Gå til artikkelen

Ein siger for nynorsken

Publisert 30.11.2016 kl. 05.00.

STORTINGET vedtok førre veke samrøystes å be regjeringa å greia ut om elevar på ungdomsskulen skal ha rett til opplæring på eiga målform. I dag er det berre elevar på 1. til 7. trinn i kommunar der minst ti elevar ønskjer opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, som har rett til å høyra til ei eiga elevgruppe med eiga målform.

 

EI GRUPPE stortingsrepresentantar frå Vestlandet ønskjer at denne retten også skal gjelda for elevar på 8. til 10. klassetrinn, og no er dei komne eit viktig steg på vegen mot ei lovendring. Komiteen ber i innstillinga si regjeringa om å greia ut ei endring av paragraf 2-5 i opplæringslova og andre mogelege tiltak som kan sikra elevar på ungdomsskulen rett til opplæring på hovudmålet og høyra til ei eiga målformgruppe, og å komma tilbake til Stortinget «på eigna måte».

 

NOREGS MÅLLAG har rekna ut at det i dag er om lag 46 kommunar i landet med ungdomsskular der talet på nynorskelevar er så stort at dei etter lova ville ha rett til å gå i eiga elevgruppe om dei gjekk på barneskulen. Forslagsstillarane fryktar at dagens ordning skal bidra til at fleire skiftar språk frå nynorsk til bokmål mellom barne- og ungdomsskule.

 

DETTE ER sjølvsagt godt nytt for alle som brenn for nynorsk skriftspråk. I dag er det mange elevar som har hatt nynorsk på barneskulen som berre får tilbod om bokmålsopplæring når dei byrjar på ungdomsskulen. Erfaringane frå mellom anna Odda syner at språkdelt ungdomsskule hindrar fråfall frå nynorsken. Difor er vedtaket i Stortinget gledeleg og ekstra gledeleg er det at alle parti står bak vedtaket. Dette er ein solid siger for nynorsken.