Gå til artikkelen

Vald og trugsmål dominerer

Vald og trugsmål dominerte sakstilfanget i Konfliktrådet i Hordaland i fjor.

Publisert 10.01.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 12.31.

Konfliktrådet i Hordaland mottok 371 saker i 2016. Dette er ein oppgang på ni prosent i høve til året før. 13 ungdomar i fylket er idømt ungdomsstraff eller ungdomsoppfølging i løpet av året. Vald og trugsmål dominerer sakstilfanget.

 

Dei 90 valdssakene som er registrerte i løpet av fjoråret omhandlar alt frå uprovosert vald mellom ukjente - til vald i nære relasjonar. 42 saker omhandlar trugsmål.

 

Også Konfliktrådet i Haugaland og Sunnhordland har hatt hendene fulle i 2016, blant anna frå 11 til 27 ungdomsoppfølgingar.

 

- Trongen for ein ungdomskoordinator er stadig aukande, skriv leiar Mona Snørteland i Konfliktrådet i Haugaland og Sunnhordland i ei pressemelding.

 

Det totale sakstilfanget har likevel hatt ein nedgang, frå 337 saker i 2015 til 328 saker i 2016.

 

Det lokale konfliktrådet dekkjer totalt 13 kommunar, og disponerer 21 meklarar. Konfliktrådet i Norge har totalt om lag 550 meklarar fordelt over heile landet.

 

- På landsplan har dei til saman 22 konfliktråda motteke i alt 7.439 saker. Valdssaker utgjer nesten ein fjerdedel av samla saksmengde.