Gå til artikkelen
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Starta korpslivet på blokk­fløyte

Ragnhild Nonås Fylkesnes (55) om kjærleiken for sjukehuset, korpsmiljøet, og korleis ho møtte mannen Kjell.

Fakta

Namn: Ragnhild Nonås Fylkesnes
Alder: 55
Bur: Eldøy
Sivilstand: Gift med Kjell, og har tre born (Linda, Elisabeth og
Alf Erik)
Aktuell: Får Stord kommune sin eldsjelpris

EKSTREMVÊRET «Urd» har nyleg blåse seg ferdig over haugane. Og medan trea blåste over ende på Rommetveit og Grov, gjekk det noko rolegare for seg i Eldøy.

 

- Me var hos mamma på tradisjonelt juleselskap. Ho er 80-år og hadde besøk av alle barn og barnebarn. Me var 25 personar i stova og koste oss med middag og kaffi, quiz og spel. «Urd» gjekk greitt forbi. Men me høyrde jo at det blåste i ventilane, seier Ragnhild.

 

Me sit i julestova til familien Nonås Fylkesnes på Hybelsneset. Med pynta tre, lys og duk. Huset ligg like ved den speilblanke sjøen.

 

- Kårevikvegen går ned mot oss, så nokon vil sikkert seia at me bur i Kårevik. Men frå gammalt av står faktisk huset vårt i Eldøy, understrekar korpsmammaen og intensivsjukepleiaren.

Fem kjappe

Kva tek du med deg på ei aude øy?
- Langeland skulekorps. Då hadde me hatt det veldig kjekt og løye.
Uvane du vil bli kvitt?
- Eg likar ikkje å støvsuga!
Favorittretten din?
- Røykt pinnekjøt frå Lundal.
Perle i Sunnhordland?
- Eldøy.
Ti år frå no, kva gjer du då?
- Då trur eg at eg er pensjonist. Då skal eg kosa meg!

JANUAR 1961 fekk mamma Kari og pappa Alf Nonås vesle Ragnhild. Det var forresten Alf som lagde kyrkjebenkane i Stord kyrkje, og som fekk seg jobb som vaktmeister på Langeland skule.

 

- Me var fem søsken. Tre jenter og to gutar. Tre av oss bur på Stord i dag. Ein bur i Bergen, og ein i Trondheim, seier Ragnhild.

 

Som 7-åring i 1968 var Ragnhild så heldig at ho fekk gå i første klasse på den splitter nye barneskulen som heiter Langeland skule. Borna gjekk då første til tredje klasse på Langeland.

 

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

- Fjerde klasse gjekk me på Leirvik skule. Og eg var 9 år då eg byrja i Leirvik skulekorps i 1971. I gamle dagar måtte me gå på notekurs først, og Trygve Dahl var notekurslærar. Me hadde prøve til slutt, og meiner å hugsa at me måtte ha alt rett for å få lov til å komma inn som aspirant. Å komma inn i korps var vanskeleg den gongen! Alle ville vera med, seier Ragnhild og ler.

 

- Me var så mange aspirantar at dei hadde ikkje instrument nok. Me måtte spela på blokkfløyte. Kan du tenkja deg. Me var sikkert 30 på blokkfløyte!

 

VÅREN 1972 vart deretter Langeland skulekorps skipa. Og borna frå Langeland-kretsen fekk tilbod om å gå over frå Leirvik- til Langeland skulekorps. Også der var det kamp om plassane. For 20 instrument var alt dei hadde.

 

- Eg trur nok det var prestisje i å gå i korps før i tida. Me hadde ikkje tusenvis av fotballag og handballag som i dag. Borna gjekk på turn og korps, seier Ragnhild.

 

Mor hennar Kari Nonås vart med i mødreklubben til Langeland skulekorps. Det som i dag heiter støttelaget. Og begge foreldra engasjerte seg i korpsmusikken og alle søskena hennar spelte. Sjølv spelte ho kornett. Og alle borna hennar er aktive musikantar også. Mellom anna dirigerer dottera hennar, Linda Fylkesnes Kingsley, i dag Langeland Skulekorps. Medan Ragnhild har gått litt til sidelinja, etter snart 45 år i Langeland skulekorps, der ho også har vore leiar i fleire år.

