Gå til artikkelen
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Vann krigen mot seg sjølv

I fire år slåst Mathilde Junge (37) mot heroinrusen. No kjempar ho for å vinna daglegvare­krigen.

Fakta

Namn: Mathilde Junge
Alder: 37
Bur: Nysæter
Sivilstand: Singel
Aktuell: Tok i september over Rema-butikken på Bjelland.

Fem kjappe:

Kva ville du ha teke med deg til ei aude øy?
- Musikk
Uvane du vil bli kvitt?
- Røykinga
Favorittrett?
- Tikka Masala
Perle i Sunnhordland?
- Dalskardvatnet
Kva gjer du om ti år?
- Då driv eg ein veldig veldrive Rema 1000-butikk på Bjelland

HO ER BERRE 21 år gammal, den dagen ho er i Bergen saman med kjærasten. Dei finn vegen til Nygårdsparken, parken som vart oppretta på slutten av 1800-talet for at befolkninga i Bergen skulle ha ein stad for å spasera og rekreera. For Mathilde Junge vart det parken der ho fann fred frå alle dei vonde tankane. Eit friminutt i livet.

 

- Me ville eigentleg ha piller eller hasj, men ingen kunne hjelpa oss. Kjærasten min, som var litt meir driven i faget, spurte om nokon hadde «dop». Eg visste ikkje at «dop» var heroin, fortel ho.

 

Tilbake i leilegheita forklarte kjærasten at «dopet» var heroin, og at det måtte setjast med sprøyte. Mathilde Junge gav blaffen, og tok det siste og farlegaste steget ned i rusen og injiserte det livsfarlege og sterkt vanedannande stoffet rett i blodårene. Heime på Stord sat den vesle dottera, og visste ikkje kva ferd mora skulle leggja ut på.

 

- Eg var skamfull, redd, og hadde det så vondt inni meg. Men når eg tok den sprøyta, forsvann alle dei dårlege kjenslene. Eg vart ikkje lukkeleg, men det vonde forsvann, forklarer 37-åringen.

 

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

DEI FØRSTE trinna nedover stigen med rusmiddel starta då Junge var i 13-14-årsalderen, heime på Stord. Ho kjem fra ein møblert heim, og hadde ein trygg og god oppvekst, men fann aldri roa med seg sjølv. Hasjen vart redninga.

 

- Då eg var i den alderen var eg litt ramp. Eg følte at eg ikkje passa inn, og kunne ikkje handtera kjenslene mine så godt. Det førte til at eg starta med å eksperimentera med hasj, fortel ho.

 

Hasj vart til piller, før det eskalerte med heroin. I løpet av kort tid tok opiatet kontroll over livet til Mathilde Junge, og friminuttet vart i staden til ein evigvarande skuletime, der heroin var einaste fag på timeplanen.

 

- Kjensla eg fekk var så god, at eg ikkje klarte å tenkja på kor farleg det var. I starten rusa eg meg berre anna kvar veke, frå onsdag til søndag, då eg ikkje hadde dottera mi. Men etter kvart vart dottera mindre hos meg, og det vart meir rus, fortel ho.

 

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Livet var ikkje godt. Fleire gonger ønskte 37-åringen berre å avslutta det heile, og kvar gong ho vakna i live var ho like forbanna.

 

- Men eg hadde ei dotter som motiverte meg til å leva. Og etter kvart til å slutta med heroin.

 

MATHILDE JUNGE er no 37 år gammal. Sist veke kom ho på grautfesten hos Maris på Leirvik i arbeidsklede frå Rema 1000. Der delte ho ut lusekattar til dei som kjempar den same kampen ho kjempa. For etter å ha vore rusmisbrukar frå ho var 21 til ho var 25, kom ho seg inn på LAR (legemiddelassistert rehabilitering). Datoen er 14.12.2004. LAR betyr faste dosar med medisin, og oppfølging med urinprøvar etc. Ti år seinare, i 2014, var ho ferdig med nedtrapping og LAR. - Hjelpeapparatet må i alle fall ikkje stikka kjeppar i hjula for dei som prøver å gjera noko for å verta rusfri. Det hender altfor ofte at dei som vil få seg jobb, får beskjed om «nei, dette er du ikkje klar for». Tenk om eg skulle ha fått den beskjeden då eg starta i arbeidslivet, seier ho.

