Gå til artikkelen

Godt nytt år!

Publisert 30.12.2016 kl. 05.00.

2016 ER SNART over, og i helga går me inn i nytt år. Å summera opp eit år er ikkje lett. Preferansane er ulike, og det som er viktig for nokon, er mindre viktig for andre. Men for dei fleste tyder starten på eit nytt år også nye mogelegheiter. I dagens avis har me over seks sider samanfatta blinkskot frå skotåret 2016.

 

I SUNNHORDLAND har året vore utfordrande for mange. Arbeidsløysa er høg og fleire hundre manglar ein fast arbeidsplass å gå til. Dette er ting som eit nytt kalenderår ikkje løyser. I politikken er skiljelinjene veldig tydelege i kva medisin som skal brukast. Høgresida har vore skulda for einsidig å fokusera på skattelette, medan venstresida i større grad vil blanda seg inn i styringa av selskap som t.d. Statoil, og påleggja dei å velja norske leverandørar. Kva som er riktig, spørst kva ståstad ein har. Stord har fått mange millionar frå staten i krisemidlar. Dette er midlar som kanskje har vore med på å sikra eksisterande verksemder. Kritiske røyster meiner likevel at dette ikkje monnar for å skapa ny vekst.

 

ME LEVER i ei globalisert tid, og mange har peika på at det i framtida vil verta eit endå skarpare skilje mellom dei som har fast og trygt arbeid, og dei som er mellombels tilsette eller på kontrakt. Denne utviklinga vil me åtvara mot. Ho gagnar dei som sit i posisjonar, ikkje dei som er avhengige av ei fast og trygg inntekt. Det er lett å gløyma enkeltpersonar i jaget etter billige løysingar og store overskot. I samfunnsrekneskapen kan det gjerne gje raude tal og underskot.

 

PÅ LITLABØ Mottak bur det 50 ungdommar. Deira store ynskje for det nye året er å få bu i Norge og få norsk pass. Me er imponerte over korleis Stord-samfunnet har teke i mot ungdommane, og korleis dei er blitt inkludert inn i samfunnet. Dette varmar skikkeleg, og er ei ordentleg motvekt til det «brune grumset» som florerer i sosiale media og nettdebattar. Hjartevarmen på Litlabø skapar håp for 2017 på mange område. Godt nytt år!