Gå til artikkelen

Gje så det monnar!

Publisert 02.12.2016 kl. 05.00.

VED INNGANGEN til 2016 fjerna Kiwi den såkalla haldbarheitsgarantien. Den førte til at varer som vart tekne vekk ifrå butikkhyllene i god til før utløpsdato vart gjevne til Frelsesarmeen. No blir såkalla datovarer selde for halv pris i butikkane. Og mat som er på utløpsdato vert primært kasta. Ikkje berre hos Kiwi, men hos alle kjedene.

 

ENDRINGA i praksis førte til at Frelsesarmeen fekk mykje mindre mat å dela ut til trengjande. Fram til i fjor delte Frelsesarmeen på Stord ut mat to gonger i veka, tysdagar og fredagar, og på det meste var 40-50 personar innom for å henta proviantkassar. Fram mot jul var behovet endå større. På grunn av rutineendringa hjå Kiwi har no Frelsesarmeen så lite mat å dela ut at det berre vert gjort ein i veka, på fredagar. Langt færre møter opp, fordi dei veit at det ikkje lenger er så mykje mat å få.

 

DET ER ingen grunn til å tru at behovet for litt ekstra kosttilskot er mindre i dag enn for eitt år sidan. Stivbeinte reglar frå Mattilsynet hindrar butikkjedene i å gje frå seg mat som er nær haldbarheitsdato. Akkurat det blir for dumt i vårt forbrukarsamfunn, der forbrukarar blir oppmoda om å kasta mindre, og tenkja miljø. Her bør det gå an å gjera unnatak.

 

FRÅ OG MED 1. desember og fram til jul står Frelsesarmeen sine julegryter ute fleire stader i Sunnhordland. Frelsesarmeen må no i større grad ut og kjøpa mat til trengjande sjølv, og difor går store delar av inntektene frå julegrytene til dette formålet. Me oppmodar folk om å gje så det monnar. På den måten bidreg me til å halda oppe eit tilbod for dei som treng det aller mest, og som bur rett rundt oss i nærmiljøet. Me oppmodar også flest mogeleg om å melda seg som grytevakter, og dermed gjera ein liten innsats for å spreia litt ekstra varme i ei elles travel førjulstid.