 

Sommaren 2006 masa ho seg nemleg til praksisplass ved Tropehagen Zoo på Amfi Stord, og året etter hadde ho teke over. Ho dreiv butikken fram til 2012, samstundes som ho var inne på LAR. I 2013 starta ho i jobb på Rema 1000 Bjelland.

 

- Mange verksemder vil ikkje ha noko med tidlegare rusmisbrukarar å gjera. Dei er kanskje redd for at dei skal sprekkja eller forsvinna. Men eg veit at om du ikkje har noko å fylla dagane med, er det lett å falla tilbake i gamle spor og byrja å rusa seg igjen, fortel ho.

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

I DAG har ho definitivt ikkje noko problem med å fylla dagane. Sunnhordland møter 37-åringen på Rema 1000 Bjelland. Der går det i eitt med opphenging av pinnekjøt, fylling av diskar med ribbe og surkål og alt som høyrer jula til, og andre gjeremål. I september tok ho nemleg over som sjef på butikken etter Eivind Birkeland. Junge er svært takknemleg for at han anbefalte ho til regionkontoret, og no er 37-åringen tilsett som sjef i butikken, som er eigd av Rema 1000. Men når Junge har gjort seg ferdig med Rema-skulen, er planen at ho sjølv skal ta over og eiga verksemda. Det er den eigarforma som er aller mest vanleg i Rema-systemet. Junge er ikkje redd for å kasta seg inn i den tøffe daglegvarekrigen.

 

- Eg kunne ikkje seia nei då denne mogelegheita dukka opp, sjølv om eg var litt redd då eg først fekk spørsmålet. Men eg har fått god oppbakking av både Eivind Birkeland og regionskontoret til Rema 1000. Og dei kjenner godt til historia mi frå tidlegare. No kjenner eg meg berre heldig som lov å jobba med mine fantastiske medarbeidarar og alle dei kjekke kundane som har vore her i mange år, fortel ho.

 

RETT VED BUTIKKEN ligg huset der ho vaks opp, saman med foreldra og søsken. Ho takkar dei og søskena for at dei alltid stilte opp for ho.

 

- Dei har aldri fordømt meg. Eg kunne alltid komma heim, alltid ringa, uansett korleis det var. Dei har støtta meg på ein heilt fantastisk måte, fortel ho.

 

- Burde hasj verta legalisert?

 

- Nei, eg er klart i mot legalisering. Men eg er for avkriminalisering av rusmisbrukarar, der ein kan ha lov å eiga så og så mykje til eige bruk. Portugal har innført denne ordninga der ein forsøkjer å hjelpa på eit tidleg stadium. Resultata har vore fantastiske, seier Junge.

Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Ho var ikkje mellom dei mest synlege rusmisbrukarane på Stord, men vart teke av politiet med narkotika. Dommen vart 4.000 kroner i bot og 60 dagar fengsel på vilkår.

 

- Eg skjønnar at politiet må gjera jobben sin, men dette er å gripa inn i feil ende av problemet. For kva oppnår ein med å fengsla rusmisbrukarar? Jo, at det får betre kontaktar i rusmiljøet. At denne politikken ikkje verkar må politikarane snart ta innover seg, seier ho.

 

- Kunne du ikkje berre ha teke deg i nakken og slutta med heroin?

 

- Om det var så enkelt, hadde det ikkje vore ein einaste rusmisbrukar i heile verda. Hos dei fleste eg kjenner som er rusmisbrukarar, ligg det veldig tøffe historier bak. Når ein vel å injisera gift i sin eigen kropp, gir det eigentleg eit sterkt signal om kor vondt den personen har det med seg sjølv. Å hamna der er ei desperat handling frå nokon som vil vekk, ha fred. Det er ikkje eit kjekt, men eit vondt liv.