Gå til artikkelen

Fleire ungdommar i konfliktråda

Publisert 11.01.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 12.15.

TALET PÅ konfliktrådssaker i Norge gjekk ned i fjor, men fleire ungdommar fekk straffereaksjonar. Totalt tok konfliktråda i Norge imot 7.439 saker i 2016, mot 7.691 året før. Men talet på straffereaksjonar mot ungdom auka med 16 prosent frå 2015 til 2016. Det blei i fjor registrert 52 saker med ungdomsstraff og 303 saker med ungdomsoppfølging, opplyser Konfliktrådet.

 

TENDENSEN er det same lokalt. Konfliktrådet i Haugaland og Sunnhordland, som dekkjer 13 kommunar, blant anna Stord, Fitjar og Bømlo, melder om ein svak nedgang i talet på saker, men fleire ungdommar får oppfølging. Men det er ein skilnad på våre kantar i høve til resten av landet: Medan det er seksuallovbrot som aukar mest på landsbasis, er det vald og trugsmål som dominerer lokalt.

 

ORDNINGA med ungdomsstraff eller -oppfølging blei innført i juli 2014 og har som mål å fanga opp ungdom mellom 15 og 18 år som har gjort seg skuldig i lovbrot og treng tett oppfølging over tid. Ungdomsstraff vert nytta for dei mest alvorlege lovbrota som elles ville føra til fengsel eller dei strengaste samfunnsstraffene. Reaksjonane består av eit møte der lovbrytaren møter dei som har blitt utsett for handlinga, og ein oppfølgingsplan som må følgjast.

 

KONFLIKTRÅDET i Haugaland og Sunnhordland har hatt hendene fulle i 2016, blant anna frå 11 til 27 ungdomsoppfølgingar. Samstundes var det ingen ungdommar som vart dømde til fengsel. Ungdomsstraff har såleis ein positiv verknad, og kan få unge på rett kjøl før dei utviklar ein kriminell løpebane. No er saksmengda så stor at det lokale konfliktrådet ber om ei ny stilling. Det bør dei få. For det kan verta dyrt å la vera.