Gå til artikkelen

Beintøff konkurranse

Publisert 23.11.2016 kl. 05.00.

I SLUTTEN av førre veke kom meldinga om at tapasrestauranten Casa di Spania har gått konkurs. I artikkelen som stod på trykk i måndagsavisa kjem det også fram at også andre restaurantar slit, medan andre framleis klarar seg godt. Nokre legg om konseptet, slik som Bakeriet Frugård. Der satsar dei no på konsertar, i staden for julebord. Og i dagens avis kan me lesa om Brygga 11, som kjem til å stengja dørene etter årets julebordsesong og berre ha ope i sommar- og julebordsesongen neste år.

 

NEDGANGEN i industrien og rekordhøg arbeidsløyse gjev kanskje ikkje så stor grobotn for nyetablering i restaurantbransjen. Dette påpeika me i vår, då fleire nye aktørar etablerte seg på Stord i løpet av kort tid, og me spådde at ikkje alle kom til overleva. Diverre fekk me rett. Sett frå eit kundeperspektiv ønskjer me størst mogeleg mangfald i bransjen, og konkurranse, noko som gjer at dei som driv må gjera sitt yttarste, både når det gjeld pris og kvalitet.

 

SAMSTUNDES veit me av erfaring at restaurantbransjen kan vera knalltøff, med små marginar. Oljekrisa gjer at restaurantar langs heile vestlandskysten slit med dårleg lønsemd, og mange må kasta inn handkledet. Med bedrifter på sparebluss vert det både færre restaurantbesøk og julebord, der firma spanderer på tilsette, kundar eller forretningspartnarar.

 

NETTOPP difor er det endå viktigare at privatpersonar støttar opp og brukar dei tilboda som finst lokalt. På same måte som me i denne spalta mang ein gong har mana til å handla lokalt, så vil me oppmuntra folk om å ta seg ein tur ut i blant. Ta neste søndagsmiddag ute, ta ein pubkveld med vener, gå på konsert, eller kva med å arrangera eit lite julebord i privat regi? Alt dette hjelper på med å halda dei lokale hjula - og arbeidsplassane - i gang.