Gå til artikkelen
Geir Martin Økland, styreleiar i Stord Kristne Skule As.
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Trur på skule i Sagvåg

No hastar det for Stord kristne skule, om dei ikkje skal mista løyvet til å driva privatskule på Stord.

Publisert 11.01.2017 kl. 05.00.

I juli 2016 skreiv Sunnhordland om Stord Kristne Skule, som var i forhandlingar med Fronta, med mål om å få på plass ein ny skule på tomta til det gamle hagesenteret på Heiane. Då sa styreleiar Geir Martin Økland at dei var på leit etter investorar som kunne sjå verdien av ein ny kristenskule.

 

Dette lukkast dei ikkje med, og planane om skule på hagesentertomta blei skrinlagt. Det betyr ikkje at planane om ny skule blir lagt på is.

 

- Då me ikkje fekk tak i investorar til å gå vidare på Heiane, og såg at tida byrja å gå frå oss, såg me etter andre alternativ. Då dukka det opp eit bygg i Sagvåg, som me no planlegg å starta opp i, seier styreleiar Geir Martin Økland.

Intensjon om leige

Det nye bygget, som altså kan bli privatskule, er det gamle administrasjonsbygget til Aker Elektro i Podlen. Bygget er eigd av Sunnhordland Eiendomsinvest. Saman med huseigar Svein Hatlevik har Økland alt vore hos kommunen på førehandskonferanse, sjølv om dei strengt tatt ikkje har signert noko avtale enno.

 

- Her har me eit bygg som står klart, i motsetnad til på Heiane. Dermed treng me mykje mindre pengar for å komma i gang, seier Økland.

Her vil Stord Kristne Skule AS starta opp til hausten.
Foto: MARIUS KNUTSEN

Tida og vegen

Og det bør skje rimeleg kjapt, om det skal vera håp om noko skulestart med i nær framtid. I løyvet som Kunnskapsdepartementet gav i starten av 2015, er det nemleg sett krav til at skuledrifta må starta opp seinast hausten 2017. Blir det ikkje skulestart i haust, må dei truleg gjennom heile søknadsprosessen på ny.

 

- Me har ikkje meir enn tida og vegen no, til å få på plass dei reguleringane som trengst, og til å byggja om. Alt må vera klart til 1. juni, slik at Fylkesmannen kan få tilsendt teikningane i tide til å handsama saka innan 16. juni, seier Økland.

 

- De må gjerne ha trua, for å starta kristen skule?

 

- Hehe, ja, det er sant. Me har trua. Men det må ein vel ha om ein skal få noko til, om ein er kristne eller ikkje, seier Økland.

Stord Kristne Skule AS

Skipa i mars 2012, med ein aksjekapital på 30.000 kroner.


Styreleiar er Geir Martin Økland, medan Poul Gullmann Sørensen og Gunne Elisabeth Sørensen er styremedlemmer.


Selskapet er eigd av Geir Martin Økland (66,66 %), Oddbjørn Høyland (16,66 %), Poul Gulmann Sørensen (10 %), Magnus Økland (3,33 %) og Grete Wolfgang Økland (3,33 %).


I vedtektene heiter det mellom anna at «Stord kristne skule AS er fundamentert på Noregs over 1000-årige kristne arv, og vil i all si verksemd arbeida for å skapa eit læringsmiljø som fremjar kristent heilskapssyn på livet, forankra i trua på Gud som skapar og frelsar slik dette er uttrykt i Bibelen, og i den apostoliske trusvedkjenninga. Skulen skal gje eit tilbod som på ein klar og heilskapleg måte oppdreg elevane i den kristne tru, og som legg til rettes for at elevane får eit personleg forhold til Jesus Kristus og vert hans etterfølgjar.»


I tillegg til fag som norsk, musikk, kunst og handverk, framandspråk, kroppsøving og samfunnsfag, vil skulen og undervisa i religion, livssyn, etikk og bibelske prinsipp. Kjelde: Søknaden til Utdannings- direktoratet og Purehelp.no

Sjekk den forvandlinga!

Sjekk den forvandlinga!

Svana heng fast i isen

Svana heng fast i isen

Rullar naken rundt "på faen"

Rullar naken rundt "på faen"

Har du eit kjæledyr utanom det vanlege?

Har du eit kjæledyr utanom det vanlege?