Gå til artikkelen

Trafikkulukke i Uskedalen

Naudetatane rykte ut etter påkøyrsel i Kvinnherad.

Publisert 15.02.2017 kl. 19.49. Oppdatert kl. 20.29.

Onsdag kveld klokka 19.45 melder 110-Hordaland på Twitter om ei trafikkulukke i Kvinnherad.

- Naudetatane er på veg, skriv brannvesenet på Twitter.

Eit par minuttar etterpå melder også Hordaland politidistrikt om trafikkulukka, og klokka 20.21 melder politiet at to personar er frakta til den lokale legevakta for sjekk.

Ifølgje Hordaland politidistrikt skal det vera snakk om ein påkøyrsel bak frå.