vera stikk motsett av kommunen sine ynskje om ein tettare by. Dette vil og påverka verdiane av bustad- og næringseigedommane i sentrum, skriv Fadnes, og rår politikarane til å tenkja seg grundig om før dei fattar noko vedtak i saka.

 

 

- Vårt råd blir at politikarane går grundig gjennom kva som er tvingande naudsynt i Stordpakken, og sterkt minimerer eller stoppar det som berre nokre få av innbyggjarane vil nytta seg av. Det same gjeld vår deltaking i sykkelbyprosjektet. Dersom det viser seg at det kostar vesentleg meir enn det smakar, bør samarbeidet sterkt vurderast avslutta, sidan det er Stord sine innbyggjarar som skal betala gildet, skriv Fadnes.

Håvard Hystad i Interessegruppa for Hamnebyen Leirvik stiller seg undrande til om Leirvik treng ei paradegate.
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

"Paradegate"

Håvard Hystad i Interessegruppa for Hamnebyen Leirvik meiner heile prosjektet både kostar for mykje og vil få for store negative konsekvensar for sentrum.

 

- Trass i flotte ord om å satsa på Leirvik sentrum, ser det ut som om politikarane no gjennom denne tinga planen legg opp til ytterlegare utarming av det som tidlegare var den sentrale handlegata, og området kring denne. Tilkomsten både for inn- og uttransportering av varer blir vanskelegare og for tilreisande til sentrum vil det bli vanskelegare å ta seg fram, skriv Hystad.

 

- Den nye miljøgata gjennom Sæ ser ut til å vera planlagd som ein «aveny». Har me eigentleg trong for ei paradegate på Stord? spør Hystad.

 

Les også: Næringslivet i Leirvik sentrum slaktar planen om miljøgate

 

Han skriv at folkehelse og gang- og sykkelveg er viktig nok, men stiller seg undrande til om det er rett å satsa så stort som det blir lagt opp til.

 

- Det minste ein kan forlanga er at det blir lagt på bordet reelle planar med reelle kostnadsoverslag før ein, etter vårt syn, mangelfull plan blir godkjent. Kommunen har ikkje råd til å bruka store summar på noko som kanskje ikkje vil fungera, skriv Hystad.

Dette er saka

På oppdrag frå Statens vegvesen har ConStrada AS laga eit framlegg til detaljregulering for fylkesveg 544 gjennom Leirvik, frå Vabakkjen til Ådland bru/Øvre Sæ.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bygging av samanhengande sykkelveg på strekninga, bygging av nytt kollektivknutepunkt i sentrum og miljøgate gjennom sentrum.

Planen var til handsaming i for-valtningsstyret i desember, der det blei vedteke å senda planen ut på høyring.

Då høyringsfristen gjekk ut 1. februar var det komme inn 26 uttalar.

La seg på hjul etter frekke tjuvar

La seg på hjul etter frekke tjuvar

Sjekk den forvandlinga!

Sjekk den forvandlinga!

Svana heng fast i isen

Svana heng fast i isen

Rullar naken rundt "på faen"

Rullar naken rundt "på faen"