Gå til artikkelen
Foto: ANITA HAUGLAND

Står stødig i stormen

Katrin I. Ankervold hadde sine første leveår i Oslo, noko dialekta framleis ber preg av. Ho føler seg som ein vestlending med talefeil.

Fakta

Namn: Katrin Innvær Ankervold
Alder: 49
Yrke: Lærar. Jobbar no som hovudtillitsvalt og lokallagsleiar i Utdanningsforbundet i Fitjar, og studerer matematikk på deltid. Underviser difor berre ein dag i veka på Rimbareid skule.
Bustad: Sagvåg
Sivilstand: Gift. Tre barn og eitt barnebarn
Aktuell: Står i fare for å bli ekskludert i Arbeidarpartiet, etter å ha røysta imot forslaget til skulebruksplan på Fylkestinget.

Det er ikkje til å unngå å leggja merke til at R.E.M. sin sarte «Everybody hurts» strøymer ut frå høgtalarane heime på kjøkenet til Katrin I. Ankervold. Finn ho trøyst i musikken, mon tru?

 

Sjølv om det har gått meir enn to veker sidan ho hissa på seg fleire partifellar i Hordaland Arbeidarparti, stormar det framleis rundt henne. Det at ho valte å stemma imot forslaget frå sitt eige parti då skulebruksplanen skulle behandlast på fylkestinget, blei for dryg kost for gruppeleiar Roald Kvamme i Hordaland Arbeidarparti. Konsekvensen var truslar om ekskludering frå partiet. I eit intervju med Sunnhordland nokre dagar etterpå var ikkje tårene langt vekke. Ho har framleis ikkje fått svar på om ho har ei framtid i Arbeidarpartiet, eller ikkje.

 

- He-he! Den songen der var faktisk heilt tilfeldig på radioen då du kom inn. Eg plar høyra på radioen når eg lagar mat. Kjem det ein fin song frå mi tid, byrjar eg gjerne å dansa òg. Då trugar gutane mine med å gå ut om eg ikkje stoppar, fortel 49-åringen.

 

I den siste tida har ho vist at ho kan stå på sitt, berre saka er viktig nok. Og sjølv om ho elskar å dansa, må dansen vika for gutane.

 

- Eg vel å roa meg då veit du, slik at eg bevarer kontakten! seier Katrin, og bryt ut i ein trillande latter.

Fem kjappe

Kva tek du med deg til ei aude øy?
Mannen min.

Uvane du vil bli kvitt?
Drikk litt for mykje Cola Zero. Det blir fort 1,5 liter om dagen.

Kva gjer du om ti år?
Forhåpentlegvis har eg endå fleire barnebarn, er synst det er veldig stas å vera bestemor.

Kva er favorittmaten din?
Det er lettare å seia kva eg ikkje likar. Eg er ganske altetande, men toler ikkje reker og likar ikkje fisk.

Perle i Sunnhordland?
Det må bli Sagvåg.

HO LIKAR SEG godt heime i Sagvåg. Det er her ho stort sett brukar tida si når ho ikkje er på jobb på Rimbareid skule, eller på møte i politikken eller i Utdanningsforbundet. Eller i syklubben i nabolaget. Ikkje det at ho syr, men ho er med likevel. Huset som ho no kallar heime, bygde ho saman med mannen for 22 år sidan. Før den tid budde ho i Oslo fram til ho var sju år. Seinare flytta familien rundt fleire stader, før dei til slutt slo seg ned på Innvær på Bømlo, der far hennar arva ei gard.

 

- Eg føler meg som ein vestlending med talefeil. Det er berre dialekta mi som er litt misvisande, seier Ankervold.

 

Ho må utdjupa.

 

- Eg føler liksom eg har lynnet til vestlendingane. Stødig om med godt humør.

 

11. OKTOBER 1986 er ein dato ho aldri gløymer. Då møtte ho fotballkeeper og sagvågsbu, Per Inge Ankervold, på Sjøhuset på Stord. Sidan den tid har det vore dei to. På lasset kom kjærleiken til Liverpool, og seinare dei tre barna deira Kristin, Pål og Simen.

 

- Her er det verkeleg Liverpool i huset. Til og med namnet til barnebarnet mitt, Ynwa Elise, ber preg av det, fortel Katrin.

 

Ho har vore på fotballkampar i Liverpool mange gonger allereie, og når laget går inn på grasmatta til «You'll never walk alone», trillar tårene kvar einaste gong.

