Gå til artikkelen
Anne Margrethe Eidesvik (68) frå Bømlo går av med pensjon på nyåret, og vert med det den siste kvite misjonæren ved stasjonen i Vest-Bengal i India, der det har vore misjønærverksemd sidan 1950. Foto: Kristen Muslimmisjon

Trygg kristen misjonær i muslimsk område

Anne Margrethe Eidesvik (68) har jobba som misjonær blant muslimar i India i over 30 år. - Muslimane er veldig avslappa til at det er kristen misjon her, seier ho.

Heilt sidan 1950 har det vore kristne misjonærar på Sajinipara Mission i Vest-Bengal, ein region i nordaust-India. I området der den kristne misjonsstasjonen ligg bur det flest muslimar, utan at det er eit problem for dei og skulen dei driv for unge jenter.

 

- Muslimane her har eit veldig avslappa forhold til at me er kristne. At me underviser i Bibelen på skulen er for dei heilt naturleg. Dei synest berre det er flott, seier Anne Margrethe Eidesvik frå Bømlo, som har vore misjonær der for Kristen muslimmisjon (KMM) sidan 1985.

 

- At me står på Bibelen og det som har med Jesus å gjera har dei muslimske foreldra eit veldig avslappa forhold til. Dei er ikkje nødvendigvis interesserte i å lære sjølv, men at barna lærer å syngje om Jesus og fortel kva dei høyrer og lesar om på skulen aksepterer dei, seier misjonæren.

Liberal folkeislam

Eidesvik fortel at muslimane i nord-India har lite til felles med dei radikale islamistane ein høyrer om på nyhenda.

 

- Ut frå erfaringa mi er ikkje muslimane i Vest-Bengal så engasjert i det som skjer i Midtøsten med IS og terrorisme. Eg føler dei lever litt isolert i forhold til internasjonal tenking. Sjølv om alle har tv så er det ikkje samtaleemne utanom deira eigne miljø i alle fall, seier ho og innrømmer at ho ikkje veit kva dei snakkar om i eigne miljø når ho ikkje er til stades.

 

Misjonæren opplever heller ikkje harde reaksjonar når muslimar i dette området blir kristne.

 

- Reaksjonane når nokon vel å bli kristne har vore forholdsvis moderate og milde. Kanskje fordi det her er eit meir liberalt folkeislam som rår. Det har ikkje vore slike reaksjonar eg har lest om og kjenner til frå andre område, seier Eidesvik.

 

Ho fortel at det ikkje er mange og mest barn og ungdom som blir kristne, men at ho også har sett somme etablerte vaksne gå over til kristentru dei siste åra.

Kristi sinnelag

Sajinipara Mission driv både skule for jenter, ungdomsarbeid, helsestasjon og gardsbruk. For KMM er det likevel evangeliseringa som står i fokus. Generalsekretær Tore Arnegard framheva dette på organisasjonen si generalforsamling.

 

- Eg ser på vår teneste fyrst og fremst som eit sjelevinnaroppdrag. Evangelisering er vårt første mål. Før me kjem dit må dei som er kalla sjølv vera disiplar. Det å ha Kristi sinnelag blir særleg viktig i møte med muslimske menneske, sa han i profilforedraget sitt.

 

På Sajinipara Mission er dei veldig opne om at dette er ein kristen misjonsstasjon.

 

- Gjennom klinikken kjem eg i kontakt med menneske i alle aldrar og lærer kvar dag mykje frå dei. Korleis dei tenkjer, korleis dei har det og korleis dei taklar livet. Dei kjem i tru til ein kristen misjonsstasjon fordi dei har høyrt at folk har blitt friske her, seier Eidesvik som er utdanna sjukepleiar.

Skeptiske styresmakter

I India har Eidesvik opplevt at det er dei Indiske styresmaktene som er mest skeptiske til at det blir drive kriste misjonsarbeid.

