Gå til artikkelen

Fare for budsjett­smell

Publisert 28.11.2016 kl. 06.00. Oppdatert kl. 09.56.

TORSDAG KVELD vart Stord kommune sitt budsjett for 2017 vedteke av kommunestyret, og konklusjonen vart som venta: Koalisjonen går inn og reddar dei fleste førebyggjande tiltak, og opnar for å nytta eigedomsskatten til drift, i første omgang vedlikehald av bygg. Dette er nokolunde i tråd med det me skreiv etter at rådmannen kom med sitt budsjettframlegg, eit framlegg me karakteriserte som ei «lissepasning» til koalisjonen.

 

ÅRETS budsjetthøyringar har ført til stort engasjement. Koalisjonen har lytta til folket, og har dermed henta inn pengar til dei førebyggjande tenestene. Blant andre gode tiltak er å auka talet på lærlingar i staden for å redusera, og å syta for at det kjem lys i Landåsen. Fleirtalet vil også bruka 400.000 til lag og organisasjonar, og det er lagt opp til vidare støtte av Atheno.

 

FOR Å FINNA pengar til alt dette, vert det lagt opp til eit effektiviseringsprosjekt som skal spara inntil 0,5 prosent på den kommunale drifta. I tillegg har koalisjonen tru på eit betre år for næringslivet, og skrur opp skatteinntektene. Oppstart av fleirbrukshall i Sagvåg er framskunda frå 2020 til 2019, medan eitt av prosjekta som må ut av rådmannen sitt framlegg er 13 millionar kroner til å fiksa taket på Rackethallen på Vikahaugane.

 

MANGE VIL applaudera resultatet, men samstundes er det mange farar og små marginar ute og går. Stord går på ein solid skattesmell i år, og rådmannen har difor teke omsyn til dette i sitt budsjettforslag. Koalisjonen har heva skatteinntektene med ein million kroner, samstundes som dei forventar å spara inntil 2,75 millionar kroner på effektivisering av drifta. Dette gjev all mogeleg grunn til å ta høgde for ein solid budsjettsmell i 2017.