Gå til artikkelen

Flytt fylkes­grensa

Publisert 09.12.2016 kl. 05.00.

I GÅR SA fylkesutvalet i Hordaland eit rungande ja til å slå saman Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane til ein stor Vestlandsregion. Problemet er at motstanden mot ein slik storregion blir større jo lenger sør ein kjem. Rogalendingane er slett ikkje klare for å sameina seg med andre vestlendingar, og mange meiner ein heller bør sjå sørover mot Agder. I denne veka sa fylkesutvalet i Rogaland nei til Vestlandsregionen.

 

NO TRUGAR leiar av Kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (Frp), med tvang dersom ikkje fylkestinget i Rogaland i neste veke seier ja til Vestlandsregionen. Han meiner det er viktig at Stavanger og Bergen hamnar i same region, og viser til at det til sjuande og sist er Stortinget som avgjer. Lenger nord på Vestlandet er folk meir positive til samanslåing, og i Sogn og Fjordane ligg det an til eit stort ja-fleirtal. Dette er også i tråd med innstillinga frå fylkesrådmannen, som meiner at ein også bør sjå mot Møre og Romsdal, dersom rogalendingane seier nei.

 

DIVERRE har mykje av debatten om storregion blitt overdøyva av språkdebatten, etter at fylkesordføraren i Rogaland ikkje ville godta nynorsk som administrasjonsspråk. Eigentleg har rogalendingane vore nokså arrogante i denne saka, slik dei også var då HSH vurderte å fusjonera med Universitetet i Stavanger. Vårt råd er difor å la Sør-Rogaland segla sin eigen sjø, teikna opp ei ny grense ved Boknafjorden, og innlemma Nord-Rogaland i den nye storregionen på Vestlandet. Slik sett blir me endå meir robuste på Vestlandet, utan at me treng å ha Sør-Rogaland med på laget.

 

SAMSTUNDES er det ein jobb å gjera for sentrale styresmakter, som ser ut til å gå på ein ny reformsmell. Det er ingen vits å slå seg saman berre på moro. Skal me bli ein ny og større region, må me også få tilført fleire statlege oppgåver, og ikkje minst arbeidsplassar.