Gå til artikkelen
Torleif Værøy og Britt Heidi Værøy frå Solid Fotball flankert av kommersiell direktør i NFF, Erik Loe (t.h.), og sponsorsjef i BAMA, Odd-Bjørn Hjelmeset.
Foto: Thomas Brække Sæteren / NFF

Solid mellom NFF sine utvalde

Fotballgruppa i IL Solid er mellom 35 klubbar forbundet har valt ut for å få betre kosthald og helse til folket.

Publisert 17.02.2017 kl. 15.00.

Prosjektet Eat, Move and Sleep, er eit samarbeid mellom fotballforbundet, Bama og organisasjonen Eat Foundation. Solid vert mellom ambassadørane også i 2017.

Imponert

- Me i NFF vil oppfordra trenarar og leiarar i det daglege til å fokusera på sunn mat og sunn livsstil. Fleire gode tips er i kjømda både på klubbane sine nettsider og i foredrag og konkurransar. I tillegg vil det naturlegvis vert det fleire sunne alternativ å finna i kiosken, seier generalsekretær Pål Bjerketvedt i NFF.

 

Han er imponert over innsatsen Solid Fotball har gjort for å spreia bodskapen til spelarar, foreldre og nærmiljø.

 

- Absolutt. Klubben har jobba godt med prosjektet i 2016. Det er difor naturleg at klubben vert med når me skal byggja konseptet vidare. Solid skal også arrangera ein eigen Eat Move Sleep-fotballcup, poengterer Bjerketvedt.

Strenge krav

Fotballforbundet tok imot rundt 100 søknader frå klubbar som gjerne ville vera Eat Move Sleep-ambassadør i 2017. Solid kom gjennom eit nålauga som stadig vert trongare.

 

- Ja, me får verkeleg harde krav å følgja opp, seier Grethe Fadnes i Solid Fotball. Me har faktisk utnemnt ein eigen person som skal følgja opp prosjektet i klubben, seier Fadnes.