Gå til artikkelen
Her vil Austevoll kommune at vegen mellom Stord og Os skal kryssa Langenuen.
Illustrasjon: STATENS VEGVESEN

Støttar vegvesenet

Publisert 09.01.2017 kl. 19.00.

Austevoll kommune går inn for alternativ B som trase, når vegen mellom Stord og Os skal planleggjast vidare. Det går fram av høyringsuttalen som kommunestyret har vedteke, og som no er sendt til Statens vegvesen.

 

Uttalen til Austevoll er dermed på linje med Statens vegvesen si tilråding, som ønskjer bru over Langenuen mellom Raunholm og Nese.

 

- Austevoll kommunestyre tilrår at vegen over Reksteren blir bygt med kryss, slik at det er sikra for framtidig påkopling til Austevoll, heiter det i uttalen.

 

Dei meiner også at ei bruløysing til Austevoll må inngå i E39-prosjektet, også økonomisk.

 

- Slik kan viktige samfunn som grensar til vegprosjektet bli bundne saman med E39. Dette er særleg viktig med omsyn til Austevoll si rolle som næringsklyngje for alle dei tre nasjonalt viktige havbaserte næringane, fiskeri, havbruk og offshore.