 

- Det har nesten vore ein familiegeskjeft det å spela musikk. Med døtrene mine Linda og Elisabeth som har spelt i mange år. Også yngstesonen, Alf Erik, er veldig musikalsk (som ifølgje Ragnhild også er Stord sin førstefødde bygut. Etter at kommunen fekk bystatus i 1997 - journ.anm).

 

- Og då mamma fylte 80 år i haust, hadde me eit korps på 12 familiemedlemmer som spelte. Kjempekjekt. Korps er ein flott hobby, smiler Ragnhild.

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

- Visste du at om ein speler fem år i korps, så blir du ikkje kriminell. Det viser faktisk forsking, held ho fram.

 

RAGNHILD FANN tidleg ut at ho ville bli sjukepleiar. Etter gymnaset søkte hos seg inn på kirurgisk avdeling som hjelpepleiar i vikariat. Og i 1985 var ho ferdigutdanna sjukepleiar. Men nokon jobb var vanskeleg å oppdriva den gongen. Ho søkte difor på alt, og fekk til slutt napp hos bedriftshelsetenesta på Aker Stord.

 

- Me kalla det for kjøtkontrollen. Arbeidarane kom inn, og me telte auge og øyrer. Sånn var det. Blodtrykk, puls og høyrsle. Ein gong i året. Spesielt hugsar eg at mange hadde fått rusk i auga på verftet.

 

- Me gjekk også vernerundar. Som var morosamt. Eg hugsar spesielt ein gong, det må ha vore på Gullfaks-plattforma, at bedriftshelsetenesta skulle vera med på øving. Me skulle opp på helikopterdekket, og me bar med oss oksygenflasker og masse medisinsk utstyr i ryggsekkane og nevane. For me fekk ikkje ta heisen. Og då me kom opp på toppen klarte me ikkje å behandla pasientane ein gong. For me var jo heilt fesne, ler Nonås Fylkesnes.

 

- Det var ei kjekk tid. Og veldig mange flotte kollegaer. Men eg hadde meir lyst til å jobba med sjuke folk, så i 1987 byrja eg på sjukehuset.

 

ETTER TI år på kirurgisk avdeling vidareutdanna Ragnhild seg til intensivsjukepleiar, og i dag arbeider ho framleis på sjukehuset, og på intensivavdelinga. På «gamle kirurg 2». Det er her dei svakaste pasientane kjem inn. Som pasientar på pustemaskin, og dei som elles treng stell, vask og medisinering.

 

- Intensiven er ein veldig kjekk avdeling. Me får også oppvakningspasientar frå kirurgisk avdeling. Nokon pasientar er der i korte periodar, medan andre lengre, seier Nonås Fylkesnes, som fortel at det å vera sjukepleiar er eit gjevande yrke. Der ein fungerer som pasientane sine «advokatar», for at pasientane skal få den beste behandlinga.

- På vår avdeling er pasientane ofte veldig sjuke. Men dei fleste blir betre i løpet av opphaldet, og fortset vidare med liva sine. Nokon døyr. Det er livets gang. Og då er det ei oppgåve for oss å gjera tilværet best mogeleg for pasienten. Me pleier pasienten, og me tek vare på dei pårørande, held Ragnhild fram, som også har engasjert seg sterkt i debatten om lokalsjukehuset. Alt frå kampen om 113-sentralen på Stord sjukehus på 90-talet, til aksjonen for akuttkirurgien dei siste åra. Der ho mellom anna har vore med i kulissane for å hjelpa fram kampanjefilmen for sjukehuset, som vart laga som eit ledd i å kjempa mot nedleggingsspøkjelset som har hengt over akuttkirurgien.

 

- Me må kjempa for sjukehuset, og me må ha sjukehuset vårt. Eg har sjølv lyst å liggja på Stord sjukehus når eg blir gammal, smiler Ragnhild.

 

- MEN DEG og Kjell, kor møttest de?

 

- Eg møtte Kjell på Fjellstova i 1980. Ein dag med fest og dans der oppe, seier Ragnhild. Ho fortel at ho vart akutt forelska. Og fem år etter på gifta dei seg. Langeland skulekorps møtte sjølvsagt opp utanfor Stord kyrkje.

 

- Bryllaupet var i januar 1986, og korpset stod og spelte utanfor kyrkja. Som var ein kald fornøyelse på 10-12 kuldegrader. Men eg og Kjell smelta jo, for det var så fint, seier Ragnhild Nonås Fylkesnes.

 

Les også: Ragnhild Nonås Fylkesnes får eldsjelprisen