Gå til artikkelen
Stord Båtlag har to slike utliggarar, med totalt hundre båtplassar. Kva som skjer med båtplassane når spaden vert sett i jorda for Teinevikjo-prosjektet er framleis i det uvisse.
Foto: KJETIL ØSTREM

Stord Båtlag i skvis av gigant­prosjekt

Kranglar om pris på landfeste
Medlemmer urolege for fram tida

Leilighets­prosjektet Teinevikjo får det til å knaka i fortøyingane til Stord Båtlag.

Publisert 11.01.2017 kl. 05.00.

- Til no har to medlemmer selt seg ut, og to andre har annonsert utal. Årsaka er at dei er usikre på kva som kjem til å skje med hamna vår, både under og etter bygginga av Teinevikjo-husværa. Utmeldingar er noko me aldri har opplevd før. Det har snarare vore stikk motsett, at det har vore venteliste på båtplassar, seier hamneleiar Dag Holger Gravdal i Stord Båtlag.

 

- Så du føler at medlemsmassen er urolege for framtida?

 

- Eg føler ikkje. Eg veit at medlemsmassen er urolege, svarar Gravdal.

Landfesteavgift

Stord Båtlag har to utliggarar, med til saman hundre båtplassar. No står dei i fare for å mista rundt 15 av plassane, når Teinevikjo-prosjektet, i regi av Ingeniør Jørgensen AS, skal pæla seg lenger ut i hamnebassenget for å gje rom til prosjektet sitt.

 

I mange år har båtlaget har betalt landfesteavgift, og avgift per båtplass, til grunneigar Gunvor Stenberg, enkja etter Bjørn Stenberg som dreiv båthamn i fleire tiår. Ifølgje Gravdal har vilkåra vore på eit leveleg nivå.

 

Det nye leilegheitsanlegget, med til saman 37 husvære, skal ikkje driva båthamn, og Stord Båtlag har såleis fått eit tilbod frå Ingeniør Jørgensen AS om å kjøpa dei to landfesta.

 

- Me forhandla om kjøp i haust. Tilbodet me fekk ønskjer eg ikkje å røpa detaljar frå, men prisen var langt over det me kan akseptera. Etter mitt hovud var det horribelt.

 

- Så de står langt frå kvarandre?

 

- Ja, det vil eg påstå.

Slik skal Teinevikjo sjå ut frå sørsida, når det står ferdig, truleg ein gong på haustparten i 2018. ILLUSTRASJON: INGENIØR JØRGENSEN

Mange spørsmål

Men det er også fleire spørsmål som skaper uro i båtlaget, knytt til Teinevikjo-prosjektet, ifølgje Gravdal.

 

- Kva konsekvensar får det for utliggarane våre når pælearbeidet startar? Kvar av dei har 24 botnfeste, og er dei best forankra bryggjene på øya. Må me flytta heile bryggjemassen under anleggsfasen? Dette er spørsmål me ikkje har fått svar på hos Ingeniør Jørgensen, seier Gravdal.

 

Han lurer også på om det vil vera opning for å trekkja utliggarane lengre ut i hamnebassenget, for å unngå å mista båtplassar.

 

- Men nett det spørsmålet er jo hamnesjefen sitt bord, understrekar han.

 

- Er dette noko som er søkt om?

 

- Nei, ikkje enno, svarar Gravdal.

 

Hamnesjef Inge Espenes stadfestar overfor Sunnhordland at han så langt ikkje har fått noko formell søknad frå båtlaget om flytting av utliggarane.

 

- Men, dersom det skulle bli aktuelt blir det vanskeleg å innvilga flytting meir enn ti meter ut i hamnebassenget, slik eg ser det på karta. Grunnen til det er at me må tenkja på annan trafikk og ferdsle ut og inn frå Leirvik, seier Espenes.

Kjøp eller leige

Bjørn Øyvind Jørgensen hos Ingeniør Jørgensen AS fortel at dei er i dialog med båtlaget om dei ulike problemstillingane knytt til husværeprosjektet.

 

- Dette er saker me jobbar med. Når det gjeld landfesta så er det to alternativ som er mest aktuelle - anten at båtlaget kjøper dei, eller leiger vidare, som dei har gjort opp mot Stenberg-familien.

 

- Båtlaget meiner tilbodet dei har fått frå dykk er altfor høgt?

 

- Tilbodet vårt inkluderer eit naust, som kan fungera som eit klubbhus. Her har me teke utgangspunktet i prislistene våre. Og det kan sjå tøft ut, kan henda. Men dersom båtlaget reknar på det, så trur eg ikkje dei kjem så ille ut som dei skal ha det til, seier Jørgensen.

Hamneleiar Dag Holger Gravdal i Stord Båtlag registrerer at medlemmer seier opp båtplassen sin i laget, ottefulle for kva konsekvensar Teinevikjo-utbygginga kjem til å få. Her står han i prat med Terje Stensletten, under ein tidlegare dugnad i båtlaget.
Arkivfoto

Pælerigg

Teinevikjo-utbygginga vil ikkje medføra utfylling i sjø. Men utbyggjaren kjem til å pæla eg eit stykke ut i hamnebassenget, for å gje plass til kaianlegget framom husværa.

 

- Då må me ha på plass ein diger pælerigg. Me håpar å kunna forhala utliggarane, og gjerne få til ei mellombels løysing. I verste fall må dei flyttast medan arbeidet held på, men dette er ting me jobbar med å sjå på, seier Jørgensen.