Gå til artikkelen
Programleiar Ingeborg Myhre kunne gratulere ein nordmann og ein danske med seks rette onsdag kveld.
Nordmannen er frå Stord. Foto: Nina Rundsveen, Norsk Tipping

Vann 12,7 mill. i Viking-Lotto

Han har tippa i mange år, og då han endeleg vann, var det tidenes gevinst på Stord.

Publisert 17.02.2017 kl. 07.10. Oppdatert kl. 08.11.

Den nybakte millionæren hadde fått med seg at ein mann frå Hordaland prikka inn seks rette i Viking-Lotto onsdag kveld. Men ikkje i sin villaste fantasi trudde han at den heldige kunne vera han sjølv, melder Norsk Tipping på sine nettsider.

 

Dei refererer telefonsamtalen slik:

 

- Vedkommande vann nærare 13 millionar, ikkje sant? spør mannen då Norsk Tipping ringde torsdag føremiddag for å gratulera.

 

- Det stemmer. Kva tenkjer du viss eg seier at det er du som er vinnaren?

 

- Då må eg setja meg ned. Eg er heilt skjelven! Du er sikker på at dette ikkje er tull?

 

Stordabuen fortel at han har spilt Vikinglotto i mange år, men aldri vunne noko særleg - før no.

 

- Eg hadde aldri i livet trudd at dette skulle skje meg. Det er jo helt utruleg. Tusen millionar takk, jublar mannen, som snart kan vente seg 12.785.990 kroner inn på konto.