Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Trassar skrekken - vier livet til scenen

Då Oda Rolfsnes (15) kapra si største rolle nokosinne, skreik ho så høgt - og så lenge - at ho fekk streng beskjed om å roa seg. I morgon står ho på scenen som Flyndrefanten i premieren på «Taremareby».

Fakta

Namn: Oda Rolfsnes
Alder: 15 år.
Fødd i Trondheim, flytta til Stord som 9-åring.
Bur saman med mamma Gunhild Sofie, pappa John-Inge og søstrene Mathilde og Johanne i Kviteluren.
Aktuell: Spelar hovudrolla (Flyndrefanten) i «Taremareby» som har premiere i morgon.

Fem kjappe

Favorittretten din?
Taco!
Kva hadde du teke med deg til ei aude øy?
Mobiltelefon. Nok mat til å klara meg resten av livet. Ja, og ein venn.
Har du ein uvane du vil bli kvitt?
Hm. Eg trur ikkje det. Kjem ikkje på noko iallfall. Men vennene mine har sikkert mykje, hehe.
Har du ei perle i Sunnhordland?
Eg synest det er veldig fint på Stord. Kanskje spesielt på fjellet.
Kva gjer du om ti år?
Då håpar eg for alt i verda at eg driv med skodespel eller dramatisering.

DET ER HAUST. Born og unge i Stord teaterlag sit spikra til stolane og følgjer spent med på kva som blir sagt.

 

Oda Rolfsnes er ei av dei unge og håpefulle. Brått sit ho med store auge og måpar. Ho får ikkje fram eit ord. Ho kan berre ikkje tru det.

 

Saman med dei andre har ho nett vore gjennom ein slags auditionrunde der dei skulle tolka eventyr på ulike måtar. Oda si tolking av «De tre bukkene Bruse» sikra henne rolla som Flyndrefanten i teaterlaget si neste storsatsing, «Taremareby».

 

DET HEILE GJEKK først opp for meg då eg var kommen heim. Då blei eg veldig glad. Kanskje litt for glad, fortel Oda. Ho har funne seg ein stol blant kostymeposar, sminke, symaskinar og ei svær havfruefinne i ein av garderobane i Kulturhuset.

 

- Kva gjer du når du er litt for glad, då?

 

- Eg spring rundt og skrik til eg får beskjed om å roa meg, ler Oda.

No har likevel jubelen gått over i intense førebuingar. Alt i morgon er det premiere.

 

- Det går heldigvist fint! Me har hatt nokre fulle gjennomkøyringar no. Folk kan replikkane sine og ting byrjar å sitja, seier 15-åringen på ei blanding av riksmål, trøndersk og stordamål.

 

ODA BLEI NEMLEG FØDD i Trondheim. Då begge foreldra er frå Stord, valde familien etter kvart å flytta tilbake til Vestlandet.

 

- Me flytta til Stord då eg var ni år. Det var ikkje berre enkelt, fortel Oda.

 

Ho tek begge beina opp i stolen og fører det mørke håret vekk frå ansiktet, før ho held fram;

 

- I byrjinga synest eg det var veldig trist å reisa frå venene mine i Trondheim.

 

Familien hadde busett seg eit lite stykke utanfor Trondheim, nær Melhus.

- Eg hadde ein kompis som hadde ein gard. Eg var ofte med han og leika med dyra. Var eg ikkje der, var eg hos ei venninne. Ho hadde også ein gard med dyr, hehe, mimrar Oda.

 

- Korleis var det å komma til Stord som niåring, då?

 

- Eg synest det var veldig tøft i byrjinga. Me flytta i sommarferien. Eg fekk mange vener rundt om i Kviteluren i løpet av sommaren. Men då eg skulle byrja i fjerde klasse ved Rommetveit skule, hamna alle venene mine i parallellklassen. Det var litt dumt, hugsar eg. Heldigvis fekk eg vener i min eigen klasse etter kvart.

 

Sjølv om ho ikkje strevde noko særleg med å forstå og å bli forstått, har ho likevel lagt om dialekta si.

 

- Men er eg i Trondheim, snakkar eg trøndersk igjen, smiler Oda.

