Gå til artikkelen
Verftsdirektør Hugo Strand ved Fitjar Mekaniske Verksted fortel at dei må avlysa rakett­showet i kveld, men prøver på nytt den 1. februar.
Arkivfoto: PER EGIL LARSEN

Utset festmarkeringa på Fitjar mek.

Det blir ingen planlagde rakettar på verftet i kveld likevel.

Publisert 11.01.2017 kl. 13.03. Oppdatert kl. 13.06.

- Arrangementet er utsett til 1. februar, på grunn av det dårlege vêret som er meldt, seier verftsdirektør Hugo Strand ved Fitjar Mekaniske Verksted (FMV).

 

Som ein del av markeringa av at bedrifta i år er 60 år, hadde verftet invitert til familiedag med rakettar onsdag kveld.

 

- I staden for at folk skal stå og bli klissvåte og at rakettane ikkje fungerer, vel me no å prøva på nytt 1. februar, seier Strand.

 

Les også: Ekstremvêret «Vidar» blir fuktig i Sunnhordland