Gå til artikkelen

Slik vart fasiten for fjoråret

Åge vann reisegåvekort på 5.000 kroner

Det var ikkje mange som hadde venta seg kongeleg besøk i 2016. Men dronning Sonja kom ho.

Publisert 09.01.2017 kl. 17.30. Oppdatert 10.01.2017 kl. 08.39.

Det er aldri lett å spå kva som kjem til å skje, og faktisk er det ikkje alltid like lett å finna fasiten i ettertid heller.

 

Eitt spørsmål som sikkert vil bli diskutert er i kva grad Sunnhordland hadde kongeleg besøk i 2016. Svaret er ja. Ikkje eit offisielt besøk, men i sommar la kongeskipet seg til utanfor Halsnøy, der Dronning Sonja var på privat besøk både i Baroniet, som ho har eit kjært forhold til, og på Halsnøy Kloster.

 

Difor er svaret ja.

 

Eit anna spørsmål som er vanskeleg å svara på er spørsmål 6. Fasiten kjem nemleg ikkje før i slutten av februar. Men per utgangen av 3. kvartal hadde Fitjar 18 fleire innbyggjarar enn 1. januar. Difor vert svaret mest truleg ja.

Åge Andersen, opphavleg frå Dåfjorden, fekk heile 25 av 30 rette, og vart trekt ut som vinnar blant dei tre som klarte flest rette i fjorårets spåkonkurranse. Andersen bur i Bergen, med kone frå Halsnøy.
Foto: PRIVAT

Varmt og flott

Dei siste åra har det vore surt og kaldt om sommaren. Men i fjor var det faktisk også fine dagar, både på jonsokaftan og i juli - sjølv om me ikkje hugsar så mykje av det no eit halvt år etterpå... Difor er svara på spørsmål 9 og 16 ja. På jonsokaftan var makstemperaturen på Stord lufthamn heile 22,4 grader, og maksimumstemperaturen på Slåtterøy fyr var heile 23,5 grader den 21. juli, ifølgje Vervarslinga på Vestlandet.

 

Det var mange spørsmål som vart avgjort med små marginar.

 

 

Drivstoffprisane var generelt høge heile året, men den 23. mai hadde automatkjeda Uno X ein kampanje, noko som førte til lange køar i området. Men prisen kom aldri under 9 kroner literen. Den stoppa på 9,04. I Fitjar derimot var dieselprisen på 8,99 ein dag i februar i fjor.

 

Stord kino kom ikkje over 50.000 besøkjande, men enda på 49.462 - det beste talet på 12 år.

 

Kva er ein storkontrakt på Kværner? Det er eit definisjonsspørsmål. Dei siste åra har det ikkje vore for mange av dei, diverre. I fjor kom rammeavtalen på Njord-plattforma. Førebels har den gjeve jobb for nokre hundre millionar, men noko storkontrakt vert ikkje delt ut før i 2017. Me definerer ein storkontrakt i Kværner-regi som ein kontrakt verd minst ein milliard kroner. Svaret er difor nei.

 

Dei to spørsmåla som førte til mest bryderi var nettopp dette, og spørsmåla om kongebesøk. Dei aller fleste svara ja på storkontrakt, og nei på kongebesøk.


Glad vinnar

Som vanleg hadde mange levert inn svar, og den som fekk flest rette, og som er vinnar av reisegåvekort på 5.000 kroner, er Åge Andersen frå Dåfjorden. Saman med Bjørn Helge Anuglen og Terje Børtveit hadde han 25 rette, slik at det enda med loddtrekking. Dei andre to må dermed «nøya seg» med gåvekort på 1.000 kroner.

 

Vinnaren vart svært glad - og ikkje minst overraska.

 

- Jøss. Eg plar ikkje vera med på slike konkurransar, så dette var stas, seier han. Kor turen går er for tidleg å seia.

 

- Eg må nok diskutera dette med leiinga på heimebane, men det vert nok ein weekendtur med kona ein eller annan stad, seier Andersen - opprinneleg frå Dårfjorden, men busett i Bergen. Han svara feil på spørsmål 2, 3, 14, 28 og 29.

 

Fjorårets vinnar Lars Gunnar Nilsen var ikkje langt unna om å nå opp blant dei beste, også i år. Saman med to andre enda sjukebilsjåføren på 24 rette.

 

Det kom inn 368 svar fjorårets konkurranse. Fristen for i år går ut ved midnatt, og så langt har over 400 spådd kva dei trur vil skje i 2017. Så har du ikkje delteke, er det framleis ikkje for seint. Gå inn her og fyll ut digitalt, eller fyll ut skjemaet på side 18 i dagens avis.

Slik vart fasiten for 2016.