Gå til artikkelen
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Eit felles ansvar

Publisert 19.12.2016 kl. 06.00. Oppdatert kl. 08.23.

DET NÆRMAR seg jul, og som alltid er det ikkje berre kjekt for alle. For dei som har lite frå før, anten det er materielle gode eller sosiale nettverk, blir kjensla av å ikkje vera ein del av det store fellesskapet ofte forsterka av den kollektive godstemninga som rår.

 

DÅ FRELSESARMEEN delte ut julemat før helga, stod køen ut døra. Det seier noko om behovet. Og mottakarane av maten er ei variert gruppe. Mange har flykta frå krig og naud, og har komme til landet for å finna ei trygg hamn. Som til dømes Samer Jamel frå Syria, som du kan lesa om i dag. Dagleg ser han bilete av heimbyen Aleppo, som blir bomba sønder og saman, medan verdssamfunnet sit stille i båten. Andre slit med rus, medan atter andre har mista jobben på grunn av nedgangstidene i oljebransjen. Felles for dei alle, er at dei har sine historier og sin bagasje. Alle treng hjelp.

 

SOM ME tidlegare har skrive, har det i år vore vanskelegare å få tak i nok mat til å dela ut, og me har oppmoda om å gje raust til julegrytene når ein kan. Det er gledeleg å sjå at også det lokale næringslivet her tar eit ansvar, slik me har sett fleire døme på i det siste, både med mat og klede til menneske som verkeleg treng det.

 

NÅR ME år etter år vel å fokusera på dei vanskelege sidene ved livet i samband med julefeiringa, er det ikkje for å øydeleggja stemninga for folk flest. I enden av historiene som blir fortalt, er det også eit ønskje om bevisstgjering. Mennesket lever ikkje av mat åleine. Nesten like viktig er det å få oppleva å vera ein del av fellesskapet. Det ansvaret kviler på oss alle, og det er ikkje alltid så mykje om skal til.