Gå til artikkelen
Foto: MARIUS KNUTSEN

Vender blikket mot straumen

Ho kunne fått ti millionar for butikken sin, men vel heller å satsa rundt to millionar for å stå på eigne bein.

Fakta

Namn: Arnhild Myklebust
Alder: 35
Sivilstand: Gift med Arne Valvatne. Saman har dei
dottera Ive (5) og Jarle (3).
Bustad: Nordbygdo, i barndomsheimen min.
Aktuell: Har avslutta samarbeidet med Synsam og driv butikken vidare i ny drakt under namnet Brilleriet.

Fem kjappe

Ein ting du tek med deg til ei aude øy?
Solbriller, sjølvsagt.
Uvane du vil bli kvitt?
Eg plar sovna på kino eller dersom eg og Arne skal sjå film. Det kunne eg jo tenkt meg å unngått.
Favorittmat?
Pappa sine komler. Eg får dei akkurat sjeldan nok til at eg gler meg kvar gong.
Perle i Sunnhordland?
Det må vera foreldra mine sitt småbruk på Håland, Tysnes.
Kva gjer du om 10 år?
Då har eg forhåpentlegvis utvida Brilleriet med fleire små butikkar. Målet er å opna ein ny filial på
Heiane før 1. mars.

- Eg må innrømma at det var eit freistande tilbod. Det kunne vore sutlaust å takka ja, men det var ikkje det eg hadde lyst til.

 

I 2005 GIFTA HO seg med Arne Valvatne. Det same året kjøpte dei brillebutikken i Torgbakken, som då hadde namnet Synssenteret Holmberg.

 

- Den gongen budde me i Oslo, og Arne var på sitt tredje år på psykologistudiet. Sjølv hadde eg fått meg ein kjekk jobb hos Krogh Optikk på Majorstua, og me såg difor føre oss at me skulle bu i Oslo fleire år framover, seier Arnhild Myklebust (35).

 

Ho fekk berre éi veke på seg, før ho måtte ta den endelege avgjerda.

 

- Der og då hadde me eigentleg ingen føresetnader for vita kva som var lurt å gjera, men me tok sjansen. Eg var oppteken av at Arne sjølv måtte kjenna på kva han hadde lyst til, og eg trur ikkje han har angra på valet.

Dei selde leilegheita i hovudstaden og kjøpte både butikk og einebustad på heimstaden Stord. Medan mannen Arne eig 46,67 prosent av aksjane i Myva AS, eig Arnhild 53,33 prosent. Det er dette selskapet som eig driftsselskapet Synssenteret Stord AS.

 

- Då eg tok over hadde Jan Holmberg allereie inngått ein samarbeidsavtale med Synsam, noko som den gongen passa meg bra. Fordi denne avtalen gjekk ut ved nyttår 2016, måtte eg ta stilling til om eg skulle fortsetja samarbeidet.

 

VEGEN TIL OPTIKARYRKET var heilt tilfeldig. Då Arnhild var lita og budde i Kviteluren på Stord, tenkte ho lite på brilleinnfatningar og synsundersøkingar. Då gjekk det mest i pianospeling på kulturskulen, teater, ho var med i ein detektivklubb og ein klubb i nabolaget som ho og fire andre jenter kalla 5-klubben.

 

- Me kalla oss 5-pop når me gjorde musikalske framføringar, og me vann faktisk Grand Prix på Rommetveit skule tre gonger. Den eine gongen framførte me ein song som me kalla bos, bos, bos, fortel 35-åringen.

 

Ifølgje Myklebust var premien ein 50-lapp på deling og ein unik sjanse for å samla bos i eit friminutt på skulen.

Foto: MARIUS KNUTSEN

- Me hadde mykje føre oss den gongen. Eg meiner me hadde klubbhus i skogen og me gav også ut ei slags avis.

 

Som lita var ho både pliktoppfyllande og snill, men ho kunne også finna på rampestrekar.

 

- Bror min seier eg var sint, men det er ikkje mitt inntrykk, seier Myklebust og ler.

 

Men ho kan hugsa ein gong faren blei sint på henne, då ho var i 8-9-årsalderen.

 

- Me hadde kjøpt oss ny bil, ein blå Honda, og eg kom på at me burde ha namnet mitt på den.

Dermed plukka ho seg ein stein, og rissa inn «Arnhild» i lakken.

 

- Det verste var at eg ikkje forstod at det var ein dårleg idé då pappa blei sint. Sjølv syntest eg var eit godt påfunn.

 

PÅ VIDAREGÅANDE hamna ho i same klasse som Arne, då begge gjekk på almennfag.

 

- Eg var ikkje så mykje med han i starten. Han var så liten, han var sein i puberteten! fortel den noverande kona.

 

Ho fortel at ho på den tida var mest oppteken av langhåra musikklinjegutar.

 

- Etter kvart som Arne blei eldre og lengre, og i tillegg var god å køyra bil, byrja me å vera meir i saman. Sommaren etter andre klasse var me kjærastar.

Sidan den tid har det vore dei to. Utanom ei vekes opphald då ho var på folkehøgskule, og han i militæret.

