Gå til artikkelen
Bjørn Øyvind Jørgensen hos Ingeniør Jørgensen håpar å kunna setja spaden i jorda for Teinevikjo-utbygginga i mai i år, med ferdigstilling i september/oktober 2018.
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Trur på oppstart i mai

Salet har ikkje teke av, men Bjørn Øyvind Jørgensen er ikkje uroa av den grunn.

Publisert 11.01.2017 kl. 05.00.

- Salet har gått litt «putle». Men sånn er det. Det er mange prosjekt på trappene, og folk brukar litt tid på å gjera opp meininga si, seier Bjørn Øyvind Jørgensen, salsansvarleg for leilegheitsprosjektet Teinevikjo.

 

Han har inntrykk av at mange sit litt på gjerdet, og vurderer ulike mogelegheiter. For samstundes med Teinevikjo er også husværa i Hamnetind lagt ut for sal. Og snart opnar salet på Meieritomta.

 

Jørgensen opna salet sitt i oktober, og sidan den gong har han skrive kontrakt med sju kjøparar. Alt første dagen kunne han bokføra sal av to av toppleilegheitene, til høvesvis 9,2 millionar kroner og 7,5 millionar kroner. Han har eit salsmål på 50 prosent - i kroner og øre - før spaden vert sett i jorda.

 

- Me håpar og trur på oppstart i mai i år, med ferdigstilling i september/oktober 2018, seier Jørgensen.