Gå til artikkelen
Marie Engelsen Launes skal 1. april starta i ny jobb på Heiane. Dette biletet er henta frå ei messe i 2014.
Arkivfoto: MAGNE KYDLAND

Vert kommunikasjons­sjef i Maritime Clean Tech

Kommunikasjons­sjefen i Wärtsilä byter jobb.

Publisert 10.01.2017 kl. 05.00.

Marie Engelsen Launes (36) frå Stord er i dag tilsett som kommunikasjonssjef i Wärtsilä Norway. Men frå 1. april bytar ho jobb.

 

- Då startar eg som kommunikasjonssjef i Maritime Clean Tech, fortel 36-åringen.

 

Ho overtek etter Håvard Tvedte, som før jul vart tilsett som ny administrerande direktør på Sunnhordland museum.

 

Engelsen Launes ser fram til å starta i den nye jobben.

 

- Eg går frå ein veldig spennande jobb, til ein annan veldig spennande jobb. Det skjer veldig mykje interessant innanfor denne sektoren, fortel ho.

 

NCE Maritime Clean Tech Vest fekk før jul tildelt 20 millionar kroner til utviklinga av Urban Water Shuttle, også kalla «Sjøens Tesla».

 

- I min nye jobb skal eg mellom anna vera bindeledd mellom verksemdene i klyngja og dei ulike høyringsinstansane. Innanfor miljøteknologi skjer det veldig mykje spennande, seier ho.