Gå til artikkelen
Kjell Larsen er ikkje nøgd med SIM sin praksis og pris i høve til å ta imot avfall frå private ved miljøstasjonane. Her er det Gisle Vik som leverer avfall ved miljøstasjonen på Heiane.
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Er SIM på lag med brukarane?

Når me veit at SIM er bygd opp med skattebetalar­pengar, er det «hårreisande» at SIM skal få lov til og utnytta den makt­posisjonen dei har, skriv Kjell Larsen.

Publisert 05.01.2017 kl. 05.00.

Eg har i alle år stilt meg undrande til at det kostar så mykje og levera avfall til gjenvinning på miljøstasjonane i kommunane i Sunnhordland. SIM bør ha gjenvinning som hovudmål, og SIM lyt sjå på det som blir levert på miljøstasjonane som ressursar. Attvinningsselskapet SIM har vel intensjonar om å vera eit selskap som byggjer på miljøsparande tiltak i regionen Sunnhordland.

 

Men det er noko som ikkje heng i hop, når SIM reklamerer med å ha intensjonar og ein profil som miljøressurs, med at brukarane i kommunen skal kunne få samla alt som omfattar ressursmidlar til gjenvinning på ein plass, som desse miljøstasjonane er tiltenkt. Folk som leverer inn saker på miljøstasjonen køyrer og sorterer sjølv. Og når folket sjølv har gjort grovarbeidet, tar SIM seg hemningslaust grovt betalt for denne tenesta, som eg meina nærmast burde vore gratis, ut ifrå miljøaspektet.

 

Det er på Stord eit nyoppretta selskap som har til forretningside å henta ting frå kjellar - garasje - bod - loft - dødsbu andre saker som folk vil levera på miljøstasjonen på Heiane. Detta verkar i utgangspunktet forlokkande, og eg tok kontakt med ryddefirmaet med tanke på å levera saker som eg ville fjerna frå garasjen til miljøstasjonen på Heiane.

 

Eg gjorde avtale med firmaet som skulle henta tinga frå garasjen min. Men det viste seg at det ikkje var så enkelt som eg trudde. Eg fekk beskjed frå ryddefirmaet at eg måte vera med i tømmerbilen deira til Heiane. Dette for at dei skulle få levert tinga som privat kunde. SIM hadde to priser: Ein for private og ein for bedrifter. Og for at SIM skal kunne skilja ut kven som er privat og kven som er bedrift må den som ein hentar hjå vera med til Heiane Miljøstasjon. Dette stadfestar han som driv leveringa til miljøstasjonen. Når ein får høyra noko så tullete, må ein få lov til å stilla spørsmålet styreleiaren i SIM: Blei dette i si tid vedtatt på «danskebåten»? Det ser slik ut.

 

Kan lesarane førestilla seg korleis eldre og funksjonshemma, i tillegg til folk som er på jobb, kan få problem med å få fjerna dette, «utan at det skal koste både sjel og skjorta?» Det er openbart at SIM bør og må kunna ha tillit til firmaet som hentar saker frå private for levering til miljøstasjonen.

 

Ein kan også stilla spørsmålet, kvifor ein må ha to ulike prisar på det som kjem frå husstanden som kan brukast til gjenvinning?

 

Det bør òg vera ein tankevekkjar for SIM, når Fosen Renovasjon i Sør-Trøndelag, tillèt levering av inntil tre kubikkmeter sortert avfall frå hushaldningane på miljøstasjonane gratis. Tilbodet er for å hindra at gjenbruk og avfall kjem på avvege, og samtidig auka fokus på gjenbruk og sortering. I motsetning tar SIM, 150 kroner per kubikkmeter for private hushaldningar. For bedrift er prisen 1.62 kroner per kg.

 

Er det slik å forstå styreleiar Sandvik: Er det er betre at folk som vil kvitta seg med ting, hiv det i naturen, eller i det beste fall i ein container som andre har leigt?

 

Når me veit at SIM er bygd opp med skattebetalarpengar, er det «hårreisande» at SIM skal få lov til og utnytta den maktposisjonen dei har, på den måten dei gjer.

 

No må SIM ta til vet og visa at dei er for folket, og ikkje sitja og utnytta den maktposisjonen som dei har, med vitlause reglar som folk flest ikkje kan fatta og begripa.

 

Kjell Larsen,
Stord