- Det det blir faktisk verre og verre for kvar gong! seier Ankervold, medan ho ler.

 

Tilbake til Ynwa og Liverpool. Det første namnet hennar er nemleg sett saman av nettopp forbokstavane i Liverpool-songen «You'll never walk alone». Elise er etter oldemora.

 

- Bakgrunnen for namnet Ynwa er todelt. Det er valt på grunn av det fine innhaldet i songen også, fortel del stolte bestemora.

 

- Du fryktar ikkje at namnet kan gje grunnlag for mobbing, om ho skulle hamna i klasse med Manchester United-fans, for eksempel?

 

- Nei. Eg jobbar jo sjølv i skulen, og meiner skulesystemet er lagt opp til at ein skal respektera kvarandre for den ein er. Dessutan er Ynwa Elise ei bestemt, lita jente med bein i nasen.

 

DET Å BLI bestemor er noko av det finaste ho har opplevd i livet, og ho drøymer om fleire barnebarn etter kvart.

 

- Eg syns jo Ynwa er det mest fantastiske, vesle mennesket som finst. Og det trur eg alle andre besteforeldre synst om sine barnebarn også. Det er jo ikkje slik at me ikkje likar andre sine barn, men for meg er Ynwa heilt spesiell. Kvar minste lyd og rørsle er heilt fantastisk.

 

Ho fortel at ho eigentleg ikkje likar å vera i media, men at det er ein pris ho måtta betala for å jobba fram saker som ho verkeleg brenn for i politikken. Unnataket er medieomtalen ho fekk då dei var samla tre generasjonar i kommunestyret for to år sidan.

 

- Og eg må jo innrømma at eg var veldig stolt då, og at det var kjekt å komma i avisa. Det var ein bra augneblink då me sat der alle tre, seier 49-åringen.

 

Den gongen var ho sjølv kommunestyrerepresentant på Stord, medan dottera Kristin Ankervold Bergo steppa inn som vara for Harry Herstad. Vesle Ynwa Elise som då var 3,5 månader, sat på fanget.

 

No er det mellomstemann, Pål Ankervold, som er mest aktiv i politikken på Stord, med sitt kommunestyreverv.

 

- Dei har faktisk fått velja parti sjølv, og eg hadde akseptert om dei valte nokon anna enn Arbeidarpartiet. Så lenge ein grunngjev vala sine og står for dei, så er det greitt for meg.

 

Minstemann, Simen, har førebels haldt seg unna den politiske verda.

 

- Det var kanskje han eg hadde forventa at skulle engasjera seg. Han som heldt 17. mai-tale på Tjødnalio utan å vera nervøs. Men kanskje kjem han om nokre år? seier trebarnsmora.

 

A GJERA TING fordi alle andre gjer det, har aldri vore Katrin si greie. Og ho angrar ikkje på at ho stod på sitt i saka om skulebruksplanen heller.

 

- Eg bestemte meg for korleis eg skulle røysta dagen før, men hadde aldri sett for meg at det skulle bli såpass mykje styr rundt meg som person, seier Ankervold.

 

Ho likar det dårleg, men angrar likevel ikkje.

 

- Eg er jo førebudd på ein svertekampanje, fortel ho vidare, sjølv om ho er glad frå støtta frå partiet lokalt.

 

Ho siktar til Harry Herstad sine utsegner, der han seier at han ikkje er overraska over det Katrin I. Ankervold gjorde på fylkestinget.

 

- I denne saka kom det fram at eg tapte nominasjonskampen mot Harry Herstad før sist val, og at eg då takka nei til å stå på kommunelista. Dette er jo direkte løgn. Sanninga er at det var krefter i partiet som ville at eg skulle bli nominert, og at eg blei kalla inn til eit såkalla kumuleringsintervju. Men eg hadde ikkje lyst å stilla som ordførarkandidat, og difor takka eg nei til å komma på intervju, hevdar Ankervold.

 

Ho angrar ikkje på at ho ikkje tok ordførarkampen den gongen.

 

- For meg er det alltid sak som har vore viktigast i politikken. Eg brenn for at barn og unge skal ha det godt i oppveksten, og det er difor eg brukar timevis på å lesa meg opp i sakene som eg skal vera med å avgjerda. Om eg hadde fått eit godt liv som ordførar, det er eg ikkje sikker på. I ein slik rolle blir det mykje fokus på deg som person.

 

Ho vil likevel aldri seia aldri.

 

- Først får eg venta å sjå om eg har noko parti.