Gå til artikkelen
Yngve Guddal (t.v.) og Anne Britt Straumsøy Brekke går så forsiktig dei kan over det smalaste partiet. Her gjeld det å stokka beina rett, om ein skal komma seg heilskinna fram.
Foto: ANDERS TOTLAND

Vårens vakraste eventyr

Det sildrar i bekken, inst i Tveitedalen. For nokre månader sidan var dalen kledd i snø, lysløypa preparert og skiglade i alle aldrar fylde området med aktivitet. No, ein kald søndagsmorgon tidleg i april - før sola har nådd å reisa seg over fjella - ligg lysløypa som ein naken traktorveg.

Jostein og Stine Saghaug frå Uskedalen, nyttar høvet til å fotografera med heimbygda i bakgrunnen.
Foto: ANDERS TOTLAND

Likevel plukkar me ski og stavar ut av takboksar og bagasjerom. Det skranglar i utstyr, og stemninga er god. Meir enn 30 personar frå store deler av Vestlandet er klare for tur. Men i staden for å festa skia på beina, stroppar me dei fast i ryggsekkar, der skiskoa alt ligg og ventar, og traskar av garde til fots.

 

Nesten 600 meter lenger oppe ligg snøen. Like mykje høgare enn det igjen ruvar toppen av Ulvanåsa, 1.256 meter over havet. Det er dit me skal.

 

Når ein snakkar om naturopplevingar, ser ein gjerne føre seg det vesle mennesket i møte med dei store kreftene. Langt på veg stemmer det med kjensla av å karra seg oppover det snøkledde fjellet. Som Gertrud Korff frå Lofthus seier:

 

- Det er noko med naturen, noko uendeleg. Du blir så liten, samstundes som ein kjenner ei slags tilhøyrsle. Det er jo vårens vakraste eventyr, det her, seier Korff.

Det er mange som finn vegen til Ulvanåsa på ein fin vårdag, både organisert og uorganisert.
Foto: ANDERS TOTLAND

Som regel går ho åleine, og er ikkje van med å gå på gruppetur.

 

- Når du går ein sånn tur som dette for første gong, kan det vera greitt. Men eg går helst åleine. Når eg først går saman med andre, er det fint at det er så mange som er med, for då går det an å gå litt for seg sjølv, i sitt eige tempo, seier Korff.

 

Det kjenner Gunnveig Breistein frå Stord seg godt igjen i.

 

- Du kan melda deg litt av og på det sosiale, i motsetnad til når du går med ein vennegjeng. Då blir du meir forplikta, seier Breistein.

 

Etter mange år utanbygds flytta ho nyleg tilbake til Stord, og hadde i utgangspunktet meld seg på turen til Ulvanåsa saman med sambuaren. Då han blei liggjande heime før avreise, valde ho likevel å pakka sekken og ta turen over fjorden. Det angrar ho ikkje på eit sekund.

 

- Det er så kjekt, og alle er så inkluderande. Dette kan eg godt gjera igjen, seier Breistein.

Gertrud Korff, flankert av Gunnveig Breistein til høgre, og far og dotter Jostein og Stine Saghaug til venstre.
Foto: ANDERS TOTLAND

Den verste stigninga gjer me unna i skogen, og så snart me når tregrensa, og det nærmar seg skitid, blir det lettare.

 

- Av turar som folk flest kan klara, er dette den finaste på denne tida av året, seier turleiar Gro Rusten Saghaug.

 

- Det er overraskande greitt å komma seg opp, seier Gunnveig Breistein.

Gertrud Korff held seg på trygg avstand til kanten, og held roa så lenge ho ikkje snur seg og kikkar ned. I bakgrunnen kjem Audun Eik susande på ski over det smalaste stykket.
Foto: ANDERS TOTLAND

Ho trur turen til Ulvanåsa er meir tilgjengeleg enn mange trur - og fryktar. For dei aller fleste er toppen av fjellet berre eit langt snøballkast unna når den største kneika kjem.

 

- Eg skulle til å ta ein selfie på veg opp, men då blei eg svimmel. Så eg droppa det, og konsentrerte meg å komma trygt over den siste biten, seier Gertrud Korff.

 

Det er nemleg berre nokre få meter frå kanten på den eine til den andre sida. Kjem du for langt ut, risikerer du i beste fall å skli langt, langt nedover skråninga. I verste fall endar du i Uskedalen. Her går fjellet rett ned, og snøfonnene kan lett lura ein til å tru at fjellet er breiare enn det er.

 

- Eg måtte prøva litt og kjenna etter, og prøvde først å gå på skoa. Men då kom eg ned i isen, og det kjende eg meg ikkje trygg på. Så det var berre å få skia på og lurka seg over. Men du vil helst ikkje komma på glid her. Det gjeld å planta stavane godt fast, seier Geir Morten Utskot.

 

- Du tar ikkje med folk som er utrygge over her, seier Utskot.

Frode Andersson poserer framfor stupet ned mot Uskedalen, medan Kåre Frøystein tar bilete. Til venstre står Audun Eik, som er meir oppteken av utsikta.
Foto: ANDERS TOTLAND

Gunnveig Breistein synest ikkje det var så ille som det høyrdest ut på førehand.

 

- Det spreidde seg liksom ei stemning i flokken. Men då eg gjekk over var det ikkje så gale, seier Breistein.

 

Det kunne ikkje vore mykje betre enn dette!

 

Geir Morten Utskot strålar på toppen av fjellet, godt og vel fire timar etter at turen starta. Attmed opnar Frode Andersson termosen og skjenkjer i koppen.

 

- No kjennest det herleg! Det er akkurat tid for ein liten gløgg, seier Andersson og tar seg ein god slurk.

Turleiar Mari Teigen Varanes set frå seg skia, og går heller til fots dei siste, smale metrane opp til toppen av Ulvanåsa.
Foto: ANDERS TOTLAND

- Eg har alltid med gløgg, året rundt. Eg kjøper inn før jul, så eg har resten av året, gliser oddingen som nyttar høvet til å nyta Folgefonna frå ein uvant vinkel.

 

- Sånne dagar som dette er det berre ein plass å vera. Det er på toppen av eit fjell, seier Utskot og speidar innover fjorden, med utsikt til heimkommunen, Kvam.

 

Anne Britt Straumsøy Brekke er heilt overvelda av utsikta frå toppen.

 

- Du ser alt her. Det er heilt utruleg. Rett og slett utruleg, seier Straumsøy Brekke og peikar på fjord og fjell og hav og isbre.

 

- Det finst mange fine turar, men eg har ikkje vore med på makan til dette. Her skal me tilbake til, seier Straumsøy Brekke.

 

- Sånne toppar har me ikkje i Odda, seier Kåre Frøystein og gjer seg klar for dagens største opptur: Nedturen.

Turgåarane har hatt pause ved hytta Dyrrindo, om lag 600 meter over havet. Der har dei skifta til skisko, lagt på skifeller og er klare til å få ski på beina. Men først er det nokre hundre meter igjen til fots, før det er nok snø til å losna skia frå sekken.
Foto: ANDERS TOTLAND

Etter om lag 600 høgdemeter til fots i skogen, får endeleg Frode Andersson kjenna snø under skia. Turleiar Mari Teigen Varanes utgjer baktroppen ut frå pauseplassen der ein skifta utstyr.
Foto: ANDERS TOTLAND