 

- Det er vel først når du mistar noko, du oppdagar kva du har. Arne er ein fin mann, seier Arnhild.

 

Fordi ho hadde planar om å bli siviløkonom, flytta ho til Bergen og byrja på BI. Her studerte ho grunnfag i bedriftsøkonomi.

 

- Ein dag, då eg og ei venninne sat bakarst i lesesalen, oppdaga eg at ho såg ting som ikkje eg såg. Difor tok eg ein synstest.

 

Vegen til optikaren skulle bli meir viktig enn ho først hadde sett føre seg.

 

- Eg syntest det såg så gøy ut! For det første er eg glad i realfag, og så er det dette med å treffa menneske i kombinasjon med interessa for mote. Difor bestemte eg meg for å flytta til Kongsberg der eg byrja på optikarutdanninga.

 

Om somrane hadde ho sommarjobb på Stord hos Synssenteret Holmberg, og slik gjekk det til at ho fekk førespurnaden om å kjøpa butikken ei stund etter at ho var ferdig med studiane.

Foto: MARIUS KNUTSEN

GRUNNEN TIL at samarbeidet med Synsam ikkje freista på den vidare ferda, var at kjeda ønska å blanda seg meir inn i den daglege drifta.

 

- No som Synsam er blitt så store, er det forståeleg at dei ønskjer å ha lik profil i alle butikkane sine. Men eg ønskjer å kunna tilpassa butikken til den lokale marknaden, og eg ser ikkje noko poeng med å vera eigar dersom eg ikkje får setja eige preg på butikken. Alternativet hadde vore å seld butikken til Synsam, for så å halda fram som dagleg leiar.

 

Butikken har gått med positive tal heilt sidan ho tok over. I 2015 omsette butikken for over åtte millionar kroner, resultatet før skatt enda på 1.050.000 kroner.

 

- Sjølv om butikken har gått bra, har eg teke ut lite utbyte. I staden har eg kvart år investert pengar i utstyr og oppgradering av butikken, som kjem kundane til gode, seier 35-åringen.

 

Ho fekk tilbod om ti millionar av Synsam, som ønskte å kjøpa butikken. I staden investerer ho no rundt to millionar i lokala på Vikjo og på Heiane storsenter.

 

- I starten tenkte eg at dette kunne vera ein fin sjanse til å gjera noko heilt nytt, og at eg kanskje skulle jobba som revisor i staden. Men då eg var på ein tur i Oslo i fjor vår, såg eg plutseleg føre meg korleis eg ville ha butikken min, i heilt ny drakt, seier Myklebust.

I prosessen med å utarbeida det nye konseptet har ho fått hjelp av stordabuane Jenny Kyvik og Ingrid Rommetveit, som driv designstudioet Paraply.

 

- Det var dei som kom på namnet Brilleriet. Det stod fleire namn på blokka, men etter kvart likte eg dette betre og betre. For det første er det ingen andre som har dette namnet i Norge, og for det andre føler eg at namnet symboliserer ekte handverk. Som bryggjeri. Me sliper framleis brillene våre sjølv her i butikken, og mange av innfatningane me sel er sett saman for hand, seier Myklebust.

 

HO HAR OGSÅ bestemt seg for å opna ny filial på Heiane storsenter, og utvidar dermed staben i bedrifta frå fem til åtte-ni årsverk.

 

- Målet er at den nye butikken skal opna 1. mars. Etter den tid pussar me opp butikken her på Vikjo, slik at kundane våre heile vegen har eitt tilbod hos oss. Men ein må ikkje tru at eg har tenkt å flytta til Heiane. Eg elskar Vikjo og det er denne butikken som er flaggskipet vårt.

 

- Ser du føre deg at det etter kvart poppar opp små butikkar med Brilleriet rundt om i landet?

 

- Ein skal aldri seia aldri, men foreløpig har eg nok med desse to butikkane.

 

No som ho kan bestemma heilt sjølv, blir det både ny type innreiing og endring av språket.

- Endeleg kan eg bruka nynorsk i profileringa vår. Det kunne eg ikkje då eg var knytt til Synsam. Eg kunne heller ikkje bruka sosiale media, men det kan eg no, seier Myklebust.

 

Ho trur elles ikkje det blir dei store forskjellane for dagens kundar.

 

- Men det blir nok meir jobb på meg framover, vedgår gründeren.

 

Ho legg ikkje skjul på at livet som småbarnsmor og forretningskvinne er travelt.

 

- Særleg hausten har vore hektisk. Etter vanleg arbeidstid prøver eg å vera med barna fram til leggjetid, men det er ikkje sjeldan eg og Arne sit ved kjøkenbordet, med kvar vår jobb-pc og eit glas raudvin. Då kosar me oss, seier 35-åringen.

 

- Har du nokon gong møtt skikkeleg motgang?

 

- Nei, eg har enno til gode å møta skikkeleg veggen. Det er klart det er utfordrande å ikkje få nok søvn som småbarnsmor, og eg møter også på problem frå tid til annan, men eg har alltid hatt ei litt barnsleg innstilling om at alt ordnar seg, om ein ser lyst på ting.