 

- Kva snakkar du på scenen?

 

- Der må eg snakka stordamål.

 

- Korleis går det?

 

- Det går i grunnen veldig fint. Men av og til blir det litt krøll og eg må byrja på nytt.

TIL SOMMAREN ER 15-åringen ferdig med tre år ved Nordbygdo ungdomsskule. Planen vidare er for lengst lagt.

 

- Den har vore klar lenge, hehe. Til hausten skal eg gå på Musikk, dans og drama på Stord vidaregåande. Etter det skal eg søka meg inn på teaterhøgskule og folkehøgskule - slik at eg forhåpentlegvis kjem inn på ein av dei.

 

- Du satsar verkeleg alt på skodespelarkarrieren?

 

- Ja. Og eg jobbar verkeleg for å nå måla mine. Eg kan vera ganske hard mot meg sjølv. Men eg er òg realistisk. Difor vil eg bli lærar innan drama eller musikk om det ikkje går, seier Oda.

 

- Kvifor teater?

 

- Du, det har komme heilt ut av det blå. Foreldra mine er musikalske, men ingen av dei har drive med teater. Eg elskar det.

 

I tillegg til teater, går Oda på song, dans og så tek ho pianotimar.

 

- Eg har sunge sidan eg var 2-3 år. Det synest eg òg er veldig kjekt. Men hadde eg måtta velja, hadde det blitt teater. Ein draum er jo å få vera med i ein musikal, då får ein det beste frå dei to verdene.

 

ODA HAR HATT store roller før. I fjor spelte ho Bella då teaterlaget sette opp «Alladin». Rolla som Flyndrefanten er likevel den største ho har hatt til no.

Sjølv om alt ligg til rette for ein fin premiere i morgon, har det ikkje alltid vore like enkelt for Oda å ta over scenen.

 

- Eg har faktisk litt sceneskrekk.

 

- Å?

 

- Ja. Eg blir skikkeleg nervøs. Og så er det noko med det. Du står på scenen og alle ser på deg. Då er eg livredd for å gjera feil, held Oda fram.

 

- Men du vil bli skodespelar likevel?

 

- Jada. Eg har funne noko som hjelper. Når eg spelar teater er det ikkje meg dei ser på. Då er det rollefiguren eg spelar. Det hjelpte veldig då eg var Bella i «Alladin». Eg synest det er mykje skumlare å gå på scenen som meg sjølv for å syngja.

 

OGSÅ SOM MUSIKAR har Oda hevda seg. Allereie som 12-åring blei Oda spurt av ein lærar på Høgskulen på Vestlandet (tidlegare HSH) om ho ikkje kunne laga musikken til ein musikkvideokonkurranse.

 

- Eg komponerte ein melodi på pianoet som eg sende inn. Musikken skulle brukast i ein konkurranse om å laga ein video som skulle vekkja opp ein satellitt frå verdsrommet, fortel Oda.

 

Videoen med musikken til Oda vann konkurransen. Sjølv sat 12-åringen i bilen saman med mora, Gunhild Sofie Aadland Rolfsnes, då ho fekk gladnyheita.

 

- Kva gjorde du då?

 

- Eg skreik, ler Oda;

 

- Eg skreik heilt til mamma hysja på meg.

 

Oda fortel at ho har skrive mange songar.

 

- Heile familien likar å syngja. I tillegg var pappa låtskrivar før. Me har skrive mange låtar saman. Det er kjekt.

 

MED INNSPURTEN PÅ «Taremareby», song- og pianotimar og dans blir det hektiske dagar for den flittige 15-åringen.

 

- Det er ganske travelt. Spesielt no så tett opp mot premieren. Det er faktisk mange som har spurt meg om det går bra med meg. Dei synest eg ser så sliten ut.

 

- Får du noko tid til å slappa av, då?

 

Oda tenkjer seg om.

 

- Eg har faktisk ein til to kveldar i veka der eg ikkje har noko særleg aktivitet. Då slengjer eg meg på sofaen med mobilen min. Det er ganske godt. Når det er sagt, er det sånn som no eg likar det - når det skjer mykje heile tida.