 

- Indiske styresmakter er veldig skeptiske til misjon og til forkynnarar som er aktive og som dei føler er konservative, seier ho.

 

Kvart år har ho måtta kjempe for å få nytt visum til å fortsetje arbeidet, sjølv om lokale styresmakter har vore svært positive og behjelpelege.

 

- I Kolkata (delstatshovudstaden journ.mld.) sit dei på eit kontor og forstår ikkje det pulserande livet i lokalmiljøet og kor mykje det betyr for folk som får hjelp. Det har vore smertefullt, seier Eidesvik.

 

Ho er heilt overtydd om kven det er som har sørgt for at ho likevel har fått vera i India i 31 år.

 

- Det er berre Jesus som har omvendt desse høge herrane i Kolkata. Dei sa at dei absolutt ikkje kunne gje meg meir visum. Så sit eg i stille og ber og plutseleg på slutten så snur Gud hjarta og tanken deira helt om og så har dei gitt meg visum. Det kan ikkje forklarast. Gud har all makt, seier misjonæren med eit smil.

Siste norske misjonær

Sajinipara Mission er misjonsstasjonen grunnleggjaren av KMM, Otto Torvik starta i 1950.

 

- Den norske Muhammedanermisjon, som organisasjonen fyrst heitte, starta då truande menneske svarte på den smerta og nauda for muslimane si frelse som ein ung misjonær ikkje kunne skyve frå seg. Misjonsprest Otto Torvik måtte dele evangeliet med muslimane, seier Arnegard.

 

I februar neste år går Anne Margrethe Eidesvik av med pensjon. Etter henne er det ein familie frå sør-India som skal drive misjonsstasjonen vidare. Eidesvik er dermed den siste norske misjonæren på Sajinipara.

 

- Når eg sluttar blir det ingen norske misjonærar her fordi det er ingen i Norge som har meldt seg. Misjonærtalet i Norge har jo gått drastisk ned og folk er ute i veldig kort tid. Å gå inn i eit slikt arbeid på kort tid løner seg ikkje, seier ho.

Ingen kvite misjonærar igjen

Eidesvik er ikkje berre den siste norske misjonæren på KMM sin misjonsstasjon. Ho er også den siste kvite misjonæren som har samarbeid med Northern Evangelical Lutheran Church (NELC) i India. NELC voks ut av Lars Olsen Skrefsrud og Santalmisjonen sitt arbeid i India. Kyrkja har i dag over 90 000 medlemer og arbeider over fleire delstatar.

 

- Eg avsluttar ei lang misjonærhistorie innan den nordre lutherske kyrkja i India. Dei hadde jo hundrevis av misjonærar før men eg blei den siste kvite misjonæren, seier Eidesvik.

 

Sjølv om ho er trist for at ikkje fleire nordmenn ønskjer å bli misjonærar peiker ho på at nasjonalitet ikkje er viktig i Guds auge.

 

- Gud ser jo ikkje på passet vårt, han ser jo på hjarta. Om me er norske eller sørindiske, eller kvar me no kjem frå, det er jo ikkje det som er hovudtingen, heldigvis, seier ho.

 

Anne Margrethe Eidesvik synest ikkje det er særleg vanskeleg eller problematisk å dele trua si med muslimar.

 

- Det er jo mykje lettare å dele trua si med muslimar enn med nordmenn sånn som kulturen har blitt i Norge. For muslimane er jo religiøse. Det har vore veldig lett å dele trua mi i India, men i Norge kan det vera vanskeleg, seier ho.

 

Eidesvik trur det handlar mykje om korleis ein ser på religion i samfunnet.

 

- I Norge er trua vår i ein boks, mens i India er det livsperspektivet. Sånn er det blant både hinduar og muslimar, fortel ho.

 

Den erfarne misjonæren har eit råd til dei som vil følgje eit kall:

 

- Alt det som Herren gjer er godt. Tingen er å berre gå hundre prosent i kallet hans, så vil han ta vare på resten, seier ho.