Gå til artikkelen
Om ein finn dei rette stadene i skogen tek det ikkje lange tida før korga fyller seg med sopp. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Synnøve sankar skogens gull

Over 500.000 nordmenn plukkar sopp. Synnøve Hagen Leseth (15) er ei av dei.

Synnøve Hagen Leseth har vore med mora Ranveig på sopplukking sidan ho var liten. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Ei lita gruppe med traktkantarellar har funne seg ein roleg plass i skuggen av grantreet. Og med eit napp hamnar dei i korga til Synnøve Hagen Leseth (15).

 

I lag med mamma Ranveig er dei på jakt etter sopp, og snik seg roleg fram mellom trea. For dei er ikkje åleine på jakt denne ettermiddagen.

 

- Eg har plukka sopp så lenge eg kan hugsa, fortel Synnøve.

Traktkantarellar er ein god matsopp som ein finn overalt i skogen. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Kjekk kunnskap

På andre sida av eit høgt skogsgjerde får dei auge på ei flott klyngje traktkantarellar. Dei snur for å finna porten.

 

Og det går nøyaktig 30 sekund før to andre, og kjempeglade sopplukkar, finn den same soppklyngja der ho ligg godt synleg attmed vegen. Mor og dotter tek det heile med eit smil og tuslar vidare inn i skogen.

 

- Kva ser de etter då?

 

- Enkelte soppar veks gjerne i tilknyting enkelte tresortar. Slik som raudskrubb. Som held seg i nærleiken av bjørk. Og steinsoppen som likar seg i granskogen. Medan kantarellen trivst overalt, seier Ranveig Hagen Leseth. Ho har plukka sopp i over 40 år. Sidan ho var sju. Og interessa har tydeleg smitta over på dottera.

 

- Å plukka sopp er jo ikkje så gale. Men så har eg jo vakse opp med det, seier Synnøve.

 

- Eg tenkjer at om ein først er på tur, så er det jo berre til å plukka med seg litt sopp, held ho fram.

 

Sjølv har ho ei fast soppliste i hovudet, som ho følgjer strengt.

Traktkantarellane er ikkje trygge når Synnøve er på tur. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Ver helt sikker

- Dei soppane eg kan sjølv er steinsopp, kantarell, traktkantarell og kremle. Eg plukkar berre med meg soppar eg er bombesikre på er trygge, seier Synnøve.

 

- Ein må ha veldig respekt for soppen. Og ikkje blanda sopp ein er usikker på i lag med sikker sopp. Berre ein liten bit av feil sopp kan vera livstrugande, opplyser Ranveig.

 

- Er sopplukking ein aktivitet de vil anbefala til andre?

 

- Eg vil faktisk anbefala det. Ungdom treng meir enn før å komma seg ut. Og hugs at soppen ikkje berre kan brukast direkte til spissing, men at ein kan også laga kraft av han, seier Synnøve og fortel om venninner som nærast fekk sjokk over den gode smaken.

 

- Til og med dei som ikkje likar sopp, som prøvde suppa av soppekraft, synest det var kjempegodt, held sopplukkaren fram.

Raud flugesopp er ein giftsopp som ein ikkje vil ha med seg i matkorga. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Populær aktivitet

Dagleg leiar Reidun Braathen i Norges sopp- og nyttevekstforbund, fortel at sopplukking er ein særs populær aktivitet her til lands. Ho synest også det er spesielt flott å sjå at også yngre sopplukkarar hiv seg på trenden.

 

- Levekårsundersøkinga offentleggjort i fjor opplyste at 510.000 nordmenn hadde vore ute å plukka sopp over det siste året. Det er veldig populært, seier Braathen.

 

- Også bær og alt grønt som det går an å hausta frå naturen, er populært, og mange yngre melder seg, held ho fram.

 

Soppen kan brukast mest til kva som helst i fortel ho. Alt frå tilbehøyr til kjøt til fisk. Til erstatning for kjøt. Eller som ein smakstilsetjar i supper og stuingar.

Reidun Braathen i Norges sopp- og nyttevekstforbund. Foto: PER MARSTAD

Unngå forgifting

- Et berre sopp du er hundre prosent sikker på. Og om du plukkar med deg ein ukjend sopp, så bør du oppbevara han i ein eigen emballasje eller i ei korg for seg sjølv. Ta deretter kontakt med soppkontrollen eller andre som kan sopp, før du vurderer å eta han, seier Braathen.

 

- For det er viktig at ein ikkje risikerer blanding av farleg og trygg sopp. Om me oppdagar ein spiss giftslørsopp i ei korg med kantarellar, då hiv me alt saman. Det skal berre ein liten bit til for at det er farleg, seier soppeksperten.

 

I Norge finst det forskjellige soppar som er farlege. Men det finst berre fire som ein reknar som dødeleg giftige. Og det er grøn- og kvit flugesopp. Og spiss- og butt giftslørsopp.

 

Ein blir ofte ikkje dårleg før fleire dagar etterpå, som for mange gjer det vanskeleg å finna sjukdomskjelda. Ein risikerer nyresvikt, med dialyse eller nyretransplantasjon. Og i verste tilfelle døden.

 

- Heldigvis er det ikkje så mange som er dødsfarlege. Men det er likevel mange ein også kan få vondt i magen av, seier Braathen, som igjen oppmodar om å vera hundre prosent sikker før ein tek med seg sopp heim.

Sopp

Også kalla Mycota og Fungi er eit rike av organismar som manglar klorofyll (bladgrønt) og er avhengige av organisk næring.

Til skilnad frå dyr har dei utvendig og ikkje innvendig fordøyelse, og lev anten som snyltarar (parasittar) på levande organismar, eller som nedbrytarar på dødt organisk materiale.

Ifølgje statistikk frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viste levekårsundersøkinga i 2014 til at 510.000 personar (13 prosent av befolkninga i alderen 16-79 år) hadde vore på sopptur dei siste 12 månadane. Ei auke på 1 prosent frå 2007. Informasjon om norske giftsoppar finn ein på nettsidene til Norges sopp- og nyttevekstforbund.


Kjelder: STORE NORSKE LEKSIKON, SSB og NORGES SOPP- OG NYTTEVEKSTFORBUND