Gå til artikkelen
Alf Aronsen ved Høgskulen på Vestlandet fortel at dei har måtte sei nei til skule­klassar. Over 1.000 har meldt seg på Samtids­dagane.
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Storinnrykk på Samtids­dagane

Aldri før har interessa om Samtids­dagane på Campus Stord vore så stor.

Publisert 09.01.2017 kl. 16.00.

I neste veke blir det to dagar med høgaktuelle samfunnsspørsmål på Rommetveit. Alf H. Aronsen, ved Høgskulen på Vestlandet fortel at ein allereie har over 1.000 forhandspåmeldte.

Nær smertegrensa

- Det er niande året på rad me arrangerer Samtidsdagane og arrangementet har vakse frå år til år. Med rundt 1.000 påmelde nærmar me oss ein maksgrense. I år har pågangen til å ville delta vore så stor at me måtte si nei til hele skuleklassar som har ønska å delta, seier Aronsen.

 

Han fortel at dei fleste deltakarane er frå Sunnhordlands-regionen og Haugesunds-regionen.

Å redde verda

Programmet startar tysdag med tidlegare utviklingsminister Hilde Frafjord Johnsen og opningsforedraget «Å redde verden - er det mulig? FNs rolle i møte med urett, fattigdom og krig». Vidare følgjer eit tettpakka program, før dagane blir avslutta onsdag med Brageprisvinner Åsne Seierstad, som skal om hennar siste bok «To søstre». Boka er ei skakande historie om korleis to skuleflinke, oppløyste og velintegrerte søstre gradvis blir radikalisert for så å reisa til Syria.

Radikalisering og vald

Hovudtemaa for seminaret er i år radikalisering, asyl og innvandring og vald mot barn og ungdom.

 

- Blant deltakarane trekkjer me fram aktuelle namn som Thomas Ergo (Glassjenta), Eirin Eikefjord (operasjon «Dark Room») , Håkon Høydal (Nedlasterne), Aina Heldal Bøe (Asylbarna), Anders Torp (Jesussoldaten), Kaja Hegg (Ungdoms oppfatningar om valdtekt) og Asle Toje (Jernburet - liberalismens krise).