Gå til artikkelen
Tysdag sende Meteorologisk institutt ut fase A-varsel om høg vasstand på Vestlandet sør for Stad. Skjermgrabb: Meteorologisk institutt

Ventar vasstand på 2,2 meter

Slikt plar ikkje skjer ikkje oftare enn kvart 20. år, seier Anna Reistad ved Meteorologisk institutt.

Publisert 10.01.2017 kl. 15.44. Oppdatert kl. 15.48.

- Sist me hadde slike tilstandar var i 2005, under stormen Inga. Også det var 12. januar, så dette er litt spesielt, seier vakthavande meteorolog Anna Reistad ved Meteorologisk institutt.

Føre var

Dei varslar tysdag at det er venta høg vasstand ved flo om føremiddagen på Vestlandet sør for Stad, på førstkommande torsdag. Det blir meldt at det kan komma 60-75 cm over verdiane som er gjevne i tidevasstabellen.

 

Les også: Inge fortøyer båten sin før "Urd" kjem

 
- Me ventar at vasstanden blir 220 centimeter. Dette plar ikkje skje oftare enn kvart 20. år, seier Reistad.

 

Ho seier at rekorden blei sett 27. februar i 1990.

 

- Då målte me at vasstanden var 241 cm i Bergen. Bryggekanten i Bergen ligg på ca. to meter, så alt over dette flyt over, seier meteorologen.

 

Ho oppmodar folk om å følgja med på oppdaterte varsel, i tillegg til å sjekka båtar og utsette kjellarar.

Tre faktorar

Eit lågtrykk som ligg aust for Island i dag, tysdag, er venta å djupa seg og gå sakte søraustover. Dette lågtrykket er venta 965 hPa utanfor Nordvestlandet torsdag morgon.

 

- Det er tre særleg tre faktorar som spelar inn. Høg vasstand oppstår når det er fullmåne, sterk vind frå vest og djupt lågtrykk, seier Reistad.

 

Meteorologisk institutt melder at vêrsituasjonen er under auka overvaking og dei oppmodar publikum om å sjekka TV/radio/internett for oppdaterte meldingar.