Gå til artikkelen

Mann i 20-åra trua med å drepa faren med øks

Politiet hadde væåna aksjon på Stord.

Publisert 11.02.2017 kl. 21.45. Oppdatert kl. 23.02.

Klokka 19.30 laurdag kveld fekk politiet telefon frå ein far, som kunne fortelja at sonen hadde oppsøkt han i bustaden sin, og trua han med øks. Han kom også med drapstrusslar, men forsvann etterkvart frå faren sin bustad.

- Det blei sett i verk ein væpna aksjon frå politiet. Klokka 21 blei sonen pågripen i hans eigen leiligheit på Stord, opplyser operasjonleiar Andreas Skram Hansen i Sør-Vest politidistrikt, avdeling Haugesund.

 

Sonen får no legetilsyn og vil bli frakta til arresten i Haugesund. Han skal avhøyrast i morgon.