Gå til artikkelen

E39 og kryssing av Lange­nuen

«Me i sunnhordlands­bygdene er ofte smålåtne, og set ikkje så store krav, men no,- no vil me reisa oss, og rista av oss motta­mjølet».

Publisert 22.12.2016 kl. 05.00.

Om lag slik ordla, no avdøde, og tidlegare ordførar i Kvinnherad, Aksel Kloster, seg på eit møte med samferdselskomiteen frå Stortinget, på Stord, ein gang på 90-talet. Deretter fortalde han komiteen i klare ordelag, kva samferdselsvyar/prosjekt som var viktige for Sunnhordland.

 

I dag er mange av desse prosjekta ein realitet. På plass er Folgefonntunnelen, Lukksund bru, Halsnøysambandet og Trekantsambandet m.m.

 

E39 Kyststamvegen skal vidareførast frå Stord mot Os. Kvar den kryssar Langenuen vil få stor innverknad på korleis Sunnhordland vil utvikla seg i framtida.

 

Les også: Vil heller ha brukryssing i sør

 

Det står mellom to alternativ. Det søre, mellom Jektavik og Hodnanes, og det midtre, mellom Raunholm og Neshamn.

 

Kostnadane og reisetida mellom alternativa er om lag like.

 

Frå Sunnhordlandsregionen er det tidlegare i prosessen signalisert, frå politisk, næringslivs-, organisasjons- og privat hald, at ein føretrekk søre kryssing av Langenuen. Denne gjev best nytteverdi og samfunnseffekt.

 

Søre kryssing av Nuen er det geografisk naturlege krysningspunktet sett i forhold til Kvinnherad si framtidige tilknyting til Stord. I plassen for å skremma livet av strandkrabben i fjæresteinane på Stord, for å leita etter alternative nye ferjestøplassar, bør politikarane sjå framover og heller nytta tid, pengar og kompetanse på å planleggja nytt ferjesamband Kvinnherad-Skorpo på Tysnes, og verkeleg leggja breisida i arbeidet for den søre kryssinga av Nuen.

 

I Sunnhordland har me eit rikt og variert nærings og kulturliv. Jo betre me blir samansveisa samferdselsmessig, jo enklare er det å bygga opp under ein felles bu- og arbeidsmarknad.

 

Søre kryssing vil også gje Tysnes betre infrastruktur, med alt positivt det inneber.

 

Huglarane vil med søre kryssing, framleis ha kort veg til Stord. Midtre kryssing vil gjer avstanden til Stord så lang at dei like gjerne kan dra til Os.

 

Les også: Her vil Statens vegvesen ha brua

 

Eg er redd ei midtre kryssing kan medføra at Sunnhordland blir delt i to, på langs. At både Tysnes, Kvinnherad og Huglo vil finna det enklare å reisa mot Os og Bergen. Kva då med regionssenteret for Sunnhordland på Stord?

 

Fram til 20. januar 2017 er kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar og private bedne om å komma med høyringsinnspel. Særleg er nytte og synergieffektar viktige å få fram.

 

Sjølv om mange har gjeve signal tidlegare, så er det no toget går. Ei god sak kan aldri bli framsnakka nok.

 

Mange, gode og tunge argument sendt inn til Statens vegvesen, for å visa føremonene med å kryssa Langenuen i sør, kan avgjere val av fjordkryssinga

 

Gode sunnhordlendingar, de som er glad i Sunnhordland, og ønskjer vera med å utvikla regionen vår til det beste for alle: Reis dykk, rist av dykk mottamjølet og gje klar beskjed om at den beste nytteverdien for både Sunnhordland, kyststamvegen og landet, får ein med å kryssa Langenuen i sør, mellom Jektavik og Hodnanes.

 

Øystein Huglen
Huglo