Gå til artikkelen
SIgmund Kroka oppmodar folk til å vera gode førebilete som fotgjengarar.
Illustrasjonsfoto:

Eit lys i mørke?

Publisert 29.12.2016 kl. 05.00.

Me er vel alle eit lys for ein eller annan. Kor lenge lyset brenn, veit me ikkje, men i nokre tilfelle sloknar det brått! Dette bør me tenkja på når me vandrar langs vegane i mørke vinterkveldar utan refleks, nokre tar ein snarveg over vegen utan å sjå seg om.

 

Ja ein kan gjerne sei at det er bilen som har stoppeplikt og slik er det, men i bilen set det og besteforeldre, fedrar eller ungdommar, ingen av desse hadde tenkt å køyra på nokon, men kanskje var dei uoppmerksam, kanskje var det glattare enn dei trudde og kanskje såg dei ikkje den mørk kledde personen som plutseleg dukka opp. Sjølv om bilisten har feilen og vil sitja med dårleg samvit, så hjelper det deg lite, dersom du vert sitjande i ein rullestol resten av livet. Tenk på det før du trør ut i vegen.

 

Me skal og vera førebilete for oppveksande slekt, men kva lærer me dei? Gå ein tur på Vikjo og sjå kor mange foreldre, besteforeldre eller andre som kryssar vegen på heilt andre plassar enn gangfelta. Er det slik me skal læra opp våre håpefulle? Eg er sjølv ikkje flink til å bruka vest, men eg er veldig bevist på å ikkje trø ut i gangfeltet før bilane har stoppa. Eg skal heller ikkje sei at eg er feilfri, når det gjeld å bruka gangfelta, men eg brukar dei minst 90 prosent når desse finst.

 

Ønskjer alle eit godt nyttår!

 

Sigmund Kroka