Gå til artikkelen

Farlege menn i trafikken

Publisert 06.01.2017 kl. 05.00.

135 MENNESKE mista livet på norske vegar i 2016. Det er 18 fleire enn i 2015. 117 av dei omkomne var menn og 18 kvinner. Sju personar omkom på hordalandsvegane i fjor, same talet som året før. Ingen av dødsulukke har skjedd i vårt distrikt.

 

SJØLV OM tendensen over tid er at det er stadig tryggare på vegane, er dette mykje meir enn tal og statistikk. Bak kvar einaste ulukke er det ein tragedie som rammar familie, venner, kollegaer og lokalsamfunn, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Han registrerer at det er ein stor overrepresentasjon av godt vaksne menn med for stor fart som fører til utforkøyringsulukker.

 

TRASS I fjorårets auke, er Norge eitt av dei landa i Europa med færrast trafikkdrepne i høve til innbyggjartalet. I Norge er talet 26 omkomne per 1 million innbyggjarar. Snittet i EU ligg på rundt det doble. Norge har i fleire år vore leiande innanfor trafikktryggingsarbeidet, og talet på omkomne blitt redusert gradvis frå år til år. I 1970 var det heile 560 personar som mista livet på norske vegar.

 

DET ER mange gode krefter som jobbar saman mot visjonen om «0 drepne og hardt skadde» i trafikken. Betre vegar, betre bilar, bruk av bilbelte, betre akuttmedisin, betre køyreopplæring og dermed betre sjåførar, betre folkeopplysning, ei solidarisk forståing for fellesskapet, i tillegg til politikontrollar, er faktorar som bidrar til at stadig færre døyr i trafikken, Difor oppmodar me alle våre lesarar om å køyra forsiktig også i 2017, og håpar at den lokale statistikken held seg like låg